Etter ein tøff dag på jobb får Stian hjelp – men ikkje Cecilie

3 weeks ago 39



Etter ein tøff dag på jobb er plastikkirurg Cecilie Lind glad for at bilturen heim tek 25 minutt.

– For då kjem det alltid nokre tårer i bilen.

På barneavdelinga på Haukeland universitetssjukehus tek Cecilie i mot dei minste pasientane.

Krevjande operasjonar, vanskelege val, uroa pårørande og sterke pasientmøte er ein del av den hektiske arbeidskvardagen.

Etter 20 år som lege har Cecilie vore nøydd til å finne sine eigne metodar for å prosessere dei tunge dagane.

– Det fungerer veldig bra å gå i skogen med hundane. Eller springe hardt på mølle. Då får eg det ut.

Smilande kvinne med brunt hår ser på hunden sin og held den bak øyrene.

Hundane lyttar alltid når Cecilie har ekstra mykje på hjartet.

Foto: NRK

Gjennom karrieren har ho aldri opplevd at det er ei rutine for psykisk oppfølging etter ei vanskeleg hending.

Det har kanskje vore ei oppfatning om at kirurgar skal tole alt. At du står i det.

Ein annan stad i Bergen er situasjonen ein heilt anna.

Brannvesenet har tatt eit kulturoppgjer og fått eit system for psykisk oppfølging.

  • ein person som held ein kopp

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Pålagt å prate om følelsar

    Stian Bjelland er underbrannmester på Åsane brannstasjon.

    Når han og kollegaane har vore på oppdrag er det obligatorisk debrief etterpå.

    – Og ni av ti gonger går det fint med alle. Men så er det den eine gongen. Å då få å luka ut han eller ho som ikkje synest dette var greitt.

  • ein mann som sit i ein stol

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Psykisk oppfølging sett i system

    Etter kvart oppdrag følger dei tilsette desse trinna:

    1. Obligatorisk debrief: Samtale om korleis ein har det etter hendinga.
    2. Kollegastøtte: Høve til å lufte tankane med ein kollega frå ei anna avdeling.
    3. Krisepsykolog: Ved behov set ein opp timar hos krisepsykolog.
  • ein person som held ein kopp

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Har vore gjennom ei kulturendring

    Men det var annleis då Stian starta i brannvesenet for 20 år sidan.

    – Ville vi lufte noko då, så kunne vi få i retur at vi hadde søkt jobben sjølve og at dette måtte vi tole.

    No pratar dei om følelsar kvar dag.

    – Vi har fått litt vekk den der «macho brannmannen». No har vi faktisk følelsar.

Men kvifor heng legane framleis etter?

Tøffe tak

Med lang erfaring har Cecilie blitt robust. Men nokre pasienthistorier går likevel innpå ho.

kvinne med kvit legefrakk og grønn legetrøye.

I den hektiske arbeidsdagen på sjukehuset er det lite tid til å prate ut.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Då eitt år gamle Lana fekk kjøtetande bakteriar var det berre kniven som kunne redde ho.

Cecilie måtte skjære vekk meir og meir av dei vesle beina.

Det var veldig tøft. Det er eit lite barn, då er det vanskeleg å berre vere kirurg.

Men det gjekk bra. Og Cecilie gjekk til neste pasient.

Først eitt år seinare oppdaga Cecilie kor mykje hendinga hadde gått innpå ho. Då ho var med i serien Barnesykehuset.

Lana har fått ein spesiell plass i hjartet til Cecilie.

– Eg klarte ikkje å snakke om det utan å grine.

Tilfeldig oppfølging

Ingeborg Henriksen, leiar i Yngre legars forening, trur oppfølginga legane får varierer veldig frå stad til stad.

– Og fleire stadar er nok tilbodet litt mangelfullt.

Ingeborg Henriksen, leiar for Yngre legers forening. Blond kvinne med briller ser i kamera.

