Fleire etasjar i Pentagon evakuert etter melding om farlege stoff – var falsk alarm

1 day ago 1



Brannvesenet rykka torsdag ut til Pentagon i Washington D.C etter melding om ei hending med farleg stoff, skriv brannvesenet i Arlington på X.

Det bekreftar Pentagon-talsperson Sean Parnell.

– Overvakingssystema i bygningen har oppdaga eit problem med luftkvaliteten. Det er naudsynt å gjennomføre sikkerheitstiltak fram til me skjønner alvoret, seier Parnell i ei fråsegn.

Rundt ein time etter at hendinga vart varsla, melder CNN at det var ein falsk alarm.

Beredskapsteam på plass

Bygningen vart stengd ned og fleire etasjar vart evakuerte, skriv CNN. Dei siterer to anonyme kjelder med kjennskap til saka.

– Departementet har sett i verk sikkerheitsprosedyrar, og folk i bygget får beskjed om å søke tilflukt der dei er, seier Parnell.

Ifølgje kjelder CNN har snakka med, er politi inne i bygningen observert med gassmasker og kjemisk verneutstyr.

Sikkerheitsavdelinga til Pentagon seier dei treng å teste luftkvaliteten meir.

– Det kan ta ein eller to timar. Innsatsteam er på plass og klare til å hjelpe personar i bygningen om det trengst.

Publisert 11.06.2026, kl. 17.56 Oppdatert 11.06.2026, kl. 18.18

Read Entire Article