Eikrem er ferdig i Molde

21 hours ago 1



Det bekreftar Molde Fotballklubb onsdag ettermiddag.

Eikrem har i løpet av sin lange karriere spelt totalt 355 kampar for klubben.

Sportssjef, Ole Jakob Strandhagen, er tydeleg på at det er ein klubblegende som no takkar for seg.

– Magnus er ein ekte Molde-gut som har skrive seg inn i klubbhistoria med gullskrift, seier han i ei pressemelding.

– Han har vore ein fantastisk ambassadør for både klubben og regionen i ei årrekke, og er eit levande bevis på kva hardt arbeid, dedikasjon og lokal tilhøyrsle kan føre til, legg han til.

Det var Romsdals Budstikke som først melde at Eikrem hadde spelt sin siste kamp for Molde.

Ulike syn på vegen vidare

I ei pressemelding skriv klubben at dei har hatt eit ønske om å behalde Eikrem, men i ei endra rolle som er tilpassa klubben sin strategi for framtida.

Strandhagen seier at dei har hatt gode, lange og ærlege samtalar med Eikrem.

Ifølge han innebar tilbodet deira ei forlenging av spelarkarrieren, kombinert med ein gradvis overgang til ei trenar- og utviklingsrolle i det sportslege apparatet.

Vi ønskte å dra nytte av det unike fotballhovudet, blikket og erfaringa hans også utanfor bana for å byggje framtida, seier Strandhagen til klubben si nettside.

Ole Jakob Valla Strandhagen

Ole Jakob Strandhagen, sportssjef i Molde FK.

Foto: Molde Fk

Vidare seier Strandhagen at Eikrem har vore tydeleg på at han framleis ønskjer å satse 100 prosent som spelar på toppnivå. Og at tida ikkje er inne for å trappe ned speletida til fordel for andre oppgåver no.

– Det har vi stor respekt for. Sjølv om vi gjerne skulle sett at han vart med på reisa vår vidare, skiljast vi som vener med djup gjensidig respekt for det vi har oppnådd saman.

Det har så langt ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Magnus Wolff Eikrem.

Det er ikkje kjent kva fotballspelaren skal gjere no.

Lang karriere i Molde

Eikrem har spelt i Molde i ei årrekke.

Han starta i MFK i ungdomen før han gikk til Manchester United i 2006. Han var ein tur innom Molde igjen frå 2011 til 2013 før han signerte for Cardiff i 2014.

Eikrem har også spelt for Malmö og Seattle Sounders, før han returnerte til Molde i 2018.

35-åringen deler førsteplassen over talet på titlar i MFK, med fire seriemeisterskap og tre cupgull.

Publisert 10.12.2025, kl. 15.15 Oppdatert 10.12.2025, kl. 15.41

Read Entire Article