Flytta vekk etter konflikt: – Det har vore heilt jævlig

2 hours ago 1



– Det har rett og slett berre vore heilt jævlig.

Det er orda som Lovise Skarbøvik Andresen bruker for å samanfatte eigen sesong.

21-åringen hadde eit fantastisk fjorår, der ho blant anna kom til semifinalen i EM og sette ny personleg rekord med tida 12.89 på 100 meter hekk.

I år har det gått tyngre. Hennar beste tid på same distanse i 2025 er 13.38, ifølge nettsidene til Det internasjonale friidrettsforbundet.

– Det har vore tungt å ikkje få til noko av det eg har lyst til, fortel ho.

Før sesongen laga Andresen ei liste med mål for året. Det same gjorde hekkeløparen før førre sesong.

Den gongen oppnådde ho alle måla sine. I 2025 klarte ho ingen.

– Det er jo ikkje det ein har lyst til. Det er ikkje det at eg har lyst til å vinne heile tida, men ein vil jo vinne for seg sjølv.

en person som går på en bane

«VORE JÆVLIG»: Er orda som Lovise Skarbøvik Andresen sjølv bruker for å samanfatte 2025.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Ei mental påkjenning

Samtidig som dei sportslege resultata peika i feil retning, prøvde Andresen å finne ein ny trenar.

I eit intervju med NRK i juni var friidrettsprofilen tydeleg på at ho krevde ei endring i treningskvardagen, men gjekk ikkje konkret inn på kva ho meinte måtte endrast.

– Eg har prøvd å lufte problema tidlegare, men det har ikke vore så enkelt. Vi har snakka saman om godt og vondt, og eg har sagt ifrå om at det trengs ei forandring, men vi har ikkje kome til nokon konklusjon, sa Andresen den gangen.

Ho bad Friidrettsforbundet om hjelp, men kjente ikkje at noko som helst blei gjort frå deira side. Det sørgde for at ho hudfletta behandlinga.

21-åringen trur totalpakken er årsaka til at 2025-sesongen blei ein stor nedtur.

– Eg følte at treninga var feil, og så blei det ei veldig stor mental påkjenning. For det gjekk jo føre seg heilt frå februar, så det var veldig tungt å stå i så lenge når ingen forstod det.

– Korleis synest du oppfølginga frå forbundet har vore denne sesongen?

– Ikkje noko å skryte av, men ... Eg trur ikkje eg får lov til å seie så masse meir om det, svarer Andresen.

NRK har vore i kontakt med både Andresen sin tidlegare trenar, Arve Hatløy, og Norges Friidrettsforbund.

Hatløy ønskjer ikkje å kommentera saka, men Friidrettsforbundet seier at assisterande sportssjef Håvard Tjørhom etablerte kontakt og hadde samtalar med hekkeløparen om trenar- og treningssituasjonen i samband med Trond Mohn Games i juni.

– Lovise blei deretter følgt opp av Tjørhom med tanke på å legge til rette for endringar i samsvar med hennar uttalte behov. Desse håpar vi vil vere oppfylte ved at Lovise nå trenar under Petar Vukicevic’ leiing og saman med blant anna Martine Hjørnevik og Elea Bock i Sportsklubben Vidar, seier mediekontakt Øystein Jarlsbo i Norges Friidrettsforbund.

Toppidrettsansvarlig Håvard Tjørhom i Norges Friidrettsforbund offentliggjør friidrettslandslagene for 2025 på Ullevaal Stadion.

ASSISTERANDE SPORTSSJEF: Håvard Tjørhom

Foto: Thomas Fure / NTB

Flytta frå heimstaden

For nå er trenarfloken løyst, og det har sørga for eit lite lysglimt i ein elles bekmørk sesong.

– Det går jo litt betre. Eg tviler litt på meg sjølv framleis etter at det har gått så dårleg. Men når kroppen byrjar å svare betre på trening allereie, så lovar jo det veldig godt, erkjenner Andresen.

Vukicevic har trena fleire norske hekkeløparar til norske rekordar og nasjonale titlar. Nå står det att å sjå om han kan lage gull av 21-åringen frå Ålesund.

– Det var avgjerande. Om eg ikkje hadde fått hjelp eller fått ein ny trenar, så hadde eg ikkje kunna fortsette, fortel Andresen.

en kvinne som smiler til kameraet

KAN SMILE IGJEN: Nå går det betre for 21-åringen frå Ålesund.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Den norske friidrettsprofilen var nære ved å legge opp i starten av sesongen i år, men verkar nå tilfreds med ny trenar, ny treningsgruppe og ny heimstad.

– Eg synest det har gått heilt fint her til nå. Det er jo uvant å ikkje berre kunne dra heim på middag eller noko. Men eg er jo heldig som har familie her òg, så eg kan jo på ein måte dra, fortel ho.

For nå bur hekkeløparen aleine i Asker langt borte frå familien. Sjølv om det er langt heim, har det foreløpig vist seg å vere verdt det for å vere under Vukicevic’ venger.

– Veldig bra, faktisk. Eg kjenner meg allereie sprek og bra. Det blir spennande å sjå allereie innandørs, seier Andresen.

en mann i hvit skjorte

NY TRENAR: Petar Vukicevic har hatt stor suksess med norske hekkeløparar tidlegare.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Smertefritt

Den kjensla går begge vegar. Andresens nye trenar er så langt strålande fornøgd med det ferske tilskotet.

– Smertefritt. Utan problem. Ho har komme seg veldig godt inn, og har blitt veldig godt tatt imot av dei andre jentene. Ho viser allereie veldig spennande framgang, seier Petar Vukicevic til NRK.

Trenaren fortel at han var meir involvert enn han pleier for å få 21-åringen inn som ein del av teamet.

– Det er fordi eg skjøna at ho er eit stort talent, og så skjøna eg også at ho er i ein vanskeleg situasjon og i ein dramatisk del av karrieren. Ho er vand med å ha framgang etter framgang, år etter år etter år. Så har det plutseleg blitt eit år med tilbakegang, og da kjente eg at eg har noko å bidra med, forklarer Vukicevic.

en mann som dytter en kvinne i rullestol

MEIR INVOLVERT ENN VANLEG: Petar Vukicevic ønskte sjølv å jobbe med Lovise Skarbøvik Andresen.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Men som hekkeløparen sjølv fortel, er det framleis ein del som står att før ho får tilbake godkjensla.

Det bekymrar derimot ikkje Vukicevic.

– Eg trur ho generelt ikkje manglar sjølvtillit, men at ho kanskje er i ei sjølvtillitskrise grunna alt det som har vore. Så om vi ventar ein månad nå, så kjem sjølvtilliten hennar til å vere på toppen.

– Lovise er ein som snakkar tydeleg og klart gir beskjedane sine, var du nokon gong uroleg for at det skulle endre dynamikken i gruppa di?

– På ingen måte. Vi har prata på førehand, ho og eg, og har blitt einige om korleis vi skal gå framover. Kven er den som bestemmer, og kven er den som skal gjere jobben. Eg kjenner allereie at vi er eit godt team, seier trenaren.

Og kor godt teamet er får kanskje synlege resultat neste sesong.

Det store målet er å attskape det som skjedde i Roma i fjor.

– Det er jo alt eg drøymer om, og eigentleg springe enda betre enn det eg har sprunge før, fortel Andresen.

Micky van de Ven løper fra egen sekstenmeter og scorer - bilder fra TV 2

Publisert 07.11.2025, kl. 05.24

Read Entire Article