«Dobbel klimaavgift» skaper bråk: – Trugar framtida til norsk kystfart

3 hours ago 1



Ved kaien i Bygstad tar lageransvarleg Kjell Øvrebø oppstilling og speidar utover Dalsfjorden.

Du kan stille klokka etter fraktebåtane, seier han.

Eit godsskip frå Eidshaug Rederi legg til kai, og begynner å losse.

– Vi er heilt avhengig av desse forsyningane, seier Kjell Øvrebø.

  • En person står på dekk av et skip i snøvær, iført refleksjakke og arbeidstøy. Bakgrunnen viser en del av skipets struktur og utstyr. Snøen faller tett, og overflaten av dekket er dekket av et lag snø. Været indikerer utfordrende arbeidsforhold til sjøs.

    – Politikarane må forstå at nærskipsfarten er ein del av den norske infrastrukturen som betener distrikta, seier Jan Tore Eidshaug i Eidshaug Rederi.

  • En gaffeltruck laster store sekker om bord på et skip i mørket. Skipet har åpne lasteporter, og sekker står stablet klar for lasting. Omgivelsene viser en snødekt kai, og det er opplyst av lysene fra skipet og trucken. Det er kveld og mørke skyer i bakgrunnen.

    I forslag til neste års statsbudsjett legg regjeringa opp til å kompensere fiskeflåten for auka CO₂-avgift. Nærskipsfarten må på si side innstille seg på å betale både norsk CO₂-avgift og kvoteplikt gjennom EUs kvotesystem.

  • To store poser med stoff er stablet i et rom som brukes til lagring. En gaffeltruck i bakgrunnen heiser poser. En person i rød jakke er synlig i nærheten av trucken. Omgivelsene er innendørs, med metallvegger og belysning i taket.

    Frakteskipa er ei tradisjonsrik næring med djupe historiske røter, og ein del av blodomløpet langs norskekysten og inn i fjordane. Mange meiner det har ein verdi seg sjølv at denne infrastrukturen held fram på norske hender.

I sommar snudde regjeringa og droppa kravet om at fiskenæringa må betale CO2-avgift når ho fyller drivstoff i norske hamner.

Retretten kom etter at regjeringa erkjente at tiltaket verka mot sin hensikt:

Utsleppa auka fordi norske båtar køyrte lenger for å handle billigare diesel i utlandet.

CO2-avgifta på fiskeflåten blei derfor sett på pause fram til nyttår.

Sidan har fire parti på Stortinget – Frp, Høgre, KrF og Senterpartiet – tatt til orde for å fjerne CO2-avgifta på fiskeflåten heilt.

No ber folk langs kysten om at dei folkevalde også kjem fraktbåtane til unnsetning.

  • Omstridd klimaavgift skaper bråk langs kysten

    Astrid Willa Eide Hoem, statssekretær i Klima- og miljødepartementet, forsvarte politikken til regjeringa i NRK Debatten.

  • Omstridd klimaavgift skaper bråk langs kysten

Dobbel CO₂-skattlegging truar norsk kystfart

Ifølge Karsten Sprenger i Kystrederiene er den norske fraktenæringa i ferd med å knele under vekta av klimaavgifter.

Han viser til kombinasjonen av «den særnorske CO2-avgifta» og klimakvotane for norsk skipsfart, som blei introdusert i fjor.

– Ingen andre europeiske land gjer dette. Naboane våre har enten CO₂-avgift for ikkje-kvotepliktig verksemd, eller dei bruker kvotesystemet. Noreg er aleine om å kombinere begge, seier Sprenger.

Han legg til:

– Resultatet er at norske skip får millionbelastningar, mens utanlandske skip kan segle same rute utan desse kostnadene.

I dag er rundt 65 prosent av skipa i norske farvatn utanlandske.

  • Fleire personar sit rundt et bord i et møterom. Ein mann med grått hår i dress sit fremme med hendene på bordet. Det er ein uformell atmosfære med ein frokostbuffet i bakgrunnen. Møbla er moderne, og veggene har ein trepanelkledning.

    William Jobling / NRK

    Bjørnar Skjæran, Arbeidarpartiet

    Vi må ha ei ordning som er treffsikker, føreseieleg og rettferdig. Vi skal unngå klimapolitikk som bidrar til karbonlekkasje, men prinsippet om at forureinar skal betale, ligg fast.

  • ein person som taler på et podium

    Gorm Kallestad / NTB

    Marianne Sivertsen Næss, Fiskeriminister

    Målet med klimapolitikken er at dei som forureinar betaler, og i dette høvet ser vi at vi har ei utfordring med at folk unngår det. Også har vi jo ei CO₂-avgift med kompensasjon for fiskeflåtar, og han er jo tydelegvis heller ikkje god nok, i og med at folk tek desse omvegane og unngår å betale.

