Fastlege Martin vann i retten: – Må vere rom for grundige undersøkingar

2 hours ago 2



– Det å kunne kjenne at ein blir trudd til slutt var jo kanskje den beste julegåva eg kunne fått.

Fastlege Halvard Martin Aag beskriv dei siste åra som eit mareritt.

For tre år sidan fekk legen frå Alver eit krav om å betale tilbake over ein million kroner til staten for det dei meinte var mangelfull dokumentasjon av tidsbruk og ultralyd.

Han var ikkje samd i vurderinga, og med støtte frå Legeforeningen tok han staten til retten.

Dei meinte fastlegen hadde dokumentert tidsbruken sin i tråd med vanleg praksis for journalføring.

Tysdag kom dommen frå Oslo tingrett, som gir han medhald i nær alle refusjonskrava.

Legeforeningen meiner dommen viser at det må vere rom for fagleg skjønn når legar loggfører møter med pasientane sine.

lege på eit kontor

– Det å kunne møte pasienten med blikket, og la pasienten føle at dei får fram bodskapen utan å avbryte har vore ein uvurderleg kvalitet som eg har bygd mykje av praksisen min på.

Foto: Privat

– Viktig siger for alle fastlegar

Presidenten Anne-Karin Rime i Legeforeningen meiner sigeren er viktig for fastlegar i heile landet.

– Det er fordi at retten i alt vesentleg gav medhald i at det medisinske skjønnet skal vere avgjerande i møte med pasientane, og at det må vere rom for å ta grundige undersøkingar av pasienten, seier Rime.

Saka til fastlegen i Alver føyer seg inn i ei rekke saker kor legar har fått krav frå Helfo om tilbakebetalingar.

I denne saka meinte Helfo at fleire av refusjonskrava til staten ikkje viste godt nok tidsbruken med pasientane.

Staten peikte på at det er viktig å ha kontroll med legane sin tidsbruk og refusjonskrava.

Aag fekk bistand frå advokatar i Legeforeningen. Det er første gong dei har hjelpt ein lege på denne måten i ei sak mot staten der grunnlaget for tidstakstar skal prøvast.

Dei meiner Helfo og Helseklage er blitt for strenge når dei fører tilsyn av fastlegar.

Anne-Karin Rime

Presidenten Anne-Karin Rime i Legeforeningen meiner sigeren er viktig for fastlegar i heile landet.

Foto: n11257

Vurderer anke

Staten kravde refusjon for 17 rekningar. Retten gav legen medhald i tolv av dei, og frikjende staten for dei resterande.

Likevel ser både Legeforeningen og Aag på domen som ein siger.

Retten har gitt dei medhald i det som er prinsipielt viktig, meiner advokat i Legeforeningen, Øyvind Anmarkrud.

– Det må vere rom for at fastlegar brukar sitt medisinske skjønn i møte med pasientane, som ved val av samtaleteknikkar, bruk av metodar og om pasientane får ta opp fleire problemstillingar i same konsultasjon.

  • mann i blå skjorte

    Øyvind Anmarkrud

Han understrekar at det i nokre saker har vore riktig å føre tilsyn, fordi legar har brukt takstane feil. Han meiner derimot at Helfo i fleire saker har vore for strenge til dokumentasjonskrav.

Legeforeningen håpar denne saka kan bidra til ei kursendring der Helfo i større grad nyanserer kontrollpraksisen, og lyttar meir til legane.

Regjeringsadvokat Sverre Runde vurderer om dei skal anke.

– Staten tar til etterretning at tingretten meiner vedtaket er ugyldig for 12 av desse. Det er ein lang dom, som vi no må lese grundig for å vurdere ein eventuell anke, skriv han til NRK.

I tillegg til medhald i dei fleste refusjonskrava, er staten ved Helse- og omsorgsdepartementet dømt til å erstatte Aag sine sakskostnadar på 374 100 kroner.

Publisert 23.12.2025, kl. 21.29

Read Entire Article