Grasbrann ute av kontroll på Vågsøy i Kinn kommune

2 weeks ago 16



Meldinga om grasbrannen kom klokka 18.24 til brannvesenet.

– Det var observert nokre personar som prøver å sløkke. Brannvesenet kjem raskt fram, og ber om meir ressursar då dei ikkje får kontroll, seier vaktleiar Jostein Steinsland Hauge i 110-sentralen til NRK.

Dei har bestilt skogbrannhelikopter, men det nærmaste var i Sauda, og er no på veg.

Grasbrannen er rundt 100 meter frå vegen og går nordover mot Refviksanden. Det skal vere rundt 500 meter til dei næraste husa og dei er førebels ikkje trua.

Grasbrann Refvik, Kinn

Foto: Hans Thomas Hagen

Brannen har spreidd seg over Ramnereiret. Terrenget er bratt og krevande å jobbe for brannvesenet.

Politiet har stengt fylkesveg 5717 ved Refvika, og det blir omkøyring rundt Halsaneset. Det er førebels ikkje aktuelt å evakuere bebuarar, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ein ambulanse sjekkar no ein person som kan ha fått i seg røyk. Det er førebels uklart kva som skal ha skjedd.

Brann Refvik, Kinn

Foto: Hans Thomas Hagen

Publisert 28.04.2024, kl. 19.56 Oppdatert 28.04.2024, kl. 20.05

Read Entire Article