  • Ein arbeidstakar i gule arbeidsklede står utandørs mens snø fell. Bakgrunnen viser ein plattform med rør og utstyr. Bildet er tatt i et dårleg vêrforhold, som gir ein gråaktig atmosfære. Det ser ut til å vere ein kald vinterdag. Snorre Eidshaug

    Oddmund Haugen / NRK

    Jan Tore Eidshaug, Eidshaug Rederi

    Politikarane må forstå at nærskipsfarten er ein del av den norske infrastrukturen som betener distrikta. Når kysten er open for konkurranse, må rammevilkåra vere rettferdige. Fjernar vi CO₂-avgifta, står vi klare til å investere i nye skip og bygge opp tilbodet langs kysten.

  • Karsten Sprenger

    Preben Nedreberg Holmøy / NRK

    Karsten Sprenger, seniorrådgivar i Kystrederiene

    Naboane våre har enten CO₂-avgift for ikkje-kvotepliktig verksemd, eller dei bruker kvotesystemet. Noreg er aleine om å kombinere begge. Resultatet er at norske skip får millionbelastningar, mens utanlandske skip kan segle same rute utan desse kostnadene.

  • Reber Iversen – bilde av mørk mann med bart i forgrunnen, med stor sal med mange pc'er bak seg

    Reber Iversen / Privat

    Reber Iversen, Maritime Cleantech

    Utsleppa frå norsk skipsfart aukar. Ei negativ CO₂-avgift på grønt drivstoff kan utlikne prisgapet mellom fornybart og fossilt og få fart på omstillinga.

    Les heile kronikken i Energi og Klima

  • Odd Kristian Dahle

    CF Wesenberg

    Odd Kristian Dahle, Fiskebåt

    Berekningar som vi har gjort viser at ein kan redusere utsleppa med opp mot fem til 6 prosent viss ein fjernar CO₂-avgifta. I tillegg vil det gi fiskeflåten konkurransedyktige rammevilkår med andre land, sikre at fangstane blir leverte til norske mottaksanlegg og bidra til å oppretthalde infrastrukturen for bunkringsanlegg langs kysten.

Ikkje pengar att til nye og meir miljøvennlege skip

Snorre Eidshaug er dagleg leiar i Eidshaug Rederi.

Han seier at selskapet vil bruke 11 millionar kroner på CO2-avgifta i løpet av 2025, og at dei reknar med å punge ut 13 millionar kroner neste år.

Selskapet omset for rundt 100 millionar kroner i året.

– Når avgifta tappar oss for så store summar, forsvinn moglegheita til å bygge opp eigenkapital for investeringar i nye og meir miljøvennlege skip, seier han.

Ifølge regjeringa sitt omstillingsbarometer har utsleppa frå skipsfarten auka dei siste åra.

  • To personer står i en lagerbygning. Den ene personen har på seg en arbeidsjakke med refleksstriper og holder en enhet i hånden. Den andre personen har en gul og svart jakke og står ved en gaffeltruck. Store, hvite sekker fyller bakgrunnen av bildet.

    – Vi er heilt avhengig av desse forsyningane, seier Kjell Øvrebø. Her saman med Jan Tore Eidshaug (til venstre).

  • Et stort, rødt fartøy med navnet "SVEALAND" ligger til kaj i snøvær. Snøfnugg faller tungt over båten og omgivelsene. Vannet rundt båten er rolig, men gjenspeiler den grå himmelen. Omgivelsene er preget av vinterlandskap med snø på bakken.

    Eit godsskip frå Eidshaug Rederi legg til kai, og begynner å losse.

  • Fem personer står på et dekk med grønne gulvplater. To personer har på seg oransje arbeidsklær, mens de andre er kledd i svarte og gule arbeidsjakker. Omgivelsene er en stor, tom rom med hvite sekker i bakgrunnen. Ingen av personene har ansiktet synlig.

    Frå venstre: Lars Hindberg (maskinist), Stein Bakken (kokk), Sindre Hestø (utplasseringselev), Vegard Eidshaug (lærling), Jan Tore Eidshaug (skipper).

«Ferjerevolusjonen» i 2015 skapte optimisme i næringa, men suksessen har ikkje latt seg overføre til større fartøy. Resultatet er at det grøne skiftet på sjøen har stagnert.

Eidshaug erkjenner at det uansett ikkje finst moden nullutsleppsteknologi å investere frigjorde midlar i – om regjeringa skulle finne på å harmonisere avgiftsregimet med konkurrerande nasjonar.

Men det finst gode løysingar for meir effektive skrog og motorar. Vi får ikkje tatt i bruk noko av dette når økonomien blir eten opp av CO₂-avgifta.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)

Gå til NRKs Klimastatus

Publisert 20.11.2025, kl. 14.26

Read Entire Article