Ein laksemerd ved Årnes i Namsos har fått skadar etter eit omfattande pigghåangrep førre veke.
Oppdatert torsdag 18. desember kl. 15:24
Fisken i den aktuelle merden er flytta over i ei ny nót, men det er uklart kor mange som har rømt.
– Det er for tidleg å seie noko om omfanget av rømminga, opplyser Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Skadane vart oppdaga fredag 12. desember ved eit anlegg i Lyngholmfjorden som tilhøyrer Salmar Oppdrett AS.
Det vart prøvd å hente inn igjen oppdrettslaks med gjenfangstgarn, men det vart avslutta mellom anna på grunn av fangst av pigghå, som er den mest talrike haiarten i Nord-Atlanteren.
Publisert: 18.12.25 kl. 15:23Oppdatert: 18.12.25 kl. 15:24
1 day ago
4











English (US)