– Det er utruleg kjekt. Eg blir så glad for alle dei fine tilbakemeldingane, seier Bjørg Tove Wiik.
Ho er designaren bak genseren som har florert på sosiale medium av folk som spør: «Veit nokon kvar eg finn mønsteret til denne flotte genseren?» og «Kva er namnet på denne, og kvar finn eg oppskrifta?»
For medan Ben Ward har budd avsides på ein høgdegard i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, har genseren han går med, teke ein heilt annan veg: Rett inn i Facebook-grupper, strikkepinnar og ønskjelister over heile landet.
Kven skulle tru at ein genser frå 1990 skulle få eit nytt liv over 30 år seinare? Ei som jublar over tilbakekomsten, er Bjørg Tove Wiik.
– Plutseleg såg eg det var mange som spurde kvar genseren kom frå, og då måtte no eg skrive at det var eg som hadde laga den, seier ho.
Frå Sandnes til Kroken
Rosendal er namnet på genseren som «alle» etterspør. Bjørg har i sitt 80 år lange liv hatt ei kjærleik og interesse for strikking. Året var 1990 då ho sat heime med fire ungar og trengde litt ekstra inntekt. Ideen kom til henne.
– Eg tok kontakt med Sandnes Ullvare og spurde om dei kunne vere interesserte i eit mønster. Det var dei, og det blei den aller første genseren eg designa for dei.
Genseren fekk namnet PG1738, og blei seinare trykt i fleire strikkebøker. Til slutt fekk den altså namnet den har i dag, Rosendal.
Wiik har fått mange hyggelege kommentarar av folk som synest genseren er fin og som gjerne vil strikke den sjølve.
Bjørg Tove Wiik, er kvinna bak Rosendal-genseren frå 1990.
Foto: Privat– Det er kjekt å sjå at folk liker det du lager. Eg har lagt hjartet mitt i den, så det betyr mykje.
Ho set ekstra pris på at «hovudpersonen» sjølv har falt pladask.
– At Ben Ward snakkar så varmt om den og har brukt den mykje er veldig koseleg å høyre. Han er jo for tida Noreg mest populære mann, seier Bjørg.
Genseren prydar framsida på Ben Ward sin nye bok – og då var det klart for Bjørg: den boka måtte ho berre ha.
Kjærleik ved første blikk
Ben Ward hadde aldri trudd at han skulle vere årsaka til at ein genser skulle få så mykje merksemd.
– Noreg har så mange fine genserar og design. Så eg vart litt sjokkert, men eg er ikkje overraska heller. Det er ein vakker genser.
For han var det kjærleik ved første blikk då han såg den i bruktbutikken på Geilo.
– Det var som å opne ei skattekiste. Eg forelska meg med ein gong eg såg genseren, fortel han.
Ben Ward iført den populære strikkegenseren som florerer i sosiale medium.
Foto: Raymond Lidal / NRKDen varme ulltrøya blei raskt ein del av imaget hans.
– Etter kvart forventa folk nesten å sjå meg i den. Eg synest det er heilt fantastisk at så mange no vil strikke den same genseren.
Strikkefeber på Facebook
Interessa stoppa ikkje ved TV-skjermen. Sandnes Ullvare, som i dag er Sandnes Garn, stadfestar at dei har merka auka merksemd etter genseren, særleg i romjula og over nyttår.
I Facebook-gruppa «Strikkesida for ALLE», med rundt 50.000 medlemmar, tok det heilt av.
– Det var enorm pågang. Mange spurde kvar dei kunne finne mønsteret, seier administrator for gruppa, Janne Wie.
Ho kjende igjen genseren og visste kvar ein skulle finne oppskrifta.
– Mønsteret finst i ei gul bok som heiter Strikk, som ein kan finne på Nasjonalbiblioteket. Det er gøy å sjå at gamle kofter og genserar kjem tilbake og bli populære igjen, fortel Wie.
Ben Ward og Mikael Nava frå NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Foto: Privat / NRKEin draum som lever
For Bjørg Tove Wiik har interessa gitt ny energi. I dag er ho 80 år og sit på ei rekkje strikkemønster.
– Eg har lenge hatt ein draum om å gi ut ei strikkebok saman med eit forlag. Eg har laga mange modellar gjennom åra, seier ho.
Wiik fortel at ho alltid har latt seg inspirere av naturen i arbeidet sitt, og at ho set stor pris på den fornya interessa som har kome tilbake etter så mange år.
Publisert 27.01.2026, kl. 16.13











English (US)