Det var tollvesenet som først varsla politiet om garden.
– Fleire gongar kom vindkast med ein eim som kunne minne om marihuana, fortel statsadvokat Per Morten Schjetne.
Måndag starta saka der mennene frå Polen står tiltalt for å ha produsert «ein svært betydeleg mengde» cannabis på ein gard i Indre Fosen.
Dei er også tiltalt etter den såkalla «mafiaparagrafen».
Politiet ransaka garden i november i fjor.
Foto: PolitietDen yngste av dei tiltalte er i 20-åra, mens den eldste er i 60-åra. Fleire av mennene er i familie.
Ein av dei tiltalte erkjenner straffskuld etter tiltalen, mens fire erkjenner delvis straffskuld. Dei to siste mennene nektar straffskuld.
Fann over 2000 plantar
– Ein kan trygt seie at det er eit grisgrendt område med lite trafikk forbi her, seier statsadvokaten om garden.
Politiet gjekk til aksjon mot garden i november i fjor.
Det skjedde etter at Tolletaten hadde varsla politiet.
– Bakgrunnen for at tolletaten var på adressa er samansett, fortel Schjetne.
Han seier det er fleire grunnar til at tolletaten haldt eit auge med nokon av dei tiltalte mennene.
Da Tolletaten følgde med på garden frå avstand høyrde dei ein dur frå garden. Dei kjende også lukt frå garden som kunne minne om marihuana, fortalde statsadvokaten.
Politiet blei da underretta og bestemte seg for å ransake garden same dag.
Ei luke i «klipperommet» førte ned til møkkakjellaren der plantene blei dyrka.
Foto: PolitietI møkkakjellaren i fjøsen fann dei store rom der cannabis blei dyrka.
I fjøsen fann dei også eigne «klipperom» der blada blei klippa av marihuanaplantane, og tørkerom der plantane blei tørka, fortel statsadvokaten.
Plantasjen var også utstyrt med lager og utstyr for å vakuumpakke det ferdige produktet.
Politiet fann 1392 plantar som stod i pottar, samt 640 tørka cannabisplantar.
Det tilsvarar 126 kilo «røykbart materiale», ifølge tiltalen.
Plantasjen hadde eit eiget tørkerom der plantane blei hengt til tørk før dei blei vakuumpakka.
Foto: Politiet– Truleg tre avlingar kvart år
Ifølge tiltalen skal dei sju mennene ha produsert over 2000 plantar cannabis i perioden september til november 2024.
Sjølv om tiltalen berre gjeld denne perioden, meiner påtalemakta at det truleg har vore produsert cannabis på plantasjen også før dette.
– Det er fleire funn i saka som underbygger at det har vore produsert cannabis over lang tid på denne garden, seier Schjetne.
– Dei siste åra truleg tre avlingar kvart år.
Ein av mennene kjøpte garden sommaren 2020 for 560.000 kronar.
Påtalemakta meiner hensikta allereie da var å etablere ein cannabisplantasje.
Statsadvokat Per Morten Schjetne er aktor i saka.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSchjetne viser mellom anna til at to av dei tiltalte blei stoppa av tollvesenet på Svinesund tidleg i 2021. Dei hadde da med seg 40 liter flytande gjødsel.
På garden blei det også funne eit aggregat som blei nytta for å gi straum til plantasjen.
– Det er altså stole i Agder i 2020, forklarar Schjetne.
Daniel Løstegård Olsen er dommar i saka som går i Trøndelag tingrett fram til 18. desember.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSmugla sprit for over 23 millionar
Seks av mennene blei pågripen da politiet ransaka garden i november i fjor.
Den siste mannen blei pågripen i Stokke i Vestfold i mars. Den siste mannen er i tillegg til å delta i cannabisproduksjonen også tiltalt for å ha smugla store mengder sprit og sigarettar inn i landet.
Totalt skal det ifølge tiltalen dreie seg om over 18.500 liter sprit og nesten 3,3 millionar sigarettar.
– Skulle ein ha kjøpt brennevinet og sigarettane på polet og i butikken hadde det kosta 23.6 millionar kronar, fortel Politiadvokat Bente Bøklepp.
Politiadvokat Bente Bøklepp fortel av ein av mennne bli pågripen på eit lager i Vestfold.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKStyrker innsatsen mot kriminelle nettverk
Politiet i Trøndelag fortel at dei i løpet av det siste året har styrka innsatsen mot kriminelle nettverk.
Mellom anna har dei oppretta eit eiget avsnitt med etterforskarteam dedikert til arbeidet mot kriminelle nettverk.
– Fellestrekk for fleire av sakene er at ein ser klare tilknytingar til personar og nettverk som opererer utanfor Noregs grenser, seier avsnittsleiar Hilde Gustafson i ei pressemelding.
– Noko som understrekar korleis kriminaliteten i aukande grad styres og koordinerast av utanlandske aktørar.
Ho seier dei arbeidar for å hindre at dei kriminelle nettverka får fotfeste i Noreg og Trøndelag.
Avsnittsleiaren peiker på at det er viktig å ramme bakmennene.
– Bakmennene blir avslørt gjennom langvarig, systematisk etterretning, etterforsking og internasjonalt samarbeid.
– I tillegg må vi heile tida ha fokus på å ramme dei økonomisk gjennom å inndra verdiar og jobbe for å hindre rekruttering av ungdom inn til nettverka.
Publisert 01.12.2025, kl. 13.07 Oppdatert 01.12.2025, kl. 13.52





















English (US)