Fem direktørar på Oslo universitetssjukehus – 29 på Haukeland

1 hour ago 1



Ingen andre helseføretak har fleire direktørar enn Helse Bergen, som driv Haukeland universitetssjukehus: heile 29 personar med direktørtittel.

Det er nesten dobbelt så mange som dei to neste på lista:

Ahus og Vestre Viken helseføretak har 15 direktørar kvar.

Oslo x 10 = Bergen

NRK har denne veka kartlagt at kvar tiande direktør i helseføretaka får dekka pendling og pendlarbustad, men at det varierer sterkt kva pendlargode direktørane har.

Den dyraste pendlaren bur i Oslo og hadde i fjor både firmabil og pendlarbustad i Tønsberg.

Men det er også stor variasjon i kor mange direktørar helseføretaka i det heile tatt har.

Forskjellen i direktør-tettleiken mellom Oslo universitetssjukehus og Helse Bergen er ganske slåande.

Fem direktørar i Oslo og altså 29 i Bergen.

Sjølv om Oslo universitetssjukehus har over dobbelt så mange tilsette som Helse Bergen.

 Oslo Universitetssykehus har fem direktørar og over 25.000 tilsette. Ringen illustrerer talet på tilsette.

Oslo universitetssjukehus har fem direktørar. Storleiken på ringen illustrerer dei over 25.000 tilsette.

Grafikk: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Det betyr at i gjennomsnitt har Oslo universitetssjukehus éin direktør per 5000 tilsette.

Medan Helse Bergen har éin direktør per 500 tilsette.

 Helse Bergen (Haukeland Universitetssjukehus) har 29 direktørar og rundt 14.000 tilsette. Ringen illustrerer talet på tilsette.

Helse Bergen har 29 direktørar. Storleiken på ringen illustrerer dei rundt 14.000 tilsette.

Faksimile: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Per direktør har altså Oslo universitetssjukehus ti gonger fleire tilsette enn Haukeland.

– Det skal eg vere varsam med å kommentere, seier styreleiar Rune Haugsdal i Helse Bergen.

– Er det vanskelegare å styre Helse Bergen enn andre helseføretak?

– Det veit eg ikkje. Samanlikna med andre store helseføretak har Helse Bergen relativt få leiarnivå.

Organiseringa har opphav tilbake til 2001.

– Målet var at toppleiarane skulle ha stort fokus på drift, altså pasientbehandling. Derfor er det veldig mange som rapporterer til administrerande direktør.

Helse Bergen har altså mange leiarar i nivået rett under toppsjefen.

– Dette er kanskje litt av bakgrunnen for talet på direktørtitlar, seier Haugsdal.

Rune Haugsdal - bystyremøte om bybanen

Styreleiar Rune Haugsdal i Helse Bergen (arkivfoto frå ein annan samanheng).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ny toppsjef skal vurdere direktørtitlane

I august byrjar Marit Lieng som ny administrerande direktør for Helse Bergen. Ho kjem faktisk frå ei direktørstilling nettopp ved Oslo universitetssjukehus.

– Kor aktuelt er det å omorganisere?

– Ho har tung fagleg- og leiarkompetanse og erfaring frå andre helseføretak, mellom anna Oslo universitetssjukehus. Eg trur ho, ved å sjå ting litt utanfrå, vil tilføre oss gode vurderingar. Så får vi sjå kva ho vil tilrå vidare, seier Haugsdal, og held fram:

– Så eg reknar med at ho vil gå gjennom og sjå på ei formålstenleg organisering i Helse Bergen.

– Er organiseringa ikkje formålstenleg i dag?

– Det vil ikkje eg meine noko om, men sjølvsagt skal vi vere opptatte av at vi har ei god og rett organisering for oppgåvene som står framføre oss.

– Gir ein direktørtittel automatisk høgare løn?

– Det har ikkje eg føresetnader for å svare på, seier Haugsdal.

