Nettavisen skal ha ny redaktør. Gunnar Stavrum skal gi seg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa, kjem det fram i ei pressemelding frå Amedia.
– Eg held fram som sjefredaktør til ein erstattar er på plass. Det er normal drift og lesarar, sjåarar og tilsette skal ikkje merke noko forskjell inntil den nye redaktøren er klar, seier han til Nettavisen.
Stavrum gir seg etter 25 år i jobben. Han vil blir no politisk redaktør i avisa.
– Gunnar Stavrum har gjort ein formidabel jobb som ansvarleg redaktør for Nettavisen. No skal vi finne etterfølgaren som kan utvikle Nettavisen vidare, seier styreleiar Ingrid Skogrand i pressemeldinga.











English (US)