Er dette løysinga på den evige løypekonflikten?

3 hours ago 1



For å gjere lysløypa i Votndalen i Ål meir attraktiv, har frivillige gått saman for å oppgradere for fleire enn berre dei med ski på beina.

Lysa i den gamle løypa på rundt tre kilometer har vore der i 40 år, men færre og færre har spent på seg skia og tatt seg ein tur.

Det gjorde at dugnadsånda blei vekt til live blant hallingane.

Knut Arne Svarteberg står med henna i lomma og smiler til kamera utenfor en blå gammeldags dør.

Knut Arne Svarteberg står for dugnadsarbeidet med utvidinga av løypa saman med fleire andre.

Foto: Privat

– I haust har vi fått rydda vekk kratt og utvida brua, sånn at det går an å bruke trakkemaskina til skisenteret, som er naboen her, seier Knut Arne Svarteberg som er leiar for styret for lysløypa.

  • Kven har forkøyrsrett i skiløypene? Si di meining nedst i saka.

Legg seg på bakskiene

Overalt i Noreg oppstår det konfliktar i løypene. Ivrige mosjonistar irriterer seg over hundespor i snøen og avføring langs «trikkeskjenene». Hundeeigarar på tur kjenner seg jaga av skiløparane.

Men konfliktane oppstår også mellom ulike typar løparar.

– Det er ein del mosjonistar som legg seg på bakskiene og vil teste seg. Så får eg høyre: «Eg trudde du gjekk fortare, eg. Blir ikkje noko gull av dette», fortel Therese Johaug om beskjedane.

– Irriterer det deg?

– Ja, litt, men det er bra folk held seg aktive.

Hundevitreglar

For nokre år sidan var det derimot hundespor som irriterte Ole Wiik, styreleiar i Vindfjellsamarbeidet.

Frivillige brukte ti timar på å gjere skiløypene som dekker Vestfold, Telemark og litt av Buskerud, klare. Etter kort tid var det spor etter det dei trudde var lause hundar i 30 kilometer av løypenettet.

– Løypa såg ut som ein nypløgd kjøkkenhage, sa Wiik.

I Finnemarka har dei tatt grep ved å lage eigne «hundevitreglar»:

hUNDEVETTREGLAR

Plakaten blei laga av Arne Bøe, som sjølv er hundeeigar, og hadde opplevd både ulykker og nestenulykker på ski med hund.

Foto: Arne Bøe/Ellen Karin Moen / NRK

Fleirbruksløype

Saman med opp mot 20 andre har Knut Arne Svarteberg bretta opp erma og gjort det klart for fleire enn berre dei ivrigaste skiløparane i Ål.

Her er det også plass til dei som går på beina eller kjem seg fram på andre måtar.

En tråkkemaskin lager skiløyper. Det er mørkt, men en rød låve lyser opp fra lysene langs løypa.

Trakkemaskina jobbar på for at alle skal få plass.

Foto: Knut Arne Svarteberg / Privat

Til avisa Hallingdølen, som skreiv om lysløypa først, seier Svarteberg at ei slik fleirbruksløype er noko heilt nytt.

Tre firedelar av breidda er til å suse av garde på ski. Og den siste delen er for alle andre som kan krype og gå.

– Lyst til å gå på tur? Lufte bikkja? Ta ein ridetur? Kva som helst. Vi berre oppfordrar folk som bruker løypa vår til å ta omsyn til kvarandre, seier han.

Takkar for god hjelp

Sjølv om Svarteberget og styret ville gjere noko nytt med lysløypa, hadde dei ikkje flust med midlar til å spytte inn i prosjektet.

– Det er ikkje så mange inntektskjelder på ei sånn løype, forklarer han.

Derfor blir det meste gjort på dugnad, og dei pengane dei har brukt, har dei fått gjennom velgjerd.

Nå håpar dei at det lokale kraftselskapet kan hjelpe dei med å byte pærer på nokre av lampene som har gått.

En brun og hvit hund står i en lysløype. På bunnen av bildet stikker det frem to ski.

Både menneske og dyr nyt turen.

Foto: Geir Olav Liodden Sorteberg / Privat

For dei har verken midlar til å hyre inn nokon som kan gjere det, eller lov til å klatre opp i stolpane på eiga hand.

Alle i Votndalen håpar at det blir meir liv i løypa, og Svarteberget meiner det kan vere til glede for heile familien, enten ein liker best å gå bortover eller renne nedover.

– Det er mange som køyrer ungane sine til skiheisen og har lyst til å ta seg ein skitur mens ungane er i bakken.

  • Korleis kan vi alle vere «venner» i skiløypene?

Publisert 16.12.2025, kl. 10.57

Read Entire Article