Lieng skal elles bli buande i Oslo og får dekka pendling og pendlarbustad i Bergen.

Oslo universitetssjukehus hadde fredag ikkje høve til å kommentere eller forklare at dei har så få direktørar samanlikna med Haukeland.

I Oslo består heile toppleiinga i tillegg til dei fem direktørane også av 15 klinikkleiarar. Sjølv om desse blir rekna med, har Haukeland universitetssjukehus større toppleiing, med sine 29 direktørar.

Førde – Tromsø: 8–1

Helse Førde har endå fleire direktørar enn Helse Bergen i forhold til folketalet.

I heile Sjukehus-Noreg er det faktisk tre helseføretak i Helse Vest som har flest direktørar i forhold til pasientgrunnlaget:

Helse Førde på topp, deretter Helse Bergen og Helse Fonna.

Et stort bygg med mange vinduer

Helse Førde toppar statistikken, med 8,3 direktørar per 100.000 innbyggarar.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Samanlikna med Universitetssykehuset Nord-Noreg i Tromsø har Helse Førde åtte gonger høgare direktørtettleik.

– Sjølv om vi er eit lite føretak, treng vi jo funksjonar og leiarar for dei ulike områda, seier styreleiar Ole Gunnar Krakhellen i Helse Førde.

– Er det litt påfallande at tre helseføretak i Helse Vest har flest direktørar per innbyggar?

– Slik eg oppfattar det, har ikkje Helse Førde så mange direktørar. Vi har eit ganske medvite forhold til å ikkje ha for topptung organisasjon. Men med eit mindre befolkningsgrunnlag, blir det jo i gjennomsnitt fleire direktørar.

– Pasientgrunnlaget for Helse Førde er vel omtrent som for Universitetssykehuset Nord-Norge?

– Eg vil tru det kan handle om kva titlar ein gir leiarane på nivået under administrerande direktør. Somme plassar er titlane klinikksjef og slikt. Vi har kanskje brukt direktørtittel litt meir.

– Får ein meir løn med direktør i tittelen?

– Når vi samanliknar helseføretaka, ligg ikkje Helse Førde spesielt høgt på leiarløner. Eg har ikkje grunn til å tru at direktørtitlane drar opp lønsstatistikken.

Ole Gunnar Krakhellen

Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen i Helse Førde meiner Helse Førde ikkje har så mange direktørar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Berre to i Tromsø

Administrerande direktør David Johansen ved Universitetssykehuset Nord-Noreg har berre éin direktør i tillegg til seg sjølv: viseadministrerande direktør.

Dei andre i toppleiinga er klinikkleiar eller senterleiarar, med ansvar for 1000–1300 medarbeidarar kvar.

– Dette handlar nok om ein kultur og ei haldning vi har hatt, i alle fall sidan 2008.

Styremøte UNN 23.05.2024 i Harstad. Administrerende direktør Universitetssykehuset Nord-Norge, David Johansen (t.h.) og Anders Mohn Frafjord.

På sjukehuset i Tromsø har toppsjef David Johansen redusert toppleiargruppa si kraftig.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Johansen blei toppsjef for to år sidan.

– Då gjorde eg ei ganske stor omorganisering. Vi gjekk ned frå 20 toppleiarar til 14. Samtidig endra vi tittelen klinikksjef til klinikkleiar. For eg meiner dei skal vere leiarar som skal få folket med seg, og ikkje vere den gammaldagse sjefen.

– Men svarer klinikkleiarar hos dykk til det andre helseføretak kallar direktørar?

– Eg kjenner ikkje detaljane i stillingsinstruksane andre stader, men det trur eg.

– Er det då berre retorikk?

– Nei, dette er leiingsfilosofi og -strategi. Det viktigaste nivået i sjukehus er jo dei ytste nivåa, som har ansvaret for dagleg drift, seier Johansen.

Publisert 06.06.2026, kl. 12.25 Oppdatert 06.06.2026, kl. 12.47

Read Entire Article