Derfor gjer vaksenkjeft så vondt

1 day ago 1



Nyleg har fleire vaksne blitt irettesette. Av andre vaksne.

Som for eksempel byrådet i Trondheim, som vil få bilar bort frå sentrum og foreslår å dele byen inn i sektorar der du må køyre ut same veg som du kom inn.

I ein video, som har blitt hylla på sosiale medium, kjem det klar tale frå politiet under ei open høyring, om at all skilting i Trondheim sentrum burde blitt annullert og gjort på nytt.

I Oslo har folket nyleg blitt irettesett etter ei ulykke ved T-banen. Det var såpass mange skodelystne at nødetatane sleit med å komme seg til staden.

Då gav politiet og brannvesenet offentleg beskjed om at publikum var nøydde til å skjerpe seg.

Kan vere nyttig

Og ikkje minst:

Det er nok få som ikkje har sett Geir Aker, betre kjent som Fenriken frå «Kompani Lauritzen» på TV 2, irettesette andre vaksne på TV.

For eksempel i sesongen som går no, «Kompani Lauritzen: Tropp 4», der Fenriken reagerer kraftig på at ein rekrutt spyttar på oppstillingsplass:

«Det skjer aldri igjen! No må du skjerpe deg!», kom det frå Aker.

– Det er ikkje så ofte eg blir sett ut når eg får tilsnakk, men eg skjønte alvoret i å spytte på oppstillingsplass, sa rekrutten etter å ha fått tilsnakk frå Fenriken. Video blir brukt med løyve frå TV 2.

– Dette skjer jo i eit rammeverk, der vi ønsker å påføre menneske ei form for stress, og ei ansvarskjensle under press. Då kjem det hardt ut. Eg trur nok ikkje det er ein måte å nå fram i næringslivet eller det offentlege elles, seier han.

Fenriken meiner likevel vi kan ha godt av å bli irettesette, så lenge det blir gjort rett.

Men det kjem vi tilbake til. For først: kva er eigentleg vaksenkjeft, og har det noko for seg?

«Du blir litt sett ut, eigentleg»

NRK har snakka med folk på gata i Trondheim om kva dei synest om vaksenkjeft. Dette er nokre av svara vi fekk:

«Eg føler at når eg får vaksenkjeft, så blir eg litt flau.»

«Det er litt ubehageleg.»

«Du blir litt sett ut, eigentleg.»

En mann holder for ørene

«Eg har fått det mange gonger», seier ein av dei NRK snakka med om vaksenkjeft.

Foto: Mette Vollan / NRK

– Den vaksne som kjeftar på ein annan vaksen, set seg i ein posisjon av at «eg veit best» og «eg har rett til både å korrigere og å skjenne på deg». Det er altså veldig «hierarkiserande».

Det seier Ellen Andenæs, førsteamanuensis i anvend språkvitskap ved NTNU.

Det Norske Akademis ordbok beskriv ordet slik:

«Irettesetting gitt av ein vaksen til ein annan vaksen på ein måte som er typisk mellom vaksen og barn».

  • en kvinne som smiler til kameraet

    Ellen Andenæs

    – Å seie at «dette er eg på ingen måte samd i», er ikkje å kjefte. «Kunne du flytta sekken din, så eg får sitje?» til ein medpassasjer på bussen kan vera meir eller mindre vennleg. Det er tonen som avgjer. Tonen, blikket, kroppen. Vi har så mange ressursar i kommunikasjon.

Vaksne har ansvar for å oppdra barn, og det kan bety både å irettesette og skjenne på dei, seier Andenæs.

Ho fortel at vi mellom vaksne har ordet «tilsnakk», som har vore og er vanleg i mellom anna arbeidslivet og i idrett.

– Leiaren kan korrigere åtferda til tilsette, og fotballdommaren spelarane si. I begge tilfelle eit ansvar som er knytt til posisjonen som leiar eller dommar. «Vaksenkjeft» er noko anna.

– Som vaksen skal ein liksom ikkje få kjeft. Og å «kjefte» er jo å skjenne, gjerne på ein grov og uvennleg måte. Det er altså viktig å skilje mellom kjeft, skjenn, vennleg irettesetjing og til dømes usemje. Akkurat no er «vaksenkjeft» eit moteord, som lett kan bli brukt altfor breitt.

