Nordnorsk Kunstmuseum, eit prosjekt i Bodø, er no ein del av Riksantikvaren si eksempelsamling og har med det fått heiderleg omtale.
Bygget blir trekt fram med tre døme: istandsetjing, universell utforming og teknisk infrastruktur.
– Nordnorsk Kunstmuseum er først og fremst eit svært godt døme på gjenreisingsarkitektur. Samstidig viser prosjektet korleis ein kan ta vare på kulturhistoriske verdiar og gi bygningen ny bruk, seier seniorrådgivar Karen Elkjær hos Riksantikvaren.
For å gjere bygget klart til kunstmuseum har det òg vore nødvendig med ventilasjon og universell utforming.
– Det skal vere gode forhold både for kunsten og for dei som besøker museet. Det har dei fått til på glimrande vis. Dette er eit prosjekt som fleire kan hente inspirasjon frå, og som Bodø kan vere stolt av, seier Elkjær.















English (US)