Fire personar og ein hund er evakuerte frå tre hus i samband med brannen i eit trebygg i Ullensvang.
Dei evakuerte bur i nærleiken av staden der det brenn.
Det er eit sagbruk eller verkstadbygg som brenn.
Naudetatane fekk melding om hendinga klokka 01.13 i natt. Brannmannskap frå Odda og Røldal rykte ut.
Heile bygget var då overtent.
– Heile bygget øydelagt
Det var ikkje meldt om spreiingsfare.
Det er om lag 15 meter til nabobygget.
– Det brenn godt i bygget, store flammar og mykje røyk, melde politiet først.
Like etter 05.30 brenn det framleis godt i bygget, men at dei har kontroll, opplyser 110 Vest til NRK.
– Heile bygget er øydelagt i brannen, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest.
Han fortel at det er mykje ved lagra i bygget, noko som gjer til at det brenn framleis.
– Vi har brukt gravemaskiner til å fjerne veggar i bygget slik at vi kjem til all veden som brenn, fortel han.
Oppdaga eksplosiv – måtte evakuere
Det blei også oppdaga at det var lagra svartkrut i bygget. Sidan dette er eksplosiv, blei det bestemt at personar i området rundt måtte evakuerast.
– Vi hadde ikkje kontroll på kor det var lagra. Sidan svartkrut kan brenne opp av seg sjølv av ingenting, bestemte vi oss for å ta ekstra forholdsreglar og evakuere folk, seier Brekkvassmo.
Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, seier svartkruten blei ein «liten x-faktor i brannen», men at dei har kontroll.
– Det er ikkje noko eksplosjonsfare, seier han.
Det er ukjent når dei evakuerte får flytte heim.
Klokka 05.13 skriv politiet at bygget er så å seie heilt nedbrent og at det no går føre seg sløkking.
– Ein del hus i området er straumlause som følge av brannen, opplyser Dahl-Michelsen i politiet.
Brannårsaka er ukjent.
Publisert 15.01.2026, kl. 05.49 Oppdatert 15.01.2026, kl. 06.42












English (US)