Politiet melde onsdag kveld om ei alvorleg ulukke mellom ein buss og ein varebil.
Kollisjonen skjedde på riksveg 19, som er innfartsvegen til byen. Vegen knyter Moss til E6, via Mosseporten.
Både politi, brannvesen og ambulanse rykte til staden, etter melding klokka 23:30 om ulukka.
På staden blei politiet møtt av ein buss som delvis stod i brann, og ein varebil.
– Det er desse to køyretøya som er involverte i ulukka. Det ser ut som det har vore ein frontkollisjon, der det kan tyde på at bilen har kome over i motgåande køyrefelt, seier innsatsleiar Joachim Myklebust.
Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.
Føraren av personbilen blei erklært død på staden, opplyste politiet i natt.
Ulukkesgruppa frå Statens vegvesen er på staden.
Foto: NTBTil legevakt
Det var åtte passasjerar om bord i bussen, som alle er fysisk uskadde. Dei blir tatt med til legevakten for undersøkingar.
Innsatsleiar Joachim Myklebust i Øst politidistrikt.
Foto: Odd Skjerdal / NRK– Ulukkesgruppa til Statens vegvesen byrjar no å jobbe, og politiet vil gjere sine åstadundersøkingar, seier Myklebust.
Vegen har i natt vore stengd på staden. Den blei opna litt før klokka 7.
Publisert 03.07.2025, kl. 00.30 Oppdatert 03.07.2025, kl. 07.36