Det går stadig dårlegare med dei norske kioskane.
Dei siste 16 åra har om lag 60 prosent blitt lagt ned.
Men ein stad går trenden motsett veg.
Kiosk-kjendisane frå Ørnes.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Det verkar kanskje stille på hamna i Ørnes i Nordland.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Men inne i kiosken er det full sving. På få år har dei snudd skuta. Omsetninga er som aldri før.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Vi opna våre hjarte og augo for kva kundane faktisk vil ha, seier Net.
Ho heiter eigentleg Budsiree Srimueng, men alle kallar ho berre for Net.
Då ho og mannen hennar, Jøran Andersen, tok over kiosken for fem år sidan, oppdaga dei at det var på tide med forandringar.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Det verkar som om vi har treft veldig bra med alle avgjerd vi har tatt.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
I november sa Narvesen at dei i 2026 vil stenge 70 av sine kioskar. 400 tilsette vil bli påverka. Allereie er 11 kioskar stengt.
– Det er ein nedgang i både bemanna energistasjonar og kioskar. Med digitalisering har dei mista ein stor del av omsetnaden sin.
Virke
– Det er litt alvorleg, særleg der folk ikkje bur så tett. Då blir det veldig langt til næraste servicetilbod.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Så kva gjer kiosken i Ørnes rett?
Dei har kvitta seg med papiraviser og tipping og satsa meir på hurtigmat. Det var naturleg for Net sidan familien hennar i Thailand alltid har jobba med gatekjøkken.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Men det var fleire moglegheiter på å fornye seg enn berre å servere mat.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Eg kjøpte min første Labubu i 2023 i Thailand. Eg såg at det var populært, men det var jo Thailand. Vi likar jo alt mogleg slikt.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Det var først då ho kom heim og gjekk ut med nøkkelringbamsen på veska at ho forstod at dette kunne vere big business også i Noreg.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Då valde vi å satse på Labubu og opna ei nettbutikk. Vi taper ikkje pengar, men vi tener ikkje så mykje heller.
– Er de mest nettbutikk no, eller er de framleis ein kiosk?
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Overgangane blir meir flytande når ein må tilpasse seg marknaden slik vi må. Den gamaldagse kiosken er eg redd vi ikkje vil sjå mykje meir til.
Sofie Retterstøl Olaisen
Men det var ikkje berre nettbutikken som gjorde at dei blei kjend utanfor Ørnes sine grenser.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Vi brukte kontoen til Mix Ørnes på sosiale medium for å lage annonsar. Det gjeld å vere litt annleis, gjerne litt teit og by på seg sjølve.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Dei morosame videoane dei lagde for å reklamere slo raskt an. No er dei eit TikTok-fenomen.
Ofte legg barnefamiliar vegen om den vesle kiosken på Ørnes om dei ferierer i Nordland.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Dette var veldig imponerande å høyre. Men det er slik dei må gjere. Dei må jobbe ekstra hardt for å få eit kundegrunnlag, seier Bjarstad i Virke.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Mange kjem innom for å sjå oss og ta bilde. Ein gong blei eg kjent att på flyet til Gran Canaria.
Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
– Det er gøy, men eg blir òg litt flau. Eg kjenner jo ikkje dei, men dei føler dei kjenner meg.
– Det er jo artig å vere ein kjosk-kjendis. Det finst ikkje så mange av dei.














English (US)