Filmar før dei stikk ut av huset: – Gir meg ei ro

3 hours ago 2



Eg veit eigentleg ikkje heilt kvifor eg gjer det. Det har blitt ein vane og ein tryggleik.

For litt sidan la svenske Emma Skovlund ut ein video på TikTok.

I det korte klippet ser vi at 22-åringen låser ytterdøra si. Ho viser også fram kamerarullen med titals videoar av låste dører og avslåtte komfyrar.

Emma Skovlund smiler til kamera.

– Eg trur eg hadde kjent meg litt usikker om eg ikkje filma. Det har vel blitt til ei form for tvangstanke, seier Emma Skovlund.

Foto: Privat

Better safe than sorry

Emma la ut videoen berre for gøy, og trudde ikkje at han skulle engasjere så mykje.

Det er veldig mange som har kommentert at dei også gjer sånn.

«Jag är exakt likt», «Hahaha JA» og «Better safe than sorry» var noko av det folk skreiv.

Med tanke på spreiinga og kor mange som har likt og lagra videoen, så tenker eg at det er veldig mange som kjenner seg igjen.

Ei som gjer litt det same som Emma, er 25 år gamle Hanne Marie Giertsen.

Ho har tatt bilde av rettetonga si sidan ho var rundt 15 år, og har hundrevis av bilde av den på mobilen.

Eg kjenner eg har meir bilde av rettetonga enn andre bilde, seier ho.

Bilde av Hanne Marie Giertsen som ser seg i speilet og retter håret med en rettetang.

– Ein har så mykje anna å tenke på, at det går litt i surr, seier Hanne Marie Giertsen.

Foto: Privat

Hanne Marie hugsar godt den gongen ho gløymde å knipse det bildet. Ho var invitert i middag og fekk det veldig travelt før ho drog.

– Herregud, skrudde eg av? Eg tok taxi heim igjen for å sjekke. Den var av. Eg tok eit bilde av tonga og drog tilbake til middagen.

Vi spurde følgarane våre på NRK Nyheiter på Instagram, om dei tar bilde av at dei låser døra, trekker ut rettetonga og liknande, før dei drar ut av huset.

Nesten hundre personar svarte oss, og av dei sa rundt halvparten at dette er noko dei gjer. Nokon av og til. Andre alltid.

  • Svar fra NRK Nyheter sine følgere på Instagram

    Sveip for å lese hva de som IKKE tar bildebevis mener.

    Foto: NRK
  • Svar fra NRK Nyheter sine følgere på Instagram Foto: NRK

Bevis

Hanne Marie veit ikkje heilt kvifor ho starta å ta bilde, men seier det har blitt ei sikkerheit.

Det har roa meg ned. Eg har mykje jobb og skole, så eg vil ikkje gå rundt å lure, sånn at det øydelegg dagen min.

Ho tar ein master i kunst, og seier at ho ikkje er spesielt nervøs elles i livet. Men ho tar heller eit bilde for mykje, enn å gå rundt og gruble.

Eg vil ikkje vere årsaka til at det brenn ned liksom. Eg er jo ekstremt redd for at det skal ta fyr. Så det er litt sånn at da veit eg at rettetonga er av. Eg har bildebevis.

Ser ingen fordelar

Ingvard Wilhelmsen er psykiater og professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Han er også kjent som «hypokonderlegen».

At folk tar bilde for å forsikre seg om at dei har slått av ting og låst dører, hadde han ikkje høyrt om før.

Han ser ingen fordelar med å gjere det.

– Hjernen har godt av å måtte hugse. Det styrkar både minnet og gir ei betre kjensle.

Han seier at fotograferinga er ei sikkerheitsåtferd. Det dempar angsten for å ha gløymt noko som kjennest viktig på kort sikt, men kan auke angsten på lang sikt.

– Den dagen ein er tom for batteri eller gløymer å ta bildet, blir angsten ekstra sterk.

  • Ingvard Wilhelmsen

    Ingvard Wilhelmsen

Å tole usikkerheita

Det er sikkert dei færraste som utviklar OCD berre ved å ta bilde, men det kan vere eit steg på vegen inn i ei angstliding, seier Wilhelmsen.

Han seier at det meste her i livet er ukontrollerbart og usikkert, og at det må vi øve oss på å tole.

Dersom det er vanskeleg å slutte, har ein allereie fått ei tvangshandling, ifølge Wilhelmsen.

Da er det ekstra viktig å slutte. Den angsten ein får i byrjinga, når ein ikkje sjekkar, er nyttig. Den er eit oppgjer med «angsten for angsten», som ofte er motoren i OCD.

Han seier at angsten vil auke etter at ein har droppa å ta bilde.

Men det er ein angst i tenesta til fridommen, ho utvidar fridomsrommet vårt.

Ein hugselapp

Ein som ikkje ser heilt mørkt på det å bruke kamerarullen for å roe seg ned, er professor og sosiolog Aksel Tjora. Han seier at mobilen er så lett tilgjengeleg i lomma vår.

Det er mykje enklare å ta bilde, enn å skrive ned på ein lapp at du skrudde av steikeomnen.

Han seier at sosiologar har sett på korleis ulike teknologiar blir brukte på nye måtar. Kameraet på mobilen har blitt mykje meir enn eit kamera.

Ein tar bilde av ting ein skal hugse. Bilde av PowerPoint-presentasjonar og sånn. Kamerafunksjonen blir ein hugselapp.

  • Aksel Tjora Professor i sosiologi ved NTNU.

    Aksel Tjora

Kreative

Ein kan jo lure på om folk er meir bekymra for ting, eller usikre på seg sjølv. Ein stoler mindre på sine eigne rutinar, seier Tjora.

Han er litt einig med psykiateren i at det kan sjå ut som tvangshandlingar, men han ser også noko fint med bildeknipsinga.

Den positive sida her er jo kreativiteten. Ein bruker telefonen på måtar eg ikkje hadde førestilt meg.

Ein tar eit bilde, og slepp å spekulere.

Eg tenker jo at det eigentleg er ei løysingsorientert side ved det. Det er jo litt samansett dette, seier Tjora.

– Ei fin greie

Hanne Marie rettar ut krøllane sine kvar morgon, og lagar ofte rundstykke. Både tong og omn får sin plass på kamerarullen.

Eg synest eigentleg at det er ei veldig fin greie, eg. Det er jo berre å slette igjen.

25-åringen seier ho berre gjer det for å vere på den sikre sida, og føler ikkje på nokon tvang.

Eg kjem til å halde fram med det.

Publisert 27.12.2025, kl. 13.32

Read Entire Article