– Eg trur folk er veldig klare for å bli ferdige med saka. Det har hengt over mange i lang tid. Så at det blir sett eit punktum no, trur eg berre er godt for folk.
Det seier Torbjørn Fredagsvik. NRK møter han utanfor butikken i Frosta sentrum.
– Det er ei sak som omhandlar veldig mange, og så har det føregått veldig lenge. Folk er nok prega på mange måtar, og blir jo minte på det kvar dag.
– Folk skjemmest kanskje litt for å seie at dei er frå Frosta, så det blir bra for folk å bli ferdig med dette, legg han til.
Om lag 72 kilometer frå den vesle kommunen, i Frostating lagmannsrett, starta ankesaka mot Arne Bye i dag.
Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta er dømd for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang.
I ankesaka skal lagmannsretten avgjere kva straff Bye skal få for det desse lovbrota, som han er dømd for.
Ber om at Bye blir vurdert på mildaste måte
– Det vil bli lagt ned påstand om at Arne Bye blir vurdert på mildaste måte.
Det seier Linn Haug Holm i Frostating lagmannsrett. Ho er ei av tre som forsvarer Arne Bye i ankesaka.
– Bye blei dømd til 21 år i fengsel, men det har skjedd ei endring i straffelova med verknad den 1. juli 2025, seier forsvarar Eirik Svingen Bjørgo.
Eirik Svingen Bjørgo er ein av Bye sine tre forsvararar.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKFor når lagmannsretten no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.
Dette er begge partane einige om.
Frosta-saka
- Kvifor skal saka mot Arne Bye gå for retten igjen?
Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett. Han blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang.
Men så anka Arne Bye dommen, både straffeutmålinga og skuldspørsmålet. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til å motsette seg det som skjedde på legekontoret.
Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutmålinga og anke over skuldspørsmålet for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.
Men så trakk Bye anken over skuldspørsmålet, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutmålinga.
Dermed er skuldspørsmålet rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal dømmast til for desse lovbrota.
- Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?
Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutmålinga – altså kva straff Bye skal få for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Trøndelag tingrett sin dom frå 6. juni.
I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.
- Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan får blitt kortare?
Når Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.
Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Trøndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av § 292 i straffelova.
Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.
Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.
Dermed blei Arne Bye dømd til 21 år fengsel i Trøndelag tingrett, den 6. juni 2025.
Då lovendringane som blir kalla «samtykkelova» trådde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.
I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.
Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.
Dersom han skal dømmast til 21 år i fengsel, må det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.
- Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?
Ankesaka som no går for retten påverkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.
Dette er to parallelle løp: Sakene som går for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.
Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 fornærma.
Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 – parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.
Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga.
– Påstand frå påtalemakta si side er fengsel i 16 år, då me ikkje kan seie at det er grunnlag for frådrag i dette maksimalnivået.
Det seier statsadvokat Rikhard Haugen Lyng i retten.
Det er sett av tre dagar til behandling av ankesaka i Frostating lagmannsrett.
Statsadvokatane Rikhard Haugen Lyng og Eli Reberg Nessimo i samtale med Arne Bye sin forsvarar Frode Wisth.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Me må stå i det saman
Samstundes som ankesaka går for retten, er kommunen godt i gang med å totalrenovere legekontoret i Frosta.
Legekontoret i Frosta kommune skal bli heilt nytt.
Foto: Jøte Toftaker / NRK– At det blir sett eit slags punktum for den delen av saka trur eg bryr veldig mykje for dei som er direkte involvert og også for bygda.
Det seier leiar for sanitetsforeininga i Frosta, Kirsten Ulriksen Skogseth.
– Alle me på Frosta kjenner nokon som har hatt det vanskeleg i denne saka. Så me har fått øve oss på å vere gode sambygdingar, gode vener og gode slektningar.
Skogseth seier fleire av dei fornærma er skuffa over at ei lovendring endrar maksstraff for det Arne Bye er dømd for.
Foto: Jøte Toftaker / NRK– Kva tenker du om vegen framover?
– Me må stå i det og me må stå i det saman. Støtte kvarandre og godta at folk reagerer forskjellig og kjem seg ut av dette i kvar si takt og sitt eige tempo.
Tove Røddesnes er koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma kvinnene. Ho fortel at det er ei lette for dei fornærma kvinnene å sleppe å forklare seg i lagmannsretten.
– Samstundes er det ei belasting, det er helseopplysingar om dei og det er video som er svært sensitiv. Så det er ei belasting å vere ein del av det.
Røddesnes fortel at mange av dei fornærma kvinnene er i traumebehandling og er på veg tilbake.
– Dei står framleis i ein berg-og-dal-bane. Vi merker at belastinga framleis er veldig høg.
Tove Røddesnes og Ingunn Kjelstad er koordinerande bistandsadvokatar for dei fornærma kvinnene.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKForsvarar om Bye: – Han har det tungt
Arne Bye kom inn i rettssal 206 i Frostating lagmannsrett like før ankebehandlinga starta klokka 09.00.
– Han har det tungt. Det er svært krevjande for han å vere, seier forsvarar Frode Wisth.
Bye sette seg ned mellom dei tre forsvararane sine, like overfor påtalemakta.
Då retten blei sett begynte Bye å notere og hadde med seg seks pennar i forskjellige fargar.
Gjennom heile dagen sat han konsentrert og roleg – slik han også gjorde i tingretten.
Bye skal forklare seg i retten torsdag.
Bye sin forsvarar, Frode Wisth, fortel at Bye har det tøft.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Arne Bye vil forklare seg om personlege forhold og omstende rundt dei straffbare forholda som er gjort, seier Haug Holm.
I tillegg les både forsvararane og påtalemakta opp enkelte delar av tingretten sin dom og skal vise eit utval av videoane frå legekontoret.
– Retten er nøydd til å ha eit representativt utdrag. Dei må ha mogelegheit til å gjere seg opp ei meining om kor grovt dette har vore. Eller kor lite grovt det har vore, seier forsvarar Bjørgo.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?
Då vil eg veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Publisert 26.11.2025, kl. 15.13 Oppdatert 26.11.2025, kl. 15.53




















English (US)