– Jørgen Graabak er diska grunna noko asymmetrisk med ei binding. Vi forstod eigentleg ingenting. Vi legg inn protest, varslar Noreg sin sportssjef Ivar Stuan.
Noreg må etter disken starte 1,42 minutt bak leiande Austerrike i langrennet, som startar klokka 15.30.
I utgangspunktet skulle Noreg ha starta først – 20 sekund før Austerrike.
FIS: – Vi spekulerer ikkje
– Kort fortalt så har Jørgen Graabak blitt diskvalifisert, noko som sjølvsagt er veldig beklageleg. Men utstyrskontrollørane våre gjer jobben sin. Og når utstyr ikkje er i samsvar med reglement, så er det dessverre sånn det er, seier FIS sin renndirektør for kombinert, Lasse Ottesen, til NRK.
RENNDIREKTØR: Lasse Ottesen.
Foto: NTBHan utdjupar:
– I dag er det bindingar, som vi i utgangspunktet trudde alt skulle vere i orden. Dei er produserte frå produsentar og det er veldig enkle og klare reglar. Dei må vere symmetriske og like på begge sider. Det var ikkje bindingane til Jørgen, som betyr at dei er manipulerte.
– Har Noreg prøvd seg på juks, sidan ordet «manipulert» blir brukt? Kva tyder det eigentleg på?
– Vi spekulerer jo ikkje i kvifor, kva og korleis. Vi følger dei reglane som er. Våre kontrollørar gjer dette profesjonelt. Dei har vore med oss i mange, mange år. Og dei følger dei reglane som er. Ein sånn type sak er veldig trist, vi ønsker ikkje å diske nokon, seier Ottesen.
Disken gjer at lagkonkurransen i kombinert er snudd på hovudet etter hoppinga, der Noreg trass i litt smårusk gjorde det veldig bra.
SLAKTA SEG SJØLV: Jarl Magnus Riiber.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKTiller imponerte
Noreg fekk ei pangopning på hoppinga då Simen Tiller hoppa 136 meter og fekk 18,5, 18.5 og 19 som teljande stilkarakterar.
Berre Franz-Josef Rehrl frå Austerrike hoppa lengre.
DEBUTANT: Simen Tiller.
Foto: NTB– Det høyrest heilt dust ut, men eg var ikkje nervøs. Eg har hoppa ekstremt mykje bra på ski i det siste, sa Tiller til NRK etter superhoppet.
29 år gamle Tiller hadde aldri tidlegare delteke i ein lagkonkurranse for Noreg i verdscup eller meisterskap.
Under Tiller sin meisterskapsdebut i 2023 vart han diska etter hoppdresskontrollen – i det eine individuelle rennet han fekk delta i.
– Det er cocky å seie at ein har kontroll, for ein veit jo aldri. Men eg trur vi har bra kontroll. Det har vore bra dei siste åra, sa Tiller til NRK etter fredagens hopp.
Jørgen Graabak hoppa deretter 126,5 meter, Jens Lurås Oftebro 132,5 meter og Jarl Magnus Riiber 134,5 meter – noko sistnemnde ikkje var nøgd med.
– Eg vart rett og slett svimmel. Eg klarte ikkje å handtere det på ein god måte. Eg må puste med magen, sa Riiber til NRK.
Vart utsett
Lagkonkurransen skulle eigentleg gått torsdag.
Etter fire kortare utsetjingar vart det bestemt at ein måtte vente til fredag med å hoppe.
Då hadde forholda i bakken blitt langt betre.
UTSETT: Mykje vind gjorde at lagkonkurransen vart flytta frå torsdag til fredag.
Foto: NTBTredje Riiber-gull?
Jarl Magnus Riiber har allereie to gull denne meisterskapen, eitt individuelt i kompaktøvinga og eitt i blanda lagkonkurranse.
Også Jens Lurås Oftebro var med på det gullet.
Han tok sølv i den individuelle konkurransen.
Riiber legg opp etter sesongen.
Publisert 07.03.2025, kl. 12.43 Oppdatert 07.03.2025, kl. 13.53