Dyrehagen Ueno i Tokyo fekk plutseleg veldig mange besøkande i dag.
I går skreiv fleire japanske aviser at dei populære pandaane Xiao Xiao og Lei Lei blir returnerte til Kina.
– Vel ... Eg er i sjokk. Det er berre det, seier 53 år gamle Mamoru Shimizu til nyhendebyrået Reuters.
Ho er ei av mange som har fått eit siste blikk av pandatvillingane før dei blir returnerte til Kina.
Fleire måtte sette seg ned i køen på veg inn til dyrehagen. Ventetida var lang.
Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTBKina-ekspert Hans Jørgen Gåsemyr trur det kan vere ei brikke i Kina sitt «pandadiplomati».
For sjølv om returen av akkurat desse pandaane har vore planlagt ei god stund, kjem nyhenda om returen midt oppi ei spent tid mellom dei to landa.
Panda som soldat for diplomatiet
Det blir første gong på 53 år at Japan står utan ein einaste panda.
Hiroyo Kashio er også på besøk i dyrehagen i dag. Ho har teoriar om kvifor pandaane blir returnerte akkurat no:
– Eg trur kanskje kommentarar frå statsministeren har hatt innverknad på dette. Men pandaar bør ikkje vere politiske – dei er symbolet på venskapen mellom Japan og Kina, meiner ho.
Det var ingen tvil om kva som var den mest populære attraksjonen i Ueno dyrehage, dagen etter at det blei kunngjort at pandaane må heim til Kina.
Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTBMen panda er faktisk politikk. Og det har vore det lenge.
Kina brukar panda for å vise kven som er diplomatiske allierte, og kven som ikkje er det.
Intensjonen med «pandadiplomatiet» er å ha pandaar på utlån og at dei skal returnere til Kina på sikt.
Hans Jørgen Gåsemyr er seniorforskar i Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og kan mykje om Kina.
Foto: Tom Balgaard– Om forholdet er bra kan utlånet bli lenger. Om det er dårleg kan det bli kortare, seier seniorforskar Hans Jørgen Gåsemyr ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Men denne gongen har Kina vald å ikkje forlenge utlånet.
– No er eit tidspunkt der Kina ikkje ynskjer å forlenge, seier Gåsemyr.
Han refererer til at dei siste vekene har forholdet mellom Japan og Kina blitt svært anstrengt.
Vil verne om Taiwan
For vel ein månad sidan kom den ferske japanske statsministeren Sanae Takaichi med eit kontroversielt utsegn:
Under eit hypotetisk kinesisk angrep på Taiwan kan føre til at Tokyo svarer militært.
Det er bensin på eit allereie brennande bål.
Statsministeren i Japan Sanae Takaichi har provosert Kina sidan ho tok posten i oktober.
Foto: Kim Kyung-Hoon / AP / NTBI dag, over ein måndag seinare, svarte Kina.
Talsperson for det kinesiske utanriksdepartementet Guo Jiakun seier i ei utsegn at Japan forsøker å tilsløre og rote ting til i viktige spørsmål.
Han gjorde det klart at Kina tek sterk avstand frå Takaichi sine tidlegare utsegn.
Gåsemyr seier at Kina har gjort ein tirade av grep for å demonstrere kor sinte og opprørte dei er.
I nokre tilfelle er det ikkje geopolitikken som bestemmer om pandaar skal heim att til Kina eller ikkje. Dyrevelferd eller tilstand på den enkelte dyrehagen, kan også ha innverknad på dette, meiner Gåsemyr.
Japan har prøvd å imøtekome Kina, men det har ikkje vore nok.
Samstundes har Takaichi og Trump funne tonen medan Kina og USA har hatt steile frontar med tollkrig.
Sanae Takaichi har hatt ein god tone med Donald Trump sidan ho blei statsminister i oktober.
Foto: PHILIP FONG / AFP / NTBDet diplomatiske forholdet mellom Tokyo og Beijing er på sitt dårlegaste på mange år.
Det er for så vidt ikkje noko nytt. Dei to asiatiske stormaktene har ei turbulent historie med fleire konfliktar. På 1890-talet og under andre verdskrig førte dei opne militære krigar mot kvarandre.
Sjølv om det er lenge sidan, ber forholdet mellom dei to landa preg av dårleg stemning enno.
Om dette er den direkte årsaka til at Kina trekk tilbake pandaane no er førebels usikker.
I nokre tilfelle er det ikkje geopolitikken som bestemmer om pandaar skal heim att til Kina eller ikkje, peikar Kina-eksperten på.
– Dyrevelferd eller tilstanden på den enkelte dyrehagen kan også ha innverknad på dette, seier Kina-eksperten.
For pandaengasjerte japanarar byrjar tida å renne ut for dei som vil sjå Xiao Xiao og Lei Lei.
Allereie 27. desember skal dei i karantene før dei blir sende tilbake til Kina 31. januar.
Interessert i å følge med på det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast:
Publisert 16.12.2025, kl. 17.59




















English (US)