Fekk alvorleg hjerneskade etter vald – mann dømt til tvungent psykisk helsevern

10 hours ago 3



Valdshendinga fann stad første juledag 2023 på Lade i Trondheim.

Mannen i 50-åra som blei utsett for valden blei seinare funnen bevisstlaus av ein drosjesjåfør. I dag lever han med ein hjerneskade og sterkt redusert funksjonsnivå.

No har Trøndelag tingrett konkludert med at den tiltalte mannen ikkje var tilrekneleg da handlingane blei gjort.

Tingretten dømte mannen til tvungent psykisk helsevern. I tillegg må han betale 60.000 kronar i oppreisningserstatning til den fornærma mannen.

Under rettssaka hevda mannen sjølv han var tilrekneleg og uskyldig.

En sko og noe tøy ligger synlig i snøen. Vi ser spor av blod på det som kan være en hvit pute.

Mannen i 50-åra blei funnen i snøen utanfor bustaden.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Budde på same adresse

Den fornærma mannen kunne ikkje sjølv møte i tingretten på grunn av hjerneskaden.

Han og den tiltalte mannen budde begge i same bygg. Valdshendinga fann stad etter at brannalarmen blei løyst ut i bygget tidleg om morgonen første juledag.

– Eg gjekk ut da alarmen gjekk. Eg snakka ikkje med nokon da og det var ingen andre der, forklarte den tiltalte mannen under rettssaka.

Han forklarte vidare at han gjekk rett inn og la seg igjen da brannalarmen var over.

I dommen kjem det fram at tingretten ikkje er i tvil om at det var den tiltalte mannen som utøvde valden:

Etter at den fornærma mannen blei funnen, tok politiet kontakt med bebuarane i bygget. Dei fann da blod på den tiltalte sine sko og tiltalte sjølv.

Analysar viste at blodet tilhøyrde den skadde mannen.

Tingretten meiner mannen er skyldig både i grov kroppsskade og for å ha etterlate mannen i ein hjelpelaus tilstand.

En krimtekniker fra politiet jobber ute på et åsted. Vedkommende har med en lommelykt og leter etter spor i snøen. I bakgrunnen kan vi se en bil som er nedsnødd. Vi kan også se politiets sperrebånd og en sammenslått pappeske.

Under undersøkingar på staden fann politiet blod på den tiltalte mannen sine sko.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Meinte sjølv han var tilrekneleg

Kort tid etter hendinga blei den tiltalte varetektsfengsla. Han blei seinare overført til St. Olav sin regionale sikkerheitsavdeling på Østmarka.

Rettspsykiatriske sakkunnige som før rettssaka undersøkte mannen, konkluderte med at han lid av ei psykoseliding.

Lidinga har pågått så lenge og med eit så massivt symptombilete at det kan bli sett på som schizofreni, heiter det i dei sakkunnige sin erklæring.

Statsadvokat Per Morten Schjetne la under rettssaka derfor ned påstand om at den tiltalte burde bli overført til tvungent psykisk helsevern.

– Han er ueinig i den påstanden, fortalde den tiltalte mannens forsvarar, Ole Petter Grythe Hoff under rettssaka.

Han fortalde at mannen meinte han var tilrekneleg og heller ikkje erkjente straffskuld.

Retten meinte derimot at mannen på gjerningstidspunktet ikkje var strafferettsleg tilrekneleg:

– Trist heile greia

Jasmin Gheshlaghi er bistandsadvokat for den fornærma mannen som no lever med den alvorlege hjerneskaden.

Gheshlaghi har ikkje ønskt å kommentere dommen måndag.

– Det er berre trist heile greia, sa ho til NRK mens saka gjekk for tingretten.

– Det er ei tragisk sak med sårbare partar involvert.

Aktor Per Morten Schjetne skriv i ei tekstmelding måndag at dommen i saka samsvarar med aktoratet sitt syn og tiltalen.

Utover det har han ikkje ønskt å gi nokon kommentar.

Mannens forsvarer ynskjer heller ikke kommentere dommen.

Politiets krimteknikere har ankommet et åsted. En av dem står på utsiden av en bilen mens den andre står halvveis inn på passasjersiden. Vi kan ikke se ansiktet deres men på ryggen til hun som står ved siden av bilen kan vi lese Kriminaltekniker

Foto: Bjarte Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

Dømt for valdshending dagar tidlegare

Mannen var også tiltalt for ein valdsepisode nokre dagar før hendinga utanfor bustaden fann stad.

Tiltalte sparka da ein kompis fleire gongar i hovudet mens han låg nede. I retten omtalte den tiltalte mannen det heile som ein «kompis-krangel»

– Vi krangla berre litt. Det var ingen slåsting eller noko sånn. Eg sparka han nokre gongar. Han sparka meg nokre gongar. Vi løyste opp i det same dag, forklarte han.

Tingretten meiner mannen for dette er skuldig i kroppskrenking.

Publisert 09.05.2025, kl. 14.05

Read Entire Article