– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle tru, men eg huska eg tenkte at dette var seriøst. Vi var veldig uroa, sa det 19 år gamle vitnet frå Norge i den store rettssalen i Central Criminal Court torsdag.
Han fortalde at han kjente den tiltalte 19-åringen gjennom fleire år saman på skule i Stavanger.
15. mars 2025, tre dagar før tiltalte reiste til England på drapsoppdrag for Foxtrot, møttest dei på ein fest i heimbyen.
Norsk 19-åring sende slengkyss i retten
Sjokkbeskjed på fest
– Eg spurde korleis det gjekk, for vi hadde ikkje snakka saman på ei stund. Så spurte han meg om eg kjente til «Foxes». Eg kopla det til Foxtrot-nettverket. Det var mykje om det i nyheitene i Norge, forklarte det norske vitnet på flytande engelsk til den britiske retten.
Så skal tiltalte ha sagt orda som gjorde han svært uroa.
– Han sa han skulle få masse pengar og at nokon kom til å døy.
Eit anna ungt vitne frå Norge overhøyrde samtalen på nokre meters avstand. Han fortalde retten at tiltalte sa «nokon kjem til å døy i kveld. Du veit, dei svenske revane».
Begge fortalde at dei visste 19-åringen hadde utfordringar med rusbruk, mellom anna cannabis og kokain.
Natt til 19. mars vart 19-åringen pågripen av væpna politi på eit hotellrom i Huddersfield i England.
På rommet hadde han ein semi-automatisk Luger 9mm og ein eldre revolver, og dessutan ein del ammunisjon.
Var på Foxtrot-oppdrag
Den norske 19-åringen frå Stavanger er tiltalt for «conspiracy to murder», altså for å ha vore med å planlegge eit drap i England, og risikerer i verste fall 45 år i fengsel.
Oppdraget kom frå Foxtrot-nettverket, via ein no forvaringsdømd 17-åring i Norge. Han skal ha blitt tilbydd 270.000 kroner.
– Han visste ikkje, eller brydde seg ikkje, om kven han skulle drepe. Alt handla om pengane han skulle få, sa aktor Alistair Richardson til retten onsdag.
19-åringen nektar derimot straffskuld, men har erkjent straffskuld for å ha to våpen i sitt eige då han vart pågripen.
Her viser han fram våpena: – Gjett kva eg nettopp henta
Eksen i retten – lukka auga
Også ekskjærasten til tiltalte, ei 18 år gamal kvinne, møtte i retten for å vitne i dag.
Ho hadde mykje kontakt med han både før og under reisa hans til England.
Det var ikkje lett for ho å hugse noko særleg av det som skjedde i mars i fjor, men fekk hjelp av utskrifter av nokre av chattane deira.
– Han fortalde meg at han hadde eit oppdrag, at han skulle få betalt og at han skulle skyte nokon. Eg visste ikkje kor, men at det skulle skje i England. Eg tykte det var ein dårleg idé.
Under store delar av vitnemålet hennar såg det ut som tiltalte lukka auga og kvilte hovudet mot veggen bak seg.
Det kom også fram at ekskjærasten hadde spurt om han hadde tenkt godt nok gjennom kva han skulle gjera.
– Då svara han at det ville være litt kult å drepa nokon og om han ikkje vart tatt, skulle vi feire, fortalde den unge kvinna.
– Trudde det var «scam»
Den britiske forsvararen gjekk kraftig til åtak på denne forklaringa og utfordra kvinna på at 19-åringen skal ha sagt «det ville vera kult å drepe nokon».
– Han sa vel ikkje det?, sa forsvarar Paul Hynes og viste til at kvinna ikkje sa dette i politiavhøyr etter arrestasjonen i mars i fjor.
– Kanskje ikkje akkurat at det ville vera kult, men ... Han ville drepa nokon, presiserte 18-åringen, tydeleg inn i mikrofonen i rettssalen.
Så viste han til dei delane av politiavhøyret som aktor ikkje nemnde. Han tok også fram for retten at både kvinna og tiltalte rusa seg ein del i mars i fjor.
– Du sa til politiet at du var skeptisk til at det faktisk kom til å skje? Og at han begynte å nøle etterkvart som det nærma seg? spurte forsvarar Paul Hynes.
– Ja, han snakka også om at han trudde oppdraget kunne være «scam». Han verka stressa og var litt fram og tilbake, fortalde kvinna.
Fotballtalent som byrja med rus
Dei to andre 19-åringane som vitna torsdag, den eine i retten og den andre på link, fortalde at den tiltalte var eit stort fotballtalent.
Så skal han ha begynt å ruse seg og få store utfordringar.
Det eine vitnet hadde høyrt at 19-åringen var innlagt på rehabilitering og spurde ved eit høve om det hadde vore bra for han.
– Då svara han at han ikkje hadde det bra og at han aldri hadde sniffa så mykje kokain som då, sa vitnet og fortalde også at tiltalte rusa seg mellom anna på hasj.
Også mora til 19-åringen har fortald om dette i intervju.
– Ekstremt redde
Prøvde å åtvare
Vitnet som møtte tiltalte på festen 15. mars i fjor, vart openbert svært uroa over det som hadde blitt sagt utanfor festen.
I chattemeldingar som politiet har henta inn, kjem det fram at han sende fleire desperate meldingar til tiltalte same kveld.
«Yo håpe ikke d e du som gjør handlingen! Stor straff!!!!! Vær forsiktig!!!!», skreiv han til tiltalte.
Den tiltalte, tydeleg frustrert, svarar at han ikkje skal «prate om dette. Til noen utenfor»
Litt seinare spurde vitnet «yo sånn ka e ditt mission? Sier det ikke videre, men kan du si hva det innebærer?».
Den tiltalte svarar at han skal fortelje det når han er tilbake.
Held fram neste veke
Ifølge den førebelse tidsplanen er det forsvaret som tek over bevisføringa frå onsdag neste veke.
Det betyr at den tiltalte 19-åringen kan få kome til orde. Men han får ikkje gi ei fri forklaring slik som er vanleg i norsk rett.
Han må svare på spørsmål frå den britiske forsvararen sin, før han også må rekne med å få spørsmål frå den britiske aktoren, Alistair Richardson.






English (US)