Erik (63) blei redda etter to døgn: – Trudde eg hadde èin dag igjen

21 hours ago 4



Erik Meesters hadde aldri trudd at fjellturen med kona og dottera på Trollstigen sist helg skulle bli så dramatisk. Dei siste dagane har historia om korleis han gjekk seg vill ved Trollstigen gått verda rundt.

For etter to dagar blei han funnen – i live.

Då hadde han sjølv gitt opp, og trudde alt var over.

– Det er som å bli fødd på ny. Eg trudde eg hadde èin dag igjen, men brått opnar heile framtida seg. Det er som om du er fødd på ny. No treng eg berre eit norsk pass, ler han.

Meesters er no tilbake i Nederland etter ein tur han aldri kjem til å gløyme.

Då kona Leotine og dottera Merel snudde ved Trollstigen sist torsdag, heldt Meesters fram mot turmålet Stabbeskaret. Og sjølv om han er fjellvand, hadde både kle og rett utstyr, tok han feil i eit vegkryss medan uveret seig inn. Samtidig gjekk mobilen tom for straum.

Det kunne blitt fatalt.

Ein mann og to kvinner

Erik Meesters med kona Leontine (58) og dottera Merel (18).

Foto: privat

Låg ute i to døgn

Det var neppe mange som trudde at nederlendaren var i live då leiteaksjonen ved Trollstigen gjekk inn i sitt tredje døgn. Dårleg ver gjorde at politiet sleit med å bruke dronar og helikopter.

Dei sette likevel inn sitt viktigaste våpen: dei frivillige frå Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshundar.

På det meste var truleg over 100 raudkledde ute og leitte etter den ukjende nederlendaren natt og dag.

To døgn etter at han forsvann, blei han endeleg funnen, fem kilo lettare enn då han la ut på tur.

Anna Linnéa Storbråten i Røde Kors Hjelpekorps var den første som fekk auge på den kalde og våte turgåaren. Då hadde han lagt seg i skjul delvis under ein stein.

– Det er noko av det mest spesielle eg har opplevd. Å få sjå ein person i live som har vore ute så lenge, og det han har gjennomgått desse to nettene. Det er ikkje mogleg å beskrive.

Anna Linna Storbråten, Rauma Røde Kors har håret i en hestehale og rød jakke.
David Samuelsen, Anna Linna Storbråten og Eirik Brastad i Røde Kors smiler til kamera.

Eirik Brastad, Anna Linnéa Storbråten og David Samuelsen var alle tre med på redningsaksjonen.

Remi Sagen / NRK

– Vi tenkte jo på han heile tida, og vi kryssa fingrane for at han skulle bli funnen i live, seier Storbråten.

– Enormt letta

Den nederlandske ambassaden sende denne veka eit brev til politiet i Møre og Romsdal for å takke for innsatsen til alle som har deltatt i leitinga:

«På vegner av alle oss på den nederlandske ambassaden vil eg uttrykke ei djup takksemd frå hjartet til alle dei som modig og ubønnhørleg har jobba for å finne og redde ein nederlandsk turist».

Ambassaden skriv at den spektakulære norske naturen trekkjer til seg mange nederlandske turistar, som ikkje alltid forstår risikoen.

Ambassadør Ines Coppoolse seier ho frykta det verste.

– Etter to dagar utan resultat så skjøner ein jo at dette er vanskeleg. Difor var vi enormt letta då vi fekk telefonen med beskjed om at dei hadde funne han i live.

en kvinne i hvite klær

Den nederlandske ambassadøren i Noreg, Ines Coppoolse er svært takknemleg for innsatsen til leitemannskapa.

Foto: Yann Valerievich Belov / NRK

Meiner resten av verda bør lære

Den nederlandske turgåaren er djupt rørt over at norske kvinner og menn går ut og leitar etter totalt ukjende, for å berge dei ned frå fjellet og den visse død.

Han meiner resten av verda har noko å lære av dei frivillige i Noreg.

– Nordmenn er noko for seg sjølv. Dersom heile verda kunne lære litt av Noreg som tek vare på kvarandre og andre, ville det vore ei mykje betre verd og ikkje så mange konfliktar.

– Eg kjende meg forferdeleg overfor alle desse folka ... berre for meg, ein person. Samtidig var eg svært glad. Eg er takknemleg for Noreg og dei norske redningstenestene, seier han.

Anna Linna Storbråten klemmer nederlanske Erik
Anna Linna Storbråten står sammen med nederlandske Erik og en mann til

Erik Meesters og Anna Linnéa Storbråten møttes etter at han hadde blitt reddet og kommet seg til hektene.

Publisert 30.07.2025, kl. 17.44

Read Entire Article