Etter at Ukraina i august opna for at unge menn kunne reise ut av landet, har mange strøymt til Noreg.
I september kom 631 unge ukrainske menn mellom 18 og 22 år hit for å søke om vern. I oktober steig talet til 928.
No ber Frp regjeringa stramme inn og stoppe kollektivt vern for unge og friske menn i stridsdyktig alder.
Til NRK seier Frp-politikar Erlend Wiborg at dei heller bør vere med på å verne landet sitt.
Dette er ikkje nødvendigvis den ukrainske forsvarsministeren, Denys Sjmyhal einig i.
– Fleire tusen unge menn mellom 18 og 25 år har signert kontrakt med det ukrainske forsvaret og kjempar no ved fronten. Men ifølge ukrainsk lov er mobiliseringsalderen 25 år. Fram til då er ein fri person, seier Sjmyhal til NRK.
– Kjem heim att
Forsvarsministeren seier at dei har gitt unge ukrainarar høve til å studere i utlandet.
– Vi kjempar for demokrati og den unge generasjonen, og derfor har vi opna for at dei kan studere ved europeiske utdanningsinstitusjonar.
Det er heller ikkje slik at ukrainarane som reiser frå landet, ikkje kjem heim att.
– Mange av dei reiser, men mange kjem også heim att, seier Sjmyhal.
Ukraina sin forsvarsminister Denys Sjmyhal, er i Bodø under forsvarsministermøtet i Joint Expeditionary Force.
Foto: Per-Magne Steen / NRKDen ukrainske forsvarsministeren er takksam for at land i Europa, inkludert Noreg, har teke i mot dei unge ukrainarane.
– Vi er takksame for at våre ungdommar får denne moglegheita, og like takksame for at europeiske land har opna grensene sine for flyktningar, spesielt kvinner og barn, seier han og legg til:
– Noreg har utmerkt seg med ein ekstra varm velkomst.
Takksam for Noreg
Shmyhal er no i Bodø der han har inngått ein avtale med Noreg og ni andre land, som gjer at Ukraina blir ny partnar i forsvarsalliansen Joint Expeditionary Force (JEF).
– Vi er svært takksame overfor alle nordiske og baltiske land, og dessutan JEF. Dette er første gong Ukraina er invitert til å vere med på eit møte på så høgt nivå. Vi er spesielt takksame overfor Noreg for den varme velkomsten vi har fått her i Bodø.
Han håpar å kunne bidra med erfaringar og kunnskap dei har opparbeidd seg etter fullskalainvasjonen frå Russland.
Samtidig seier forsvarsministeren at situasjonen på austfronten i Ukraina er vanskeleg.
– Situasjonen er vanskeleg, men under kontroll.
Det har dei siste vekene blitt melde om svært harde kampar i den sønderskotne austukrainske byen Pokrovsk, som har stor strategisk betydning. Det skriv NTB.
Viss russarane rykker inn i byen, kan dei ifølge analytikarar bruke han som springbrett til å innta dei to største byane i Donetsk som framleis er under ukrainsk kontroll.
Slik såg det ut i byen Pokrovsk i mai, men dei siste vekene har det vore harde kampar i den sønderskotne byen.
Foto: Anatolii Stepanov / Reuters / NTBForsvarsdepartementet i Moskva kom onsdag med ei fråsegn der det står at situasjonen til dei ukrainske soldatane raskt blir verre i Pokrovsk, men også i Kupjansk. Det blir også hevda at dei ikkje har noko høve til å redde seg sjølv om dei ikkje overgir seg, skriv NTB.
Ukraina har avvist at ukrainske soldatar er omringa i dei to austukrainske byane, og Pokrovsk ligg ved frontlinja i Donetsk fylke og Kupjansk i Kharkiv fylke lenger nord.
Publisert 05.11.2025, kl. 14.25

















English (US)