Enorme inntektsforskjellar – meiner Glimt-trenaren er underbetalt

1 hour ago 1



Årets utgåve av Eliteserien blei spennande og jamn heilt til siste slutt.

Større forskjell var det på kva dei ulike spelarane tente gjennom 2024.

Dei ferske tala frå skattelista viser at differansen mellom dei to beste troppane i år var gigantisk i fjor.

– Eg tenker det er heilt naturleg, er reaksjonen til NRKs fotballekspert, Carl-Erik Torp, når han ser tala.

Han peikar på Bodø/Glimt sitt eventyr i Europa dei siste åra.

I vår spelte dei semifinale i Europaligaen. Denne hausten har dei fått sjansen i seriespelet i Meisterligaen.

– Eg synest nesten forskjellen er mindre enn ein skulle tru med tanke på kor mykje pengar som har komme inn i klubbane, seier Torp.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp avbildet på fotballkamp i Istanbul

«HEILT NATURLEG»: Carl-Erik Torp kjenner avstanden mellom Bodø/Glimt og Viking nesten er overraskande liten.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Store avstandar

Jens Petter Hauge tronar øvst på inntektslista. I 2024 tente han over 17 millionar kroner.

Det er det ingen i den noverande Viking-troppen som kan måle seg med. Nærast er Kristoffer Askildsen med ei inntekt på 5,7 millionar, men han kom først til Viking i vinter.

Av spelarane som spelte for Viking i fjor, er det kaptein Zlatko Tripic som er nærast. Han hadde ei inntekt på 3,6 millionar.

En fotballspiller hilser på tilhengerne etter en kamp, mens fansen strekker ut hendene mot ham. Mange i mengden tar bilder med mobiltelefoner. Omgivelsene viser en fullsatt stadion med tilskuere som heier. Spilleren har på seg en unik drakt med lysere detaljer.

VIKING-KAPTEIN: Zlatko Tripic leia Viking til seriegull førre helg.

Foto: Carina Johansen / NTB

Tabellane nedanfor inkluderer alle spelarane i dei to klubbane som fekk speletid denne eliteseriesesongen, og dessutan trenarane.

Spelarar som Kristoffer Klaesson og Mathias Jørgensen er ikkje med ettersom dei ikkje skatta til Noreg i fjor.

* Spelte for ein annan klubb i fjor.
** Forlét klubben undervegs denne sesongen.
*** Blei henta halvvegs ut i fjorårssesongen.

Dersom vi legg saman dei to tabellane, står Bodø/Glimt for dei sju øvste plassane.

Om vi fjernar spelarane som ikkje representerte klubbane gjennom heile fjorårssesongen, er dei elleve øvste namna ein del av Bodø/Glimt-laget.

Jens Petter Hauge jubler for scoring

17 MILL: Jens Petter Hauge hadde ifølge skattelistene 17 millionar kroner i inntekt i fjor.

Foto: Lise Åserud / NTB

Men no som Viking stakk av med eliteserietittelen, er det fleire som trur at dei ferske seriemeistrane også vil merke det på utgiftsposten.

– Store delar av desse lønningane er prestasjonsretta bonusar. Det vil Viking no kunne forhandle fram med spelarane sine, seier TV 2 sin fotballekspert Yaw Amankwah til NRK.

For Viking er allereie sikra minst eit seriespel i Europaligaen neste sesong. Dei vil også berre vere eit dobbeltoppgjer unna å kvalifisere seg til Meisterligaen.

Millionane vil renne inn uansett utfall.

– Dei er smarte, dei er ikkje idiotar. Dei kjem ikkje til å sløse, men samtidig gir det ein kjempesjanse til å bygge endå meir, seier Amankwahs kollega, Simen Stamsø Møller.

To menn snakker i en mikrofon.

SPÅR AUKA PENGEBRUK: Simen Stamsø Møller (til høgre) kjenner seg trygg på at Viking nå kjem til å opne pengesekken. Her avbilda under Bodø/Glimts kamp mot Sturm Graz i Meisterligaen tidlegare i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sportssjef Erik Nevland har tidlegare uttalt til TV 2 at dei ikkje kjem til «å vere i nærleiken» av å bruke tilsvarande midlar som Bodø/Glimt.

Det kan fort vise seg at dei blir nøydde til å gjere om suksessen held fram, ifølge Amankwah.

– Skulle Viking heilt uventa klare å behalde ein spelar som Edvin Austbø, så må dei sprenge lønnstaket sitt.

– Om ikkje er han sikra ei fire-femdobling av inntekt i utlandet. Så glad er det ingen som er i klubben sin, trur eg, fortset han.

Og dersom Viking først bestemmer seg for å bruke midlar, meiner Stamsø Møller at alt ligg til rette for at det vil gå bra.

– Dei har veldig gode folk til å forvalte pengesekken, men dei kjem til å bruke mykje meir pengar enn dei gjer no. Det seier seg sjølv. Dei må jo satse her, seier eksperten.

