Dei elektriske hurtigbåtane køyrer lydlaust rundt blant øyane utanfor Florø i Vestland.
Men det grøne skiftet på sjøen har skapt mykje bråk.
Selskapet Norled drifter båtrutene. Kvar dag ting ikkje er på stell, får dei ei gebyr på 80.000 kroner av Vestland fylkeskommune.
Sidan i sommar har Norled fått gebyr i 100 dagar – totalt 8 millionar kroner.
Norled slit med å halde rutetidene dei lova, ifølge fylkeskommunen.
Men Norled er ikkje einige i saka – og sender fakturaene i retur.
Fylkeskommunen gir 80.000 i gebyr kvar dag noko ikkje er på stell.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRKElektrisk nøtt
Det er ti år sidan verdas første elektriske bilferje vart sett i drift på Sognefjorden.
I dag har over 40 prosent av norske ferjesamband minst eitt elektrisk fartøy, ifølge Norsk klimastiftelse.
Langt færre hurtigbåtar er elektriske. Hurtigbåtar køyrar ofte lengre og raskare enn tradisjonelle bilferjer.
Hurtigbåtar bruker mykje straum, og kan ikkje lade like ofte som bilferjer.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKDei brukar mykje straum, men får mindre tid til å lade.
Dette har vore ei teknologisk nøtt. Dei siste åra har likevel eit tjuetals elektriske hurtigbåtar blitt sette i drift.
Meiner hurtigbåtane går for sakte
– Ein innstilt avgang er full krise for ganske mange. Det snur opp ned på heile kvardagen, seier Terje Svardahl, som pendlar med båten.
Terje Svardahl pendlar med båten, og har fått sin dose båttrøbbel dei siste åra.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKIfølge fylkeskommunen er hovudproblemet at hurtigbåtane ikkje går hurtig nok.
Firdaposten skreiv om saka først.
– Grunnleggjande sett handlar dette om fart. Det er det som er bakgrunnen for forseinkingar, seier pressekontakt Øyvind Strømmen i fylkeskommunale Skyss.
Men Norled er ikkje einig i at dei kan lastast for dei bakanforliggande årsakene til låg fart, ifølge Strømmen.
Kven Norled meiner har ansvaret, svarar dei ikkje på. Kommunikasjonssjef Cathrine Gjeldsen svarar skriftleg svar til NRK:
– Vedtaket om dagbøter er uheldig og beklageleg. Vi jobbar hardt på fleire område for å få passasjerar og varer fram. Vi har direkte dialog med Skyss i samband med kontraktsforhold, betaling og fakturering.
Hurtigbåtane må ha tunge og store batteri om bord.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKBlør pengar
Professor i transportøkonomi, Gisle Solvoll, meiner teknologien er prematur.
– Det er jo ikkje bra for dei som skal reise. Men det er bra for miljøet, seier han.
Etter å ha satsa tungt på ny teknologi gjekk Norled over 800 millionar kroner i minus i fjor.
Liknande trøbbel finst fleire stader i landet. I Norland har det vore over 200 innstilte avgangar med to moderne hybridbåtar så langt i år.
No nedbemannar Norled.
– Slik den økonomiske situasjonen er no, er det diverre naudsynt, sa Norled-sjef Marianne Ånestad til Stavanger Aftenblad i oktober.
Norled skulle eigentleg kjøpe nye hybrid-hurtigbåtar som skulle brukast i Trøndelag. Heller ikkje her gjekk båtane raskt nok.
Norled kansellerte kontrakten om båtane, og båtbyggaren Brødrene Aa gjekk konkurs i vår.
El-piffen har gått ut
Ifølge Norsk klimastiftelse har utsleppa for ferje- og hurtigbåtsamband blitt halvert på ti år.
Det er Vegvesenet og fylkeskommunar som har gitt marsjordre om klimavennlege ferjer og passasjerbåtar.
Hurtigbåten Medstraum låg til kai i Stavanger i ein månad førre vinter.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKNo har pipa fått ein annan lyd. Nesten ingen stiller krav om null- eller lågutslepp av klimagassar i nye anbod for ferjer og hurtigbåtar, før regjeringa kjem med pengar.
Men det ser også ut som el-piffen har gått ut av regjeringa. Eit forslag om krav til nullutslepp for hurtigbåtar vart i fjor utsett på ubestemt tid.
For at det skal bli ei solskinshistorie, meiner professor Solvoll at staten må ta ein større del av den økonomiske risikoen.
– Og det må nok skje mykje på batterisida. For hurtigbåtar krev veldig mykje energi, seier Solvoll.
Publisert 19.11.2025, kl. 19.06



















English (US)