Da bestefar blei sjuk, trykka Isak på «record»

2 hours ago 2



En ung gutt ser i kamera. på flere av bildene er han inne på et kostymelager.

Isak Erdahl på 18 år har laga film om bestefaren sin. No skal filmen visast på Tromsø internasjonale filmfestival.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen

Isak vaks opp med at bestefar var ein farsfigur. Den snillaste og beste han kunne tenke seg. Så stivna bestefar.

Seksåringar får leiker til bursdagen sin. Slim, PlayStation, Super Mario-pysjamas og store Kinderegg.

Isak Erdahl fekk eit kamera.

– Det er jo ei av dei gåvene eg hugsar aller best, smiler han.

På seksårsdagen sin, på sjølvaste 17. mai, kunne han springe ut i Tromsø sine gater og ta bilete akkurat som han sjølv ville.

– Eg fekk inga opplæring i korleis eg skulle bruke det. Eg kunne ingenting om foto. Eg fekk berre vite «der kan du sjå, sjå gjennom der, trykk der og ta bilete av alt du synest er fint».

Og det gjorde han. Isak forklarer det som at han ikkje kan få fram alt han vil med ord, men det er annleis med foto. Med bilete som kan fortelje ei historie han ikkje finn bokstavane for.

Akkurat den bursdagsgåva skulle bli viktig.

Men ikkje like viktig som bestefar.

Ein liten baby på filmsett

Den som får barn, veit kor viktig det plutseleg blir å fotografere alt som skjer. Første smil, første gong barnet smakar kokt grønnsaksmos, første gong pappa kastar barnet høgt opp i lufta.

Isak Erdahl vaks opp i ein familie kor nettopp det å dokumentere og fryse fast augeblikket har vore viktig.

Mamma Nina er sentral i nordnorsk filmbransje. Ho sender bilete av ein liten baby som er med på filmsett.

Babyen Isak Erdahl fremfor ei dør hvor det står "OBS! Filminnspilling pågår."

Isak var ikkje gammal da han blei tatt med på filmsett.

Foto: Privat

Sjølv tar Isak i mot NRK på eit kontor nede på brygga i Tromsø sentrum. Han har vakse seg mykje større enn den vesle babyen på bildet.

– Eg har vore med på sikkert 14–15 filminnspelingar, fortel han. Rundt han står kostyme, prøvedokker, symaskin og meir eller mindre organiserte rekvisittar som trengst til filmproduksjon.

En ung gutt ser i kamera. på flere av bildene er han inne på et kostymelager.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen

Mamma Nina har i fleire år hjelpt til med å finne skodespelarar og statistar til filmar med nordnorsk og samisk tilhøyre. Både seriar og spelefilmar har fått hjelp til både casting og kostyme frå dette vesle «familieselskapet».

– Mamma og eg er begge ganske opptatt av estetikk. Vi har nok litt forskjellig smak, men det finst mykje å prate om.

Sjølv om han berre er 18 år, har han hatt roller som auditionassistent til filmen «Snøsøsteren», kostymeassistent på den samiske filmen «Biru Unjárga» og skodespelar i krigsdramaet «Den tolvte mann».

Lista er imponerande, særleg når det er snakk om ein ung mann som kjem rett frå full skuledag på vidaregåande.

For historia Isak no skal fortelje handlar om å sjå, både med auga og med kamera.

En ung gutt ser i kamera. på flere av bildene er han inne på et kostymelager.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen

Plass til to på motorsykkelen

Otto Erdahl er mannen som har vore ein farsfigur for Isak. Så lenge Isak kan hugse har morfaren sprunge etter han med eit kamera for å filme.

– Han har jo filma heile oppveksten min. Det var mange gongar ei plage, men å setje meg ned og sjå dei no ... Det har vore ei ære!

Isak må flire litt når han tenker tilbake på den vesle guten han har sett på filmane til bestefaren. Ein sosial gut som skravlar og som går rundt utan mykje å vere uroa over.

Som dei fleste andre barn, rett og slett.

Det rolege og ettertenksame vesenet kom med alderen, trur han.

I oppveksten var han mykje hos besteforeldra. Dei var ein samansveisa familie. Han fortel om ein bestefar han hadde mykje respekt for. Ein aktiv og ivrig mann med fleire hobbyar.

– Han kunne jo springe sju mil om dagen.

Isak har mykje fint å seie om bestefar.

– Han er jo den mildaste og snillaste personen eg kjenner. Mykje snillare enn meg. Han ber på ein energi, ei ro som kan bevege eit heilt rom. Berre det å skulle be om saltet blir nærmast ei stor greie når det kjem frå han.

På bileta er dei to på veg til eit fiskevatn i skogen. Isak høyrer på bestefar som spelar gitar. Det er plass til to på motorsykkelen til bestefar, ein liten og ein stor.

Så kom år 2022.

Året som skulle endre alt.

En ung gutt ser i kamera. på flere av bildene er han inne på et kostymelager.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen

Blomstringa er over

– Eg vil at folk skal behandle han i kassa på butikken utan å tru at han er full.

