– Eg trur det vil vere mogleg å få til ein bra klima- og miljøpolitikk med det Stortinget vi har fått, seier Stig Schjølset frå Miljøstiftelsen ZERO.

Publisert 18.09.2025 08:02
Valet er over, og framtida ser raud-grøn ut.
Miljøstiftelsen ZERO meiner dei neste fire åra vil bli heilt avgjerande for miljøet, og kjem i dag med ein «hugselapp» til den nye regjeringa.
På den er ei liste over tiltak dei meiner regjeringa bør prioritere. Dei har ramsa opp både store grep og meir spesialiserte forslag innanfor dei mest utsleppstunge sektorane.
– Det viktigaste er å fortsette å auke CO₂-avgifta, støtte til utsleppskutt i industrien og at Noreg bør bidra meir til internasjonal klimafinansiering, seier leiar Stig Schjølset.

– Ein stor seier
Ifølgje Schjølset vil det vere enklast å gjere utsleppskutt i transportsektoren i denne stortingsperioden.
Han peiker på at for ti år sidan vedtok Stortinget eit mål om at alle nye bilar i 2025 skulle vere elbilar, eit mål han meiner vi no kjem til å nå i praksis.
– Det er ein stor seier i klimapolitikken. I løpet av de neste årene kan stadig fleire varebilar, bussar og lastebilar også bli elektriske. Det vil gi store utsleppskutt.
Dei foreslår for eksempel å gi kommunane lov til å innføre nullutsleppssoner for nyttekøyretøy i bysentrum, og å sikre utbygging av konkurransedyktig lading for elvarebilar og ellastebilar.
Ti av tiltaka ZERO vil få igjennom:
- Trappe opp CO2-avgifta fram mot 2035
- Innføre ei auksjonsordning for utsleppskutt og CO₂-fjerning
- Tredoble den global klimafinansieringa
- Etablere ei kraftpakke, som gjer det attraktivt for kommunar å drive med fornybar kraftproduksjon
- Vidareutvikla Norgespris for straum
- Kompensera for areal- og natur tap med restaurering
- Legge fram ei nasjonal omstilling av norsk økonomi
- Greie ut korleis inntekter frå klima- og energipolitikk kan fordelast rettferdig
- Etablere eit klimaråd
Forslaga handlar mest om korleis å kutte i Noreg, men Schjølset legg vekt på at det er viktig at Noreg bidrar globalt gjennom Klimainvesteringsfondet.
– Dette er lønnsame investeringar, så Noreg tener pengar samtidig som vi bidrar til store utsleppskutt.
Råda er konkrete, og skal kunne bli brukt i forhandlingar.
Nokre av tiltaka ønsker dei skal bli innført allereie innan dei fyrste 100 dagane, som å innføre ei auksjonsordning for store utsleppskutt og CO₂ fjerning.

Det vil seie at prosjekt kan søke om statleg støtte til utsleppskutt eller CO₂ fjerning. Dei mest klimavennlege prosjekta vil då få tildelt middel.
Og med fleire raud-grøne parti over sperregrensa kan det vere god grunn til å tru at råda kan bli godt mottatt.
– Ein av dei viktigaste sakene
Stortingsvalet i 2021 blei eit klimaval, og regjeringa lova eit klimaløft. Slik det ser ut no vil ikkje regjeringa nå måla som blei sette for fire år sidan.
Men i årets val var det lite snakk om klima: Formuesskatt, statsministerposten, og sperregrenser blei dei store snakkisane.
Det var kanskje derfor fleire blei overraska over at Miljøpartiet Dei Grøne kom over sperregrensa for fyrste gong i år.

MDG historiske: – Dette er helt vilt
– Klima var lite diskutert i valkampen, men det var likevel ei av de viktigaste sakene for veljarane, seier Schjølset.
Han har trua på at det nye Stortinget kan føre god miljø- og klimapolitikk.
Klimaministeren er klar
«Hugselappen» blir lagt fram klokka 08:30 torsdag på Byens tak i Oslo, med fleire politikarar klare for å diskutere etterpå.
Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) vil møte Lars Haltbrekken (SV) og Margit Martinsen Bye (MDG).
Magnus Takvam frå Altinget vil kome med ei politisk analyse etterpå. Stig Schjølset og ZEROs fagsjef Anne-Post-Melbye vil og delta.