Ei veke igjen til jul – dette blir vêrvinnarane

1 day ago 9



Det er bere sju kalenderluker att til jul, men dette er nær ei æve i meteorologane si verd.

– Det er først på julaftan vi veit sikkert korleis vêret faktisk blir, seier vakthavande meteorolog Marit Berger ved Meteorologisk institutt.

Men vi lokkar henne utpå glattisen likevel – og her er hennar dom over julevêret 2025.

Aller først ei generell betrakting om vêret per no:

Om ei vekes tid får vi eit vêrskifte, og dagens lågtrykk blir erstatta av eit høgtrykk. Det vil føre til ganske rolege vêrforhold, forklarar meteorologen.

Frå det store biletet zoomar vi inn på dei ulike landsdelane. Trykk på ditt område for å hoppe direkte dit.

Sør-Noreg

Midt-Noreg

Nord-Noreg

Longyearbyen

... og vinnaren er

Sør- Noreg

Sør- Noreg vil få ganske roleg vêr. Temperaturane vil søkke og ligge rundt null grader. Nokre stader kan det også bli minusgrader.

Vind og nedbør blir det lite av. Vi får ein ganske tørr vêrtype, og ifølge meteorologen kan det vere dårleg nytt for deg som ønskjer deg eit snødryss til jul.

Men Berger tek ikkje alt av håp heilt vekk.

Det kan sjølvsagt drysse litt, men det blir i så fall ein bonus. I så fall vil det kome Austafjells.

Ho legg til at i fjella i Sør-Noreg vil det vere snø.

I hovudstaden blir det to-tre plussgrader julaftan, men dette er avhengig av skydekket.

Oslo sentrum, januar 2022.

Det kan koma litt snø, men det blir truleg ikkje kvit jul i hovudstaden.

Foto: Nadir Alam

Om det blir mindre skyer, kan plussgradene fort verte kuldegrader i staden for.

For nokre stader i Sør-Noreg ser det også ut til at sola kan kike fram julaftan, mellom anna i Førde.

Utover i romjula skjer det få endringar på vêrfronten, men det kan verte litt kaldare utover.

Det kan koma solgløtt i Hardanger på julaftan. Her ser du Sekse, Hovland og Sørfjorden i Ullensvang kommune.

Foto: Tale Hauso

Midt-Noreg

Kva vaknar så folk i Møre og Romsdal, Trøndelag og lengst sør i Nordland opp til julaftan?

Dersom det perfekte julevêret for deg er dalande snø, så blir du skuffa.

Den tørre vêrtypen innbyr nemleg ikkje til slikt. Vil du ha snø, må du opp i fjellet.

I likskap med lenger sør i landet vil temperaturane søkke her også, og det kan fort verte minusgrader.

Det blir rolege vêrforhold og lite vind.

ein liten nisse i vannkanten blå himmel og skumring

På Hitra i Trøndelag blir det truleg ikkje kvit jul.

Foto: Sissel Helen Stensø

Utover romjula kan det verte nedbør, men om nedbøren kjem som regn eller snø er usikkert. I alle fall når meteorologen tek ein nærmare kikk på Trondheim.

Snøgrensa i Midt-Noreg vil krype nedover og her må du ikkje like høgt til fjells for å få kvit jul.

Kikar sola fram julaftan?

Vrient å seie, men ingenting er umogleg, seier Berge.

Bildet viser en havn med lagerbygninger i forgrunnen og en kystlinje i bakgrunnen. Til venstre er det flere hvite og fargede bygninger, mens fjellene omkranser området. Vannet er rolig, og det er spor av bølger nær kaien. Himlene er delvis skyet, som gir et dempet lys over scenen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det er lite håp om kvit jul for Verpingsvika i Ålesund og resten av Midt-Noreg.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Nord-Noreg

Frå nord i Nordland og nordover treng du ikkje pakke deg inn i dei tjukkaste boblejakkene julaftan. Her vil nemleg temperaturen halde seg på plussida. Til dømes i Tromsø.

Vêret vil halde seg slik i den nordlegaste landsdelen første og andre juledag, men etter kvart vil det kome litt meir pålandsvind.

Det er også moglegheiter for nedbør utover romjula, men det vil truleg vere regn, ikkje snø.

Ei trøyst for nordlendingane er at mange har eit kvitt teppe utanfor stoveglaset sitt frå før.

I Tromsø er det per no ein halv meter snø, seier Berge.

ei ferje køyrer framfor snødekte fjell og oransje himmel

I Nordland ser det ut til gå mot plussgrader på julaftan, men snødekte topper som i Tjøtta vil ein kunne sjå.

Foto: Sissel Breiland

Longeyarbyen

Sist, men ikkje minst: Longeyarbyen.

Her blir det mykje vêr frå vest. Det ser ut som at dei får litt snø på julaftan, og temperaturane vil ligge rundt null grader, seier meteorologen.

... og vinnaren er

Og så til spørsmålet vi lurer på:

Kven er vêrvinnarane julaftan?

Det er litt vanskeleg å slå fast, slår meteorologen fast.

Ho peikar også på at det varierer kva vêr folk likar.

For min eigen del synest eg ikkje tre-fire plussgrader og regn i Tromsø freistar så mykje. Då freistar Sør-Noreg meir, sjølv om det ikkje er så mykje snø her, noko som eg er glad i.

Då ser det ut til at Svalbard blir det beste alternativet for meteorolog Berge.

Og så står det sjølvsagt att å sjå kva som blir fasit sjølvaste julaftan ... Jul vert det uansett, regn eller snø.

Publisert 17.12.2025, kl. 13.24

Read Entire Article