Arbeidsstadane må ha tid og verktøy til betre oppfølging, meiner Henriksen.

Foto: Sturlason AS Polyfoto / Yngre legers forening

Arbeidsmiljølova seier at alle har rett på eit forsvarleg fysisk og psykisk arbeidsmiljø.

Det ansvaret meiner Henriksen ligg på leiinga på dei ulike arbeidsstadane.

Då må ein ha rutinar for å følge opp tilsette når ting blir vanskeleg eller når feil skjer. Og der trur eg det er rom for forbetring.

Eit kulturproblem

Lege og seniorforskar, Karin Isaksson Rø, meiner at legar ikkje har hatt ein kultur for å prate om det som er vanskeleg.

Karin Isaksson Rø, lege, rådgjevar ved Villa Sana og seniorforsker i legeforskingsinstituttet. Voksen kvinne med kort blondt hår ser i kamera.

Karin Isaksson Rø er utdanna lege, seniorforskar ved LEFO og rådgjevar ved Villa Sana.

Foto: Sturlason

– Det har vore ei oppleving av at ein skal greie seg sjølve.

Henriksen trur det er eit resultat av at det tidlegare har vore stor konkurranse på arbeidsmarknaden.

– Det har bidratt til ein uheldig kultur der det har blitt viktig å vise meistring, medan sårbarheit har fått eit meir negativt merke.

I tillegg står legar i eit høgt arbeidspress, med lita tid til å snakke om dei vanskelege tinga.

Fleire legar søker støtte

I Vikersund, på ressurssenteret Villa Sana, tek Rø i mot legar som ønsker hjelp til å handtere arbeidskvardagen.

Villa Sana

Legane som kjem til Villa Sana søker støtte og nokon å prate med om vanskelege situasjonar.

Legane fortel ofte om vanskar med å balansere fritid og arbeid, eller krevjande situasjonar.

I fjor nytta 500 legar seg av tilbodet.

Det er ein auke på 70 prosent sidan 2019.

– Det er krevjande å be om hjelp. Men no ser det ut som kulturen er litt i endring, seier Rø.

Ønsker kulturendring og eit betre system

Cecilie trur ho hadde fått oppfølging om ho hadde bedt om det. Men ofte skjønnar ho ikkje at jobben går innpå ho før lenge etter.

– Og vi har ikkje noko tradisjon for å banke på døra og seie at vi har det tøft.

kvinne med kvit legefrakk og grønn legetrøye.

Vanskelege hendingar var enda vanskelegare då Cecilie var fersk i yrket.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Det er nettopp den kulturen ein må endre, meiner Rø.

– Ein må få for vane å snakke om dei alvorlege hendingane i fellesskap.

Dei som er ramma må få tilbod om samtaler og hjelp.

Ein skal ikkje måtte oppsøke det sjølve.

I fjor kom Helsedirektoratet med ein guide for ivaretaking av tilsette ved uønskte hendingar.

Rø meiner den er eit godt utgangspunkt.

– Men no er det også viktig at ein tek den i bruk, og får laga desse systema på arbeidsplassane.

Haukeland universitetssjukehus seier at dei no arbeider med å sikre at oppfølginga av tilsette er i tråd med den nye guiden.

– Erfarne legar må gå føre

Sjølv om Henriksen meiner psykisk oppfølging er eit leiaransvar, trur ho også at ein treng gode forbilde.

– Vi treng at dei erfarne legane går føre og viser at det er trygt å ta opp ting som er vanskelege.

Nokre pasienthistorier festar seg meir enn andre.

Cecilie har fått mange tilbakemeldingar etter ho delte sine erfaringar i serien Barnesykehuset.

– Fleire kollegaer har takka meg for at eg sette ord på det, fordi dei føler det på same måte.

  • Følg Cecilie og kvardagen på Haukeland universitetssjukehus på NRK TV:

Publisert 09.04.2025, kl. 21.43

Read Entire Article