Utkantkommune tok lurt grep: Ann-Helen og familien let seg lokke

50 minutes ago 1



Sambuarane Ann-Helen Tvedt Ekanger (32) og Erlend Steen Frimannslund (32) angrar ikkje eit sekund på at dei braut opp frå eit trygt liv i Stavanger for å slå seg ned i utkantkommunen Bremanger.

Ein kommune med knapt 3400 innbyggjarar som har hatt samanhengande nedgang i folketalet i 10 år.

Med store inntekter frå vasskraft, vindkraft og havbruk har kommunen økonomiske musklar, men har mangla folka. No brukar dei litt av inntektene frå naturressursane på å lokka tilflyttarar, og får skryt frå det nasjonale Distriktssenteret for måten dei jobbar på.

Ann-Helen Tvedt Ekanger (32) og Erlend Steen Frimannslund (32)

Sambuarparet Ann-Helen Tvedt Ekanger (32) og Erlend Steen Frimannslund (32) har nyleg flytta til Bremanger. Noko som er økonomisk lukrativt.

Foto: Bård Siem / NRK

Føler seg velkomne

I 2015 var det 3890 innbyggarar i kommunen, mot knapt 3400 i fjor. Men no har trenden endeleg snudd. Dei tre siste kvartala har folketalet auka med 31 personar.

– Vi føler oss veldig velkomne. Tiltaka frå kommunen var ein medverkande grunn til at vi valde å flytte hit no, seier Erlend Frimannslund.

Han har fått jobb som fagleiar på det kommunale Hamretunet bufellesskap for psykisk utviklingshemma i Svelgen.

Erlend Frimannslund saman med dottera Pernille

Pernille (2) saman med pappa Erlend Steen Frimannslund på småbåthamna.

Foto: Privat

30.000 i lønstillegg

32-åringen starta i den nye jobben for tre veker sidan og har fått eit lønstillegg på 30.000 kroner fordi han kom flyttande til Bremanger. I tillegg har dei fått gratis barnehageplass for dottera.

Sambuar Ann-Helen tek snart til i ny jobb på Nordfjordeid, men får arbeidsstad Svelgen i Bremanger neste år.

I dag leiger dei eit hus i Davik i Bremanger. Bestemmer dei seg for å kjøpe, vil dei få 200.000 i tilskot frå kommunen.

Erlend Frimannslund i leik med dottera Pernille

Nærleik til naturen er noko både far og dotter set pris på.

Foto: Privat

Får hjelp av «Gode Bremanger»

Politikarane opplever nedgangen i folketalet så negativt at dei bestemte seg for å ta grep. Nyleg starta dei prosjektet «Gode Bremanger» for å snu utviklinga.

Eit tilflyttarkontor og ein bemanningsbase er oppretta for å hjelpe folk å finne og velje Bremanger.

I prosjektet inngår støtte på 200.000 kroner ved kjøp av bustad, lønstilskot på 30.000, gratis barnehageplass og gratis fritidskort for barn og ungdom.

Vil vere attraktiv

Ordførar Anne Kristin Førde i Bremanger

Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) er glad for at det endeleg er folketalsvekst i kommunen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi jobbar for å gjere oss attraktive gjennom fleire tiltak og viser kva vi har å by på, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Frå ordførarkontoret ser ho ut mot fjellheimen der kraftinntektene kjem frå.

Ho meiner «Gode Bremanger» gir resultat.

– Eg trur tiltaka vi har sett inn er ei viktig årsak til folketalsveksten, seier ordføraren.

Kommunen slit med mangel på arbeidskraft, spesielt innan pleie- og omsorgssektoren.

– Hos oss finst det både jobb og bustader, seier ordføraren.

Guleslettene vindkraftverk i Bremanger og Kinn kommunar.

Guleslettene vindkraftverk i Bremanger har gjeve store inntekter til kommunen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

KS: – Få kan gjere som Bremanger

Marit Mellingen, direktør i Distriktssenteret i Sogndal, meiner «Gode Bremanger» er eit lysande eksempel på korleis det kan gjerast.

– Bremanger har jobba systematisk over tid med å lage gode lokalsamfunn. Dette er viktig både for å hindre fråflytting og få tilflytting, seier ho.

Marit Mellingen

Marit Mellingen, direktør i Distriktssenteret i Sogndal, meiner «Gode Bremanger» er eit lysande eksempel på korleis det kan gjerast.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Mellingen meiner økonomiske personretta tiltak er viktig, men at det er minst like viktig å legge til rette for opne og gode lokalsamfunn.

– Bremanger er god også på dette, seier ho.

Kommunar som ikkje har økonomi til å bruke pengar på personretta tiltak kan likevel vere attraktive, meiner Mellingen.

Styreleiar i kommunane sin interesseorganisasjon KS, Gunn Marit Helgesen, peikar på at få kommunar kan gjere som Bremanger. Seks av 10 kommunar gjekk med underskog i 2024.

– Det vanlege i Kommune-Noreg er kutt, avvikling av velferdstilbod og nedbemanning. Svært få kommunar kan tilby ordningar som Bremanger gjer, seier ho.

Gunn Marit Helgesen

Styreleiar i kommunane sin interesseorganisasjon KS, Gunn Marit Helgesen, peikar på at Bremanger er ein av få norske kommunar med god økonomi.

Foto: William Jobling / NRK

Kostar 10 millionar i året

«Gode Bremanger» kostar kommunen opp mot 10 millionar kroner i året. Men kostnadene går fint fordi kommunen får inn over 100 millionar kroner i året frå naturressursane sine.

Det gjeld hovudsakleg inntekter frå vass – og vindkraft og pengar frå fiskeoppdrett via havbruksfondet.

Administrasjonssjef i kommunen, Tom Joensen, peikar på at 100 millionar kroner er ein kjempestor sum for vesle Bremanger.

– Vi kunne aldri ha drive kommunen som i dag med inntekter berre frå skatt og rammeoverføringar. «Gode Bremanger» ville heller ikkje blitt noko av, seier han.

Publisert 03.12.2025, kl. 15.56

Read Entire Article