Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord er sakna i Polen.
Det bekreftar lokalt politi overfor NRK.
– Me mottok ei saknamelding laurdag kveld, og fekk opplyst at vedkommande hadde vore sakna sidan laurdag morgon, seier politioverbetjent Oda Elvegård Thorstad ved Sunnfjord politistasjon.
Mannen var i Polen på ein venetur saman med to andre.
Han var sist sett på ein utestad i Warszawa, der han var saman med dei to venene sine.
Samarbeid med Kripos og polsk politi
Både Kripos og polsk politi er kopla på i etterforskinga.
– Me jobbar med å hente inn fleire detaljar om kva slags undersøkingar politiet i Polen har gjort så langt, seier ho.
Ho seier det ikkje er aktuelt å sende politi frå Noreg til Polen.
– Dei har starta si eiga etterforsking i Polen, og så har me vår herifrå.
NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet. Dei har førebels ikkje kommentert saka.
Mannen vart sist sett på ein utestad i Warszawa i Polen.
Har du tips?
Hei!
Har du tips om denne eller andre saker?
Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 24.11.2025, kl. 11.26 Oppdatert 24.11.2025, kl. 11.31















English (US)