Får ein halv million frå Staten etter å ha blitt forbytt som baby

2 hours ago 2



Det var ingen som ante uråd då dei to nybakte mødrene tok med seg kvar sin jentebaby heim frå fødestova i Herøy i 1965.

Begge to vaks opp hos familiane dei trudde dei var sine eigne, og først mange år seinare blei den ufattelege feilen oppdaga.

Då bestemte kommunen og Staten seg for å legge lokk på saka. Dermed gjekk det endå fleire år før jentene og ei av mødrene fekk vite kva som hadde skjedd.

No har ei av jentene inngått forlik med Staten og får 550.000 kroner til dekking av saksutgifter og økonomiske tap.

Fødselsannonser frå Sunnmørposten

Fødselsannonsa frå mars 1965 viser at det var fleire jenter som blei fødde i tidsrommet der dei to babyane blei forbytte.

Foto: FAKSIMILE FRÅ SUNNMØRSPOSTEN

Linda Risvik Gotaas er skuffa over summen ho er tilbydd og at ingen vil ta ansvar, men tør ikkje å ta risikoen for endå større utgifter.

Forliket er kome i stand berre kort tid før saka skal opp i retten for andre gang.

– Eg synest det er for dårleg, eg synest at det minste dei kunne gjort er å ta alle mine kostnader for å få prøvd saka, seier ho.

Torsdag kveld inngjekk Gotvik også eit forlik med Herøy kommune som inneber at kommunen fråfell kravet om dekking av sakskostnader på 118.000,-

Linda Risvik Gotaas hjemme på Hisøy i Arendal.

Linda Risvik Gotaas som vaksen. Først etter at ho var 55 år gamal, møtte ho igjen den biologiske mor si.

Foto: Leif Dalen / NRK

Vedgår ikkje ansvar

I forliket blir det slått fast at feilen på fødestova aldri skulle skjedd, og kor krevjande saka har vore:

«Staten v/Helse- og omsorgsdepartementet har forståelse for at det har vært en stor belastning for Linda Karin Risvik Gotaas at hun først høsten 2021 ble kjent med sitt biologiske opphav. At hun ble forbyttet på fødestuen på Eggesbønes i 1965, er sterkt beklageleg. Det skulle ikke ha skjedd».

Samtidig er det poengtert at Staten ikkje tek noko ansvar:

«Forliket innebærer ingen erkjennelse av ansvar fra statens side».

Ingunn Solheim i svart skjorte

Kommunikasjonsansvarleg Ingunn Solheim hos Regjeringsadvokaten.

Foto: Regjeringsadvokaten

– Staten har hatt eit ønske om å få sett eit punktum, og dekkjer gjennom det forliket kostnader som Gotaas har hatt i samband med rettssaka, seier kommunikasjonsansvarleg Ingunn Solheim hos Regjeringsadvokaten.

– Forstår du at det kan vere vanskeleg for vanlege folk å forstå at Staten ikkje ordnar opp og betalar ut erstatning?

– Ja, Helse- og omsorgsdepartementet forstår behovet for å plassere eit ansvar. Men rettsleg sett meiner departementet at dei ikkje opnar for at ein kan betale ut ein større erstatningssum, svarar ho.

Karen Dokken og dotter, Oslo Tingrett.

Linda Risvik Gotaas saman med den biologiske mora si under rettssaka i Oslo tingrett i fjor haust. Først nyleg møtte dei kvarandre igjen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ikkje aktuelt med forlik for dei to andre

Forliket med Staten blei inngått berre tre veker før den planlagde rettssaka i Borgarting lagmannsrett. Både jentene som blei forbytt, og den eine mora, gjekk i fjor til rettssak mot staten og kommunen for brot på menneskerettane, men tapte.

Neste veke går ankesaka i Borgarting lagmannsrett i fire dagar.

Den blir utan Linda Risvik Gotaas som saksøkjar.

– Vår sak står like sterkt, heilt uavhengig av det forliket som ho har inngått, seier advokat Sølvi Nyvoll Tangen, som representerer mora som har gått til sak.

Alle dei tre saksøkjarane har fått det samme tilbodet, men Nyvoll Tangen seier det var heilt uaktuelt å akseptere fordi det ikkje sa noko om ansvaret i saka.

– Det er inga orsaking knytt til styresmaktene si handtering av saka på 80-talet, og det er vanskeleg å akseptere, seier ho.

Den tredje saksøkaren, Mona, og advokaten hennar vil ikkje kommentere forliket.

Advokaten forstår valet

Bjørn Rener-Larsen er advokat for Linda Risvik Gotaas. Han seier han forstår at ho valde å inngå forlik både med Staten og kommunen.

– Linda fekk i motsetning til dei andre ikkje fri rettshjelp, valet hennar må sjåast på den bakgrunn. Ho har endeleg fått det møtet med Staten og kommunen som ho opphavleg ønskte. Omkostningane i slike saker blir lett høge, seier advokat Bjørn Rener-Larsen.

Publisert 18.09.2025, kl. 19.08 Oppdatert 18.09.2025, kl. 19.42

Read Entire Article