– Så lett å bli fem år igjen

Dora Thorhallsdottir er terapeut, komikar og forfattar. Ho seier at ho sjeldan opplever å få vaksenkjeft. Forutan under pandemien, då.

– Eg synest eg fekk det urimeleg ofte i pandemien. Då synest eg vaksenkjeft verkeleg kom fram ved at folk retta på andre: «Du står ikkje ein meter unna!» Då var det mykje av det, synest eg.

  • Dora

    Dora Thorhallsdottir

    – Sjølvsagt er det forskjell på kontekst. Det er jo ikkje alt som er kjeft, når du seier frå at nokon går over grensene dine, for eksempel. Det er jo mange grader av det vi snakkar om her, alt frå den ekstreme kjeftinga til det å seie frå om at noko ikkje er greitt.

Kjensla av å få vaksenkjeft er heilt forferdeleg, seier ho.

– Fordi det er så lett å bli fem år igjen, å miste evna til å formulere seg. For du blir så sett ut, og du blir som eit barn som berre står og tar imot.

Ho seier kjefting ofte blir knytt til foreldre som er sinte på barn. Nettopp derfor kjenner vi oss så små når vi får kjeft av andre vaksne, meiner ho.

– Vi minnest det ubehaget og vonde kjensler av avvising. Den verste kjensla vi menneske veit om er jo avvising, og då særleg frå dei vi er mest glad i og mest opptatt av at skal elske oss.

En mann holder en bamse.

– Det er ofte ein enorm sårbar setting å få kjeft som barn, så det er det som blir vekt som vaksen, og som gjer det så ubehageleg, seier Thorhallsdottir.

Foto: Mette Vollan / NRK

Thorhallsdottir seier det er forskjell på å bli irettesett på det du gjer og den du er.

– Det som gjer så vondt, er når du blir kritisert på at «du er heilt håplaus» og «er du heilt idiot?» Sånne type tilbakemeldingar er langt meir sårande og skadande enn «det du gjorde no er ikkje greitt», for då skil du sak og person.

Nyttig når tryggleiken er stor nok

Geir Aker meiner vi skal vere varsame med når vi bruker ordet «kjeft».

– Det går eit skilje mellom kjeft og tilbakemeldingar, meiner i alle fall eg. Det å i vaksen alder få ei tydeleg tilbakemelding på at ein har gjort noko dårleg, sagt på ein overbevisande måte, hamnar fort i kategorien kjeft.

Han trur vi alle kan ha bruk for å bli irettesette av og til, så lenge det kjem frå ein god stad.

– Når tryggleiken er stor nok i ein relasjon, så toler ein, trur eg, meir tilbakemelding før det blir kategorisert som kjeft. Så er det lurt å ha tilgang på varme når ein skal gi ei eller anna form for tilbakemelding, og at ikkje relasjonen står på spel kvar einaste gong.

En person i militæruniform står med hendene bak ryggen. Uniformen har emblem med symboler på skuldrene. I bakgrunnen er det trær og en bygning som gir kontekst til det utendørs miljøet. Lyset er varmt, noe som tyder på ettermiddagstid.

Fenriken meiner vi kan ha godt av å bli irettesette, så lenge det blir gjort rett.

Foto: Matti Bernitz, TV2

Og om du ønsker å irettesette nokon, har Fenriken nokre råd på vegen:

– Tipset for å gi tilbakemelding er å dele det i tre trinn: Vis til når og kvar det skjedde, deretter kva som skjedde, og så kva det gjorde med deg. Dei tilfella der det er mogleg å ha med ei oppfordring til slutt; kva kunne du ønske deg heller skjedde neste gong. Det kan skape eit betre klima.

Og sjølv om Fenriken ofte er den som iretteset andre eller gir kjeft, kan han også sjølv oppleve å få det.

– På jobb er det kanskje stoltheita som får seg ei ripe i lakken når eg blir irettesett eller får kritikk utan filter. Det er nok vondt på ein annan måte enn privat, der det enten er ein relasjon som er sterk nok til å tole det, eller at relasjonen blir sett på prøve. Uansett er det greitt å leite etter intensjonen bak kritikken eller kjeften, seier han.

Publisert 10.12.2025, kl. 20.05

Read Entire Article