Hamas publiserer ny gisselvideo – israelarar tryglar regjeringa om våpenkvile

2 weeks ago 20



Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 27.4.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

– Godta ein avtale, kva som helst. Det er mogleg. Eg tryglar dykk.

Det sa Dani Miran i ein appell til Israels regjering etter å ha sett videoen av sonen sin, Omri Miran, som framleis er i Hamas' fangenskap på Gazastripa.

Miran var ein av titusenvis av demonstrantar som hadde møtt fram utanfor Tel Aviv kunstmuseum i går, på eit torg som har fått namnet Hostages Square.

Staden har blitt ein møtestad for pårørande. 30.000 menneske møtte opp laurdag kveld, ifølge arrangørane.

protest israel

«På grunn av deg døyr vi» står på det på ein plakat under ein demonstrasjon i Tel Aviv laurdag kveld.

Foto: Jack Guez / AFP

Tryglar regjeringa

Sinnet og frustrasjonen blant demonstrantane er retta mot statsminister Benjamin Netanyahu, på grunn av hans manglande evne til å få på plass ein avtale med Hamas.

Netanyahu blir skulda for å ikkje setje gisselas sikkerheit først.

– Vi vil at Bibi (Benjamin Netanyahu) skal tenke slik Biden tenker på dei kidnappa, på valet, på alt. Fordi Biden bryr seg meir om Israel enn kva Bibi gjer, seier Ely Ellieser til AP.

Demonstrasjonar braut ut over heile Israel laurdag kveld. På motorvegen Ayalon er det skrive «nok» i flammar.

Reuters

Meirav Svirsky var ein av mange som protesterte utanfor Det israelske forsvarets hovudkvarter i Tel Aviv laurdag. Broren blei drepen i fangenskap og foreldra blei drepne under angrepet 7. oktober.

Ho stiller spørsmål til kva militært press eigentleg har ført til, og bønnfell den israelske regjeringa om å ikkje gå inn i Rafah med bakkestyrkar.

– Ver så snill, ikkje gjer same tabbe som tidlegare ved å gå inn i Rafah. (...) For ein gongs skuld, set liva til gislane først, sa Svirsky i ein appell.

Ho fryktar det berre vil føre til at fleire gislar døyr.

Tre minutt lang redigert video

I ein tre minutt lang video snakkar dei to gislane, israelske Omri Miran og amerikansk-israelske Keith Siegel, til familiane sine.

Dei fortel at dei har fått sjå demonstrasjonane i Jerusalem og Tel Aviv, og ber om at folket held fram med å presse regjeringa.

På eit tidspunkt bryt Siegel ut i gråt.

keith siegel i gisselvideo

«Eg håpar at eg ser dykk snart», seier Keith Siegel i videoen publisert av Hamas. Han blei kidnappa frå kibbutz Kfar Azza.

Foto: Hamas Media Office / AFP

Miran og Siegel blei kidnappa frå kibbutzane Kfar Azza og Nir Oz. Også kona til Miran blei tatt til fange, men blei lauslaten under den sju dagar lange våpenkvila i november i fjor.

Det er uvisst om Miran og Siegel snakkar under tvang og om Hamas har instruert oppførselen deira.

Men det er gjennomgåande med kritikk mot den israelske regjeringa i alle gisselvideoane som er publiserte av Hamas, i tillegg til forsikringar om at gislane har det fint.

– Å sjå far min i dag understrekar berre kor sårt vi treng ein avtale så raskt som mogleg, og få alle heim att, seier ei av døtrene til Siegel i ein video.

Videoen er publisert av Hamas' militære fløy, al-Qassam-brigaden.

Han startar med eit klipp av Israels statsminister Benjamin Netanyahu som seier at berre militært press vil lauslate fangane. Vidare er det redigert inn eit klipp av Siegel som rister på hovudet.

Bodskapen frå Hamas er klar. Militært press fungerer ikkje.

Ei siste forhandling

Egypt, Qatar og USA er meklarar mellom dei to krigande partane, og ifølge israelske tenestemenn vil Israel gi forhandlingane «ein siste sjanse» før dei går inn med bakkestyrkar i Rafah.

Hamas opplyser søndag at dei vil sende ein delegasjon til Egypt for å evaluere eit våpenkvileforslag frå Israel.

Samstundes er verdsleiarar samla i Saudi-Arabia i samband med Verdas økonomiske forum.

Leiaren, Børge Brende, uttrykte søndag noko optimisme, ifølge Al Jazeera. Han kunne fortelje at «det er eit nytt momentum i samtalane om gislane, og også for ein mogleg veg ut av blindvegen vi står overfor i Gaza».

gisselvideo av Omri Miran

I den tre minutt lange videoen fortel Omri Miran (46) at han har vore i fangenskap i 202 dagar. Det er ikkje mogleg å verifisere når og kvar videoen er filma.

Foto: Hamas Media Office / AFP

Uvisst kor mange som lever

Førre gong Hamas og Israel inngjekk våpenkvile, blei over 100 gissel lauslatne gjennom ein fange- og gisselutveksling.

I utgangspunktet tok Hamas over 250 menneske til fange under terrorangrepet 7. oktober. Ifølge ekspertar er det umogleg å vite nøyaktig kor mange som framleis lever.

Mest sannsynleg er dei gøymde inne i tunnelane under Gazastripa. Andre gissel fortel at dei har budd i leilegheiter og blitt flytta på fleire gonger.

Ifølge Israel er 31 av gislane blitt drepne, anten i israelske bombeangrep eller under andre tilhøve. Israels talsperson David Mencer meiner at det framleis er 133 gissel att på Gazastripa.

Publisert 28.04.2024, kl. 14.01 Oppdatert 28.04.2024, kl. 14.07

Read Entire Article