Både politi og Mattilsynet rykte ut då dei denne veka fekk uromelding om situasjonen på garden. Førsteinntrykket gav ikkje grunn til uro.
Delegasjonen vart møtt av både flott fjøs, traktor og rundballar, fortel politiadvokat Inger Helen Stenevik i Vest politidistrikt.
– Men då dei byrja å gå rundt og inn i bygningen, så fann dei ingen levande sauer. Dei fann totalt 58 daude sauer.
Rikeleg med fôr på garden
Politiadvokat Inger Helen Stenevik har fått ei ny dyretragedie i Sogn og Fjordane på bordet.
Foto: Bård Siem / NRKDyreeigaren, som driv garden åleine, er no sikta for alvorlege brot på dyrevelferdslova. Kva dyreeigaren har forklara, ynskjer ikkje Stenevik å kommentere.
– Men eg kan seie at mistanken går på mangelfull tilgang på mat for dyra, mangelfull tilgang på vatn og mangelfull hjelp til dyra enten det er i samband med sjukdom eller anna, seier politiadvokaten.
– Var det ikkje mat på garden?
– Det var rikeleg med fôr tilgjengeleg. Det var grovfôr, flotte rundballar og kraftfôr der. Det var i det heile teke ein flott driftsbygning og ein kjempefin gard. Dyra var daude av at dei ikkje fekk stell.
Det var eit grufullt syn som møtte delegasjonen frå politi og Mattilsynet på garden i Sogn.
Foto: PolitietHar gått føre seg over tid
Nokre av sauene vart funnen innandørs. Andre utandørs. Kor lenge sauene har ligge daude er førebels ukjent. Men dyra var tynne eller avmagra.
– Dyra har døydd på varierande tidspunkt. Så vil vidare etterforsking vise kor lenge dette har gått føre seg, seier Stenevik.
Att dyra har hatt det vondt, er det liten tvil om.
– Det seier seg sjølv at det er snakk om intense lidingar når du døyr av at du ikkje får mat, vatn og hjelp i samband med sjukdom, seier Stenevik.
Fire saker på få år
Politiadvokaten har siste åra hatt fleire stygge dyrekrimsaker. I løpet av kort tid har ho ført to saker for Sogn og Fjordane tingrett som gjeld sauehald. Ei anna er under etterforsking, medan politiet er heilt i startfasen i etterforskinga av denne siste.
– Dette er den saka med flest daude dyr, seier Stenevik.
Stenevik meiner fellesnemnaren for sakene er mangel på kompetanse hos dyreeigar.
– Det er dyreeigar, dyrehaldarar, som ikkje har kompetanse. Dei har likevel kunne gå i gang med dyrehald.
Publisert 25.04.2025, kl. 10.35 Oppdatert 25.04.2025, kl. 10.58