Minst ti russiske dronar kom i natt inn i polsk luftrom i samband med eit angrep i Ukraina, ifølgje det polske forsvaret.
Statsminister Donald Tusk kalla regjeringa inn til hastemøte klokka 8.
– Situasjonen er alvorleg, og det er ingen tvil om at vi må vere førebudde på ulike scenario, sa Tusk etter møtet.
Han la til at situasjonen no ser ut til å vere under kontroll, og at han er i kontakt med allierte i Nato og andre allierte.
– Det er ingen grunn til panikk, sa han.
Sjefen for den polske generalstaben, Wiesław Kukuła deltok på hastemøte i den polske regjeringa.
Foto: Kacper Pempel / Reuters / NTB– Grensekrenkingane av polsk luftrom er fullstendig uakseptable og ei svært alvorleg hending, seier Eide til NTB.
Til NRK seier han at dette er ein situasjon som må takast på svært stort alvor.
– Vi treng meir informasjon om kva dette er. Blei det gjort med vilje eller var det eit uhell? Polen er nær alliert. Landet er også inngangen til Ukraina når det gjeld utstyr vi donerer og når vi reiser inn og ut av Ukraina, seier han.
Polens statsminister Donald Tusk (t.h.) saman med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.
Foto: Sean Kilpatrick / AP / NTB– Aggressiv handling
Donald Tusk seier at Natos generalsekretær blir fortløpande informert om korleis Polen handterer situasjonen. Nato-rådet har møte klokka 10.
– Dette er ei aggressiv handling som truar tryggleiken for innbyggjarane våre, skriv det polske forsvaret på X.
Alle polske tenester er sette i alarmberedskap, seier viseforsvarsminister Cezary Tomczyk.
Polsk politi melder at dei fann ein øydelagd drone i byen Czosnowka klokka 05.40. Det har også komme meldingar om funn i andre byar.
Angrep mot Ukraina
Det ukrainske luftforsvaret åtvara seint tysdag kveld om mange fiendtlege dronar over sentrale og nordaustlege delar av landet. Like før midnatt kunne ein høyre luftvernartilleri i hovudstaden Kyiv.
Det ukrainske luftforsvaret skyt ned dronar over hovudstaden Kyiv i natt.
Foto: SERGEI SUPINSKY / AFP / NTBDet blei også meldt at nokre dronar hadde komme inn i luftrommet over vestlege delar av Ukraina, på veg mot byen Lutsk. Litt over midnatt varsla luftforsvaret at dronane var komme over i polsk luftrom.
– Dronar i Polen, på veg vestover mot byen Zamosc, skriv dei på meldingstenesta Telegram.
Natos generalsekretær Mark Rutte.
Foto: ANTTI AIMO-KOIVISTO / AFPKort tid etterpå opplyste det polske forsvaret at dei sende militærfly på vengene for å sikre luftrommet i landet.
– Vladimir Putin held fram med å utvide krigen sin og teste Vesten. Jo lenger tid det går utan at han møter kraftfulle reaksjonar, desto meir aggressiv blir han, skriv utanriksministeren i Ukraina, Andrij Sybiha på X.
Fleire flyplassar blei stengde
USAs utanriksminister Marco Rubio er også informert om at russiske dronar har krenkt polsk luftrom, melder CNNs reporter Kaitlan Collins på X.
Chopin International Airport i Warszawa var stengd i natt, men blei seinare opna igjen.
Foto: KACPER PEMPEL / Reuters / NTBPolen har natt til onsdag også stengt fire flyplassar. I løpet av morgontimane blei alle opna igjen, men flyplassen i Lublin har auka beredskapen.
Publisert 10.09.2025, kl. 04.36 Oppdatert 10.09.2025, kl. 08.58