Lurte på om Glimt-stjerna var forheksa

1 hour ago 3



Spørsmåla har vore mange til Bodø/Glimt-trenar Kjetil Knutsen i haust.

Ei rekke gonger har han prøvd å forklare kvifor Høgh har slutta å skåre mål.

Tysdag skjedde det igjen: Høgh fekk fleire sjansar til å skåre, men endå ein gong rusla han av banen utan mål.

– Han har vel slite litt, men han jobbar godt på trening og han mistar ikkje motet. Vi får berre prøve å hjelpe han så godt vi kan, seier lagkamerat Ole Didrik Blomberg til NRK.

Vraka toppskåraren

Tysdag kom også stadfestinga på at Høgh ikkje lenger har ansvar for å skyte straffar.

Kasper Høgh har tatt to straffer i meisterligaen, med bom på begge.

Tysdag var det Sondre Brunstad Fet som tok straffa – og skåra.

– Er det du som er straffetakar i Bodø no?

– Akkurat no, ja, svarer Fet.

JUBEL Sondre Brunstad Fet feirar målet med ballen i hendene. Bak han: Kasper Høgh.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Feira med Høgh

Kasper Høgh står med to målpoeng (eitt mål og éin målgivande pasning) dei siste 15 kampane.

Den målgivande pasningen kom mot Juventus tysdag. Etter målet sprang Blomberg rett bort til Høgh for å feire med nettopp han.

– Eg kjenner vi har ein god «connection», og så sa han at «no skuldar eg han ein», forklarer Blomberg.

Men måla manglar framleis for Høgh. Dei svake involveringane har tårna seg opp i haust.

Dette skjedde for eksempel sist fredag mot KFUM Oslo

  • Høgh sette ballen i mål like før pause, men målet blei annullert på grunn av offside.
  • Høgh kom aleine med målvakt, men fekk ei dårleg berøring og mista ballen.

På toppen av dette stod han i offside tidleg i kampen som gjorde at eit Glimt-mål blei underkjent.

– Mannen er jo forheksa, melde TV 2 sin kommentator Simen Stamsø Møller.

– Det er altså så mykje stolpe ut og bommar på Kasper Høgh denne sesongen, melde Møller.

en gruppe menn i gule uniformer på en fotballbane.

MÅLLAUS: Kasper Høgh avbilda idet han blir byta ut. Ei heller i denne kampen blei det skåring.

Foto: Fredrik Varfjell / NRK

– Forheksa og forheksa

Bodø/Glimt sin Haitam Aleesami trekker på smilebandet når NRK vidareformidlar bodskapen.

– Forheksa og forheksa, seier Aleesami, og slår tilbake:

– Om du ser på innsatsen han legg ned, korleis han vinn duellar og andreballar ... Han gjer ein fantastisk jobb, seier han.

Men framfor mål har han hatt ein fæl haust. Han har åtte strake kampar utan mål. Sist skåring var mot Sarpsborg 08 18. oktober.

Det står i skarp kontrast til sesongstarten. Då var Høgh suveren toppskårar i eliteserien.

– Å stå i dette er ein læringsprosess for han. Det blir mentalt krevjande. Han gjer veldig mykje bra, men har litt marginar imot, seier trenar Kjetil Knutsen.

– Han gjer maks av det han kan gjere, meir kan vi ikkje vente, seier han.

– Det er ei mental greie for spissar. Ein har så lyst til å skåre, ein vil litt for mykje nokre gonger, seier Aleesami.

Kjetil Knutsen på treningsfeltet sammen med spiller Kasper Høgh

FØR KAMP: Kjetil Knutsen i prat med Kasper Høgh måndag ettermiddag.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sløser

Den forklaringa kjøper ikkje NRK sin fotballekspert.

– Eg klarer ikkje å sjå kva han er god på. Når ein måler opp mot meisterliga-kvalitet så har han ikkje kvaliteten som skal til.

Det er dommen frå Carl-Erik Torp.

Torp har sett alle meisterligakampane til Glimt frå tribunen, og har ikkje late seg imponere.

– Det er ingen x-faktor. Han kjem seg ikkje framfor oppassarane sine når det gjeld framfor mål, og blir altfor passiv, seier Torp.

Han viser til Glimt sine tidlegare spissar, Victor Boniface og Faris Pemi Moumbagna.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp avbildet på fotballkamp i Istanbul

EKSPERT: Carl-Erik Torp, her avbilda under Bodø/Glimt sin meisterligakamp i Istanbul i haust.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Dette er typar som hadde skapt mykje meir trøbbel for motstandaren. Då hadde Bodø/Glimt hatt fleire poeng i meisterligaen, seier Carl-Erik Torp.

Mot Juventus skjedde det igjen: Høgh rusla mållaus av banen.

Kampane inkluderer fleire straffebom, stolpeskot og annullerte offsidemål.

– Han blir ståande i ein posisjon der han aldri kan skåre, seier Torp, som rett nok løftar Høgh litt opp:

– Han jobbar for så vidt godt for laget og er viktig på defensive dødballar. Men det bør vere eit minstekrav for ein Glimt-spiss.

Publisert 26.11.2025, kl. 15.30

Read Entire Article