Finmotorikken til bestefar er vekke. Han kan ikkje spele fingerspel på gitaren, munnspelet er lagt vekk.

I 2022 fekk bestefar Otto påvist Parkinson. Sjukdomen kan innebere skjelving, musklar som stivnar og ein kropp som i det heile tatt beveger seg saktare enn før.

Isak seier det er vanskeleg for andre enn dei aller næraste å prate med bestefar lenger. Det tar for lang tid å få fram ord, og musklane som skulle gitt trykk i røysta er svekte.

Korleis er det å vere nær nokon som blir sjuk på denne måten?

– Eg har tenkt på det mange gonger. Korleis kan eg seie det med éi setning, spør attenåringen retorisk.

Svaret har han sjølv.

– Eg ser jo rett og slett at han visnar i direkte tid. Han blomstrar ikkje lenger. Det er det vonde.

– Korleis har han takla det sjølv da?

– I filmen min snakkar vi om identitet. Og han seier jo ganske ordrett at han føler at identiteten blir tatt vekk frå han.

«Filmen min», ja.

Sjølvsagt skulle guten som fekk kamera i seksårsgåve rette kameraet tilbake mot mannen som hadde filma han heile oppveksten.

Men der bestefar fekk fotografere Isak si blomstring, er det no ein bestefar som visnar barnebarnet har dokumentert.

No skal alle straks få sjå det.

Otto Erdahl, tatt av barnebarnet Isak

Otto er bestefaren til Isak. Dette er filmplakaten til filmen «Bestefar».

Foto: Isak Erdahl

– Utruleg rørande

Isak ser ut i lufta. Han skal svare på korleis det blei ein film av det. Opptaka fanst, men kva no?

– Eg vil snakke litt om skulen.

I andreklasse på vidaregåande hadde Isak faget «bilde» som del av medie- og kommunikasjonsutdanninga. Ein lærar som er dokumentarist fekk sjå opptaka Isak hadde av bestefar.

Læraren såg at det var ei historie om det å vere pårørande, om å vere nær nokon. Og om små glimt av lys.

– Det å sjå håpet, treff enda fleire, fekk Isak høyre frå læraren sin.

Så jobba han med å setje den saman. Da han var nøgd, sende han den inn til Tromsø internasjonale filmfestival. Dei har eit eiga program som heiter «Film frå nord», der også lokale filmskaparar kan få prøve seg, tidleg i karrieren.

En ung gutt ser i kamera. på flere av bildene er han inne på et kostymelager.

Isak trur det er lurt å la små glimt av lys sleppe inn.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen

– At han skulle få den sjukdommen var jo sorga sjølv. Gjennom filmen har eg valt å leggje litt vekt på sjukdommen. Eller ... Eg har lagt ganske mykje vekt på den, forklarer Isak.

– Men vi er jo einige at han er mykje meir enn berre ein sjukdom.

Dei som har sett den, seier seg einige.

– Det er ein utruleg rørande film.

Astrid Aure jobbar i Tromsø internasjonale filmfestival. Festivalen plukkar kvart år ut eit knippe filmar, korte og lange, laga av filmskaparar frå nord. Her passa Isak sin film inn.

– Det er eit gripande portrett av ein bestefar, men også eit innblikk i korleis det er å leve med Parkinson. Den er imponerande godt laga, seier Aure.

Ei dame med rosa lue smiler i kamera.

Astrid Aure er ansvarleg for Film frå nord-delen av Tromsø internasjonale filmfestival (TIFF). Ho kallar Isak sin film rørande.

Foto: Jamie Michael Bivard / JMB Produksjoner

Ho fortel at begge visningane blei kjapt utselde.

– Å lage ein film er jo ein ting. Å vise den til eit stort publikum er jo det som er poenget for filmskaparar.

Eit heilt liv

Rundt 800.000 i Noreg er pårørande til nokon som treng hjelp. Det er vanskeleg å talfeste nøyaktig kor mange unge dette gjeld.

Filmen om bestefar Otto blei filma våren 2025.

No kunne ikkje filmen blitt laga på same måte. Bestefar har blitt for sjuk.

En ung gutt ser i kamera. på flere av bildene er han inne på et kostymelager.

For Isak er det viktig å sjå etter håpet.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen

– Mange gløymer kanskje å prate med den eldre garde. Men da begynner eg å tenke på: Kva er eit liv? Det er erfaringar og kulturen du har levd i, ansiennitet. Han mannen her har no 75 år med livserfaring. Det er ganske mykje. Det verkar i alle fall veldig mykje for meg.

– Kva tips har du da, om ein skal bli betre kjent med besteforeldra sine?

– Eg trur det handlar om å sjå forbi mykje. Om ein ser på eit gammalt menneske, så ser du på eit gammalt menneske. Men om du prøver å engasjere deg, ser du på eit heilt liv.

Heia!

Kva synest om det du las no? Har du innspel eller idear til andre ting eg burde skrive om?

Eg liker å skrive om folk, fenomen, finurlege ting og forskning - for å nemne noko.

Meld meg gjerne!

Publisert 27.01.2026, kl. 15.58

Read Entire Article