Dette gangfeltet har fått internasjonal merksemd

2 weeks ago 17



– Det er heilt sjukt. Det skal eigentleg ikkje gå an.

Det seier Thor-Erik Stenberg, dagleg leiar i KFUM, når han står og peikar på gangfeltet.

– Nå skal vi gå over «sebrastripene», som det heiter i internasjonal presse. Det er den store snakkisen i norsk fotball, i norske medium og internasjonale medium. The Guardian hadde det på framsida. Der Spiegel har skreve om saka, det er ei vandrehistorie som går i europeisk fotball for tida, seier Stenberg til NRK.

Thor-Erik Stenberg

DAGLEG LEIAR: Thor-Erik Stenberg i KFUM. I bakgrunnen ser du både gangfelt og delar av KFUMs kunstgrasbane.

Foto: JØRUND WESSEL CARLSEN / NRK

– Har gode rutinar

Gangfeltet er truleg Noregs mest omtalte innmarsj, fotballspelarars veg frå garderobe og ut på banen.

På vegen ut på banen må spelarane krysse Ekebergveien.

Alt er mogleg, skriv The Guardian i sin sak om KFUMs eventyr til toppen i norsk fotball.

– Her skal dei gå over fotgjengarfelt og inn på kamp, og må stå og vente på bussen så folk kjem seg dit dei skal i rute, seier Stenberg med eit smil om munnen.

En buss kjører forbi gangfeltet på KFUM Arena som ligger mellom garderobene og banen.

MYKJE OMTALT: Spelarane på KFUM Arena må over dette gangfeltet for å komme til banen.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Blir det gjort noko ekstra for å sørge for at spelarane ikkje blir stoppa av heftig biltrafikk?

– Vi har gode rutinar for dette, vi har gjort det i mange år. Nå er det spesielle at eliteseriespelarar skal få oppleve overgangen.

OBOS ligaen 2021 KFUM- Ranheim. (2-1)

SPERRAR VEGEN: Når spelarane entrar banen blir stengd vegen for bilar med sperreband. Her er KFUM og Ranheim på veg inn til førstedivisjonskamp for tre år sidan.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Pussa opp for 20 millionar

I november rykte sensasjonslaget KFUM opp til eliteserien.

– Sidan da har det gått på høggir her. Det er kult å sjå at det kjem på plass, seier Stenberg.

I eliteserien blir ein rekke stilt krav, blant anna til lys, lyd, tribune storskjerm og andre fasilitetar. Stenberg og resten av klubben på Ekeberg i Oslo hadde mykje å gjere for å få stadion eliteserieklar.

Johannes Moesgaard, trener i KFUM

TRENAR: Johannes Moesgaard skal leie KFUM heime på Ekeberg for første gong til helga.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

KFUMs hovudtrenar Johannes Moesgaard frydar seg over å sjå at ting nå blir lagde til rette for å skape ei ordentleg ramme rundt KFUMs heimekampar.

– Viss du ser video frå kampane vi spelte på starten av sesongen i fjor, var det eit par hundre stykke som sit spreidd rundt på tribunen. Det er ikkje sånn ein vil ha det, det vi får nå er det vi vil. Det er det vi har trena for, seier Moesgaard.

– Totalkostnaden er opp mot 20 millionar. Det er ei stor investering, heldigvis har vi litt sparepengar. Så vi skal få det til, seier dagleg leiar i klubben.

Banen var ikkje klar til KFUMs første heimekampar. Dei har derfor spelt sine første heimekampar på Vålerengas heimebane. Kampen mot Brann søndag er første gong dei speler på den nye arenaen sin.

Mest pengar er gått med til å få tilstrekkeleg belysning. Banen blir nå omkransa av fire enorme lysmaster. Det utgjer om lag 10 millionar.

– Det er ei skikkeleg investering og eit utruleg løft. Ikkje berre for oss, men for heile Oslo-fotballen som gjer at vi kan spele TV-kampar på kveldstid.

Lyskaster ved KFUM Arena.

LYSKASTAR: Dette er éin av dei fire lyskastarane som nå skal gi tilstrekkeleg med lys til TV-sjåarane.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Publisert 28.04.2024, kl. 11.27

Read Entire Article