Eit styrevedtak frå Norges Friidrettsforbund seier at Gjert Ingebrigtsen ikkje får akkreditering gjennom det norske forbundet til meisterskap.
Likevel dukka trenaren opp under EM i terrengløp i Portugal denne helga. Der var han på plass, med trenarakkreditering, for å følge opp den portugisiske eleven sin José Carlos Pinto.
Akkrediteringa fekk han via det portugisiske forbundet, og han fekk dermed også ikle seg kleda til det portugisiske landslaget.
– Forbundet sender inn ei liste over dei utøvarane som skal vere med, og dei leiarane som skal vere med. Så får ein tilbake ei akkreditering. Det fekk eg denne gongen. Så er det ikkje noko meir hokuspokus, seier Ingebrigtsen til NRK.
Den norske trenaren fekk ikkje akkreditering til VM i Tokyo i september, men han meiner sjølv at Pintos prestasjonar i det siste gjer at han nå får det.
– Det er jo sånn at når (José Carlos) Pinto vann det portugisiske meisterskapet i terrengløp, så blir det relevant at han får eit høve til å få med seg nokon til det europeiske meisterskapet. Så det er ikkje meir komplisert enn det, seier trenaren.
TOMMEL OPP: José Carlos Pinto vann den portugisiske meisterskapen i terrengløp. Under EM søndag måtte han bryte etter ein smell.
Foto: Marius Simensen / BildbyrånOpnar opp for EM i Birmingham
Ingebrigtsen er tydeleg på at det «ikkje var plass til han» på lista til det portugisiske forbundet under VM i Tokyo, og meiner det var derfor han ikkje fekk vere med.
– Det har noko med at det er litt romslegare i eit europeisk meisterskap når det gjeld akkrediteringar, enn det er i eit VM, seier han og fortset:
– I eit VM går det veldig saman med kor mange utøvarar du har, og Portugal hadde ikkje så mange, og dermed så får du ikkje så mange akkrediteringar. Så da tar dei ut dei menneska som dei kjenner frå sitt eige lag og forbund, forklarer han.
Men ifølge trenaren bør dette gi han moglegheita for å bli akkreditert til meisterskap, også i framtida. For eksempel EM i Birmingham i august 2026.
– Tida vil vise, men det er jo same gjengen (det europeiske friidrettsforbundet) som arrangerte dette meisterskapet, som skal arrangere det. Så det vil overraske meg om eg ikkje får det.
NRK har kontakta det portugisiske forbundet og spurt kvifor dei nå valde å gi Ingebrigtsen akkreditering, og om det betyr at dei vil gi han det i kommande meisterskap, men ikkje fått svar.
Han legg likevel til eit atterhald: At Pinto må fortsette å prestere på eit høgt nivå.
– Det handlar om å ha utøvarar kvalifisert, og det handlar om å ha noko der å gjere. Men viss utøvarane er gode nok, så blir du prioritert, konstaterer han.
– Ikkje noko problem for meg
Sportssjef i det norske friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, fortel at dei ikkje vil legge seg opp i om Portugal vel å akkreditere han til seinare meisterskap.
– Vi har ikkje noko med kva andre forbund gjer. Eg forheld meg berre til det styret vårt har sagt, seier Slokvik til NRK.
Han forklarer vidare at det er styret i forbundet som avgjer om vedtaket om Ingebrigtsens akkrediteringsnekt skal fortsette.
– Akkrediteringsnekten er uavhengig av avgjerda til det portugisiske forbundet, og gjeld framleis med tanke på kven som skal utgjere støtteapparatet til den norske troppen. Vi har elles ingen kommentarar til at han får akkreditering av Portugal, skriv president Runar Bålsrud i ein SMS til NRK.
SPORTSSJEF: Erlend Slokvik.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånPå spørsmål til Slokvik om han ser på det som sportsleg problematisk at Ingebrigtsen kan komme til å vere til stades på framtidige meisterskapar, så svarer han følgande:
– Det har ikkje eg nokon kommentarar til som sportssjef. Han er jo på stemne rundt omkring i Noreg elles, og det er ikkje noko problem for meg. Vi bygger støtteapparatet vårt for oss og med dei retningslinjene vi har, svarer Slokvik.
– Narve har jo han som trenar, så om han får høve til å reise med andre nasjonar, så synest sikkert Narve at det er fint for hans del, fortset han.
VM-LØPAR: Narve Gilje Nordås klarte ikkje å få det heilt til under VM i Tokyo i september.
Foto: Joel Marklund / BildbyrånKan få ansvar for dei norske utøvarane sine
Dersom trenaren fortset å få akkreditering til meisterskap, så er han tydeleg på at han kjem til å ta ansvar for alle utøvarane sine som er kvalifiserte.
Blant anna Narve Gilje Nordås, som har vore fast inventar for Noreg i dei siste internasjonale meisterskapane. Også Per Svela har tidlegare deltatt i internasjonale meisterskapar, som EM i 2024.
– Det blir fort å tenke seg at det blir sånn. Fordi det verkar for meg som at haldninga til det norske forbundet ikkje vil endre seg i næraste framtid, seier Ingebrigtsen.
– Kva betyr det for deg og utøvarane dine, at du har akkreditering?
– For min del betyr det jo at eg kan vere med utøvarane gjennom eit meisterskap og alt det der. Så for utøvarane betyr det jo ei større grad av tryggleik. At ting er som det pleier å vere. At du har trenarane dine i nærleiken av deg.
KAN BLI MED: Narve Gilje Nordås har klart seg utan trenaren i fleire meisterskapar.
Foto: Carl Sandin / BildbyrånSlokvik hadde ansvaret for Nordås da Ingebrigtsen ikkje var til stades under VM i Tokyo. Han reknar med at den norske utøvaren vil nytte seg av trenaren sin dersom han får akkreditering til framtidige meisterskap.
PS! Pinto braut EM i terrengløp søndag etter eit fall i starten av løpet.
Publisert 15.12.2025, kl. 13.06 Oppdatert 15.12.2025, kl. 13.21



















English (US)