I 2019 bestemte politikarane at delar av jordet på Overvik i Trondheim kunne byggast ut.
Då starta tre utbyggarfirma å planlegge bygging av bustader, skule og barnehagar.
Men i fjor snudde politikarane og bestemte at området ikkje skal brukast til utbygging likevel.
På grunn av dette har tre utbyggarselskap saksøkt Trondheim kommune for 2,55 milliardar kroner.
Kommunen avviser kravet og i dag møter dei utbyggarane i retten.
- Kvifor er Trondheim kommune saksøkt?
Tre selskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,5 milliardar kroner fordi dei ikkje får bygge bustader på eit jorde.
Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området fordi politikarane i 2019 vedtok at det kunne brukast til utbygging.
Derfor sette selskapa i gang med investeringar og planlegging av å bygge bustader, men i fjor haust vedtok politikarane at området ikkje kan byggast ut likevel.
- Kven saksøker Trondheim kommune?
Saksøkarane er Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS.
Kolbjørn Opsahl Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa.
- Kan politikarane berre ombestemme seg for kva området skal brukast til?
Det har lenge vore ueinigheit blant dei politiske partia i Trondheim om kva området skal brukast til. Enkelte parti ville at det skal byggast ut, medan andre ville at det skulle brukast til landbruk og fleirtalet har variert mellom desse to standpunkta.
Først var området definert som matjord, så vedtok politikarane at det skulle brukast til bustadbugging.
Men i fjor vedtok eit einstemmig bystyre i Trondheim kommune at området skulle definerast som landbruksareal.
Difor har utbyggarslskapa no saksøkt kommunen.
Krev tilbakebetaling for VIP-billettar og rafting
Utbyggarselskapa har saksøkt Trondheim kommune for tapt forteneste fordi at eigedommane ikkje kan utviklast til bustadområde.
Blant kravet på 2,55 milliardar kroner ligg kostnader knytt til utvikling, arkitekt, finansiering og konsulentar.
Men i tillegg krev selskapa tilbakebetaling for utgifter for sesongkort, VIP-billettar, rafting på Geilo, iskulp i garderobe, samt turar til Planica og Svolvær.
Det er sett av sju dagar i Trøndelag tingrett til å behandle søksmålet.
Frå matjord til utbygging og tilbake igjen
Politikarane i Trondheim har lenge diskutert kva området skulle brukast til.
I 2005 vedtok politikarane at Overvik skulle brukast til landbruk-, natur og friluft.
Etter dette begynte grunneigarar å jobbe for at området skulle omdisponerast til bustadutbygging.
Politikarane i Trondheim fekk kritikk for å la seg påverke av utbyggarane.
Men i 2019 vedtok bystyret at området aust i Trondheim skulle brukast til utbygging av bustader.
Opprinnelig vedtatt områdeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2019
Endret ommrådeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2024. De fire sørlegaste områda er no markert i grønt (NRK sine markeringar) for å illustrere at dei er sett av som landbruk-, natur- og friluftslivområde.
Planen mogeleggjorde utbygging av minst 2400 bustader, ein barneskule og to barnehagar.
Utbyggarane gjekk i gang med å bygge bustader på ein liten del av området. Fleire av desse står ferdig og er busett i dag.
To år seinare blei det vedteke at det ikkje skal byggast ut på deler av området likevel. Det skulle førast tilbake til landbruk, natur og friluftsliv.
I 2024 vedtok bystyret vern av delar av området.
Då gjekk Sentrum-høgre-byrådet til SV for å dra i land arealplanen til Trondheim kommune.
No går selskapa Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS til søksmål mot kommunen.
Ville at fleire profilerte politikarar skulle vitne
Utbyggarselskapa hadde på førehand ønska at fleire profilerte politikarar skulle vitne i retten.
Blant dei var Høgre-leiar Erna Solberg.
Erna Solberg og Kolbjørn Selmer, styreleiar i alle dei tre selskapa, på Overvik i 2013.
Foto: Kjartan Ovesen / NRKI 2013 var ho på besøk på Overvik og uttalte seg om utbyggarplanane.
– Me kan ikkje seie at ein by som Trondheim skal stoppe utviklinga si. Så bynære område må me forvente at ikkje skal brukast til landbruk, men faktiske bustader, sa Solberg til NRK.
Men kommuneadvokaten motsette seg dette og saksøkarane gjekk med på at Solberg ikkje treng å vitne likevel.
Ein av dei som skal vitne er ordførar i Trondheim, Kent Ranum (H).
Publisert 10.11.2025, kl. 09.31

















English (US)