EU svarer Trump – innfører toll

3 weeks ago 30



Den første gjengeldelsestollen mot USA vil trå i kraft 15. april, ifølge Reuters.

Avgjerda kjem same dag som USAs toll mot EU trår i kraft.

Desse skal råke varer for meir enn 20 milliardar euro som soyabønner, motorsyklar og kosmetiske produkt, ifølge AFP.

Det var alle medlemslanda som stemte for med unntak av Ungarn, ifølge Reuters.

EU-kommisjonen seier dei kan fjerne gjengjeldelsestollen dersom USA blir einige med dei om ein rettferdig avtale.

USA har innført 25 prosent toll på stål, aluminium og bilar frå EU.

Børsane på Wall Street opna klokka 15.30 med små fall. Nasdaq-indeksen stig samstundes frå start.

– Dette er eit proporsjonalt og velbalansert svar som vernar rundt våre interesser utan å eskalere situasjonen, seier Sveriges handelsminister Benjamin Dousa.

USA innførte 104 prosent toll mot Kina

Tidlegare i dag auka også Kina deira toll på amerikanske varer til 84 prosent. Det var Donald Trump som først varsla at USA ville legge toll på 54 prosent på varer frå Kina.

Då Kina kom med sitt motsvar, la Trump på 50 prosentpoeng, slik at tollen for kinesiske varer blei 104 prosent.

Sidan Donald Trump innførte nye tollsatsar mot ei rekke land, har verdsøkonomien vore uroleg.

Publisert 09.04.2025, kl. 15.08 Oppdatert 09.04.2025, kl. 15.59

Read Entire Article