– Ville vore ekstremt urettferdig

Det er ikkje berre blant spelarane at det er store forskjellar.

Det same gjeld på trenarbenken. Kjetil Knutsen tente ti gonger meir enn trenarduoen som leia Viking til første seriegull på 34 år, Bjarte Lunde Aarsheim og Morten Jensen.

Heller ikkje det reagerer Amankwah på – snarare tvert imot.

– Bodø/Glimt har inntekter som er nærare ein halv milliard i år, og alle i Bodø og Fotball-Noreg generelt vil seie at Kjetil Knutsen er ein gigantisk del av forklaringa på korleis det er mogleg. Då ville det vore ekstremt urettferdig om han ikkje fekk veldig, veldig godt betalt.

– Om vi snur på det, så er Kjetil Knutsen mest sannsynleg den mest underbetalte trenaren i Eliteserien, legg han til.

en mann som snakker inn i en mikrofon

«NOREGS MEST UNDERBETALTE TRENAR»: Yaw Amankwah meiner Kjetil Knutsen fint kunne tent meir etter det han har gjort for Bodø/Glimt.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Både Torp og Stamsø Møller er samde.

– Det er berre å sjå kor mykje meir klubben er verd no samanlikna med før han kom inn. Det reknestykket der er i Knutsens favør. Han har gitt meir enn han har tatt, ganske mykje òg, seier Torp.

– Den mannen sørger antakeleg for milliardar til norsk fotball. Ettermælet hans når han trekker seg tilbake eller byter klubb er at han har fått til noko heilt utenkeleg, både med eigen klubb og med norsk fotball, meiner Stamsø Møller.

Sjølv om det er fleire som står bak suksessen, er TV 2-eksperten tydeleg på at det aldri ville vore mogleg å oppnå det dei har fått til utan Knutsen ved roret.

– Det går ikkje an å meine at han tener for mykje pengar.

SAMSTEMTE EKSPERTAR: Kjetil Knutsen er verd kvar einaste krone.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samtidig understrekar Stamsø Møller at det er ein duo i Stavanger som no fortener ei langt større inntekt.

– Gutane fortener sjølvsagt ein lønnsauke. Eg tippar dei kan smile heile vegen til banken etter det her.

– Sånn eg kjenner dei, er ikkje dei veldig utolmodige med å komme seg vekk. Men Viking bør sørge for at dei blir sittande så lenge som mogleg. Der er harmonien total. Dei er veldig flinke, snille, herlege gutar som også fortener lønna si, fortset han.

Akkurat no tener Aarsheim og Jensen rundt 1,5 millionar.

– Dei bør i alle fall doble det. Går dei inn i Meisterligaen, får vi ei tre-firedobling, seier TV 2-eksperten.

To personer feirer med hevede hender ombord en buss, iført skjerf. En pokal står foran dem. Omgivelsene viser andre tilskuere og interiøret i bussen. Stemningen er livlig og triumferende.

KAN SMILE HEILE VEGEN TIL BANKEN: Simen Stamsø Møller kjenner seg trygg på at Morten Jensen og Bjarte Lunde Aarsheim vil få ein stor lønnsauke etter at dei leidde Viking til første seriegull på 34 år.

Foto: Carina Johansen / NTB

Langt unna dei største

Sjølv om Bodø/Glimt-spelarane har tent godt, er det framleis stor avstand til dei europeiske storklubbane som klubben konkurrerer med i Meisterligaen.

Benfica-stjerne Fredrik Aursnes, som gav seg på landslaget i 2024, tente rundt 49,5 millionar kroner gjennom fjoråret.

Landslagsmålvakt Ørjan Håskjold Nyland hadde også eit lønnsamt år. Han står oppført med ei nettoinntekt på 21,3 millionar.

– Det er heilt openbert at vi ligg ekstremt lågt i Noreg om vi samanliknar med Fotball-Europa, seier Torp.

Ørjan Nyland
Primeira Liga - Benfica v Casa Pia

SOLID INNTEKTER: Ørjan Nyland og Fredrik Aursnes.

Foto: Pedro Nunes / Reuters / NTB / Terje Pedersen / NTB

Amankwah dreg fram eit eksempel frå ein klubb som Bodø/Glimt møtte i Meisterligaen tidlegare i haust.

– Victor Osimhen i Galatasaray tener meir enn heile Glimt-troppen til saman.

Det meiner TV 2-eksperten er bevis nok til å forsvare lønnsnivået til det nordnorske maskineriet.

– Kjetil Knutsen kunne fint hatt 25 millionar i årslønn, og framleis ville det vore strålande butikk for Bodø/Glimt, seier eksperten og understrekar at det same gjeld Glimt sine best betalte spelarar.

Publisert 03.12.2025, kl. 15.11

Read Entire Article