Her ser Tina (8 md.) mamma sprenge grenser – Johaug måper av resultatet

4 hours ago 2



– Det viser jo litt kva som bur i jenta, da. Det må eg jo seie. Det er jo kjempebra. Herregud.

Slik reagerer NRK-ekspert Therese Johaug når NRK fortel henne om friidrettsutøvar Hanne Maridals resultat på ein VO2 maks-test i desember.

Resultatet viste 80,1, noko som er svært høgt. Johaug er ein av svært få andre kvinner som har oppnådd liknande før Maridal.

– Det viser jo at ho har ein enorm kapasitet, da. Verkeleg, seier Johaug.

NRK møter Maridal i portugisiske Lagao der ho skal konkurrere under EM i terrengløp søndag. Ho understrekar at ho sjeldan har vore i betre form.

– Eg blei litt overraska, men samtidig så har eg svart skikkeleg bra formmessig dei siste to månadene, så eg kan forstå resultatet òg, på eit vis. Men det er greitt å vite at taket er høgt. Og så er det utnyttingsgrada som betyr noko, seier Maridal.

Flere kvinnelige løpere deltar i en konkurranse. De er iført sportsdrakter og løpesko. Omgivelsene inkluderer grønne områder og tilskuere i bakgrunnen. Arrangementet foregår under en tydelig dagslys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TRENA GODT: Hanne Maridal har eit høgt oksygenopptak. Her under VM i Tokyo i september.

Foto: Heiko Junge / NTB

Mamma-effekt

Det er åtte månader sidan friidrettsutøvar Maridal blei mor til dottera Tina.

– Ho har måtta vere med på testlaben på Granåsen nokon rundar. Men ho stortrivst med det, så det har vore fint, forklarer løparen.

Ho meiner sjølv at fødselen har gitt henne eit løft.

– Det er kanskje ho som er grunnen til at eg har det oksygenopptaket òg, da. Det er kanskje mammaeffekten. Eg trur det er fysiologiske ting som skjer når ein har vore gravid og har fødd. Men det er jo totalen, da. Og den gleda over å vere mamma òg.

Og der får ho støtte av Johaug, som sjølv merkte ein positiv effekt etter ho blei mor i 2023.

– Ein merkar at ein får eit mammaløft. Den kjente eg veldig på sjølv. For kroppen blir òg sterkare etter ein graviditet. Tru det eller ei, seier Johaug og fortset:

– Det er jo det mest brutale ein går gjennom, men samtidig så har ein jo sett fleire eksempel på at ein gjer det bra i etterkant. Amalie Iuel presterte jo heilt rått etter at ho fekk barn. Men det skal på ein måte leggast ned ein heilt vill innsats for å få over 80 i O2, for å seie det sånn.

Dame i rød jakke på skistadion

MAMMA-EFFEKT: NRK-ekspert Therese Johaug trur at også Hanne Maridal kan ha hatt god effekt av å bli mor.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Må få det ut i løp

Men til så lenge har det ikkje blitt dei største internasjonale resultata på løpsbanen for Maridal.

Ho kom seg til VM i Tokyo i september, og enda på 56. plass i maraton.

NRK-ekspert Vebjørn Rodal håpar at Maridal vil få brukt kapasiteten på eit punkt.

– Så vidt eg veit, så er det resultatet heilt i toppsjiktet blant både norske og internasjonale kondisjonsutøvarar. Men foreløpig speglar det seg ikkje heilt i resultat, seier han og fortset:

– Og det blir jo veldig spennande å følge med på nå framover, om det her kan gi seg utslag i resultat på idrettsbanen som matchar nivået i O2-scoren.

Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal

VIL SJÅ MEIR: NRK-ekspert Vebjørn Rodal.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Maridal er einig med Rodal, men beskjeden er klar:

– Du må få det ut på banen òg, ja. Eg har ikkje sprunge dei beste løpa mine ennå, så det er berre å vente. Det kjem, konstaterer ho.

EM i terrengløp i Portugal blir sendt på NRK 1 og i NRK TV frå klokka 11.20 søndag.

Publisert 13.12.2025, kl. 22.09 Oppdatert 13.12.2025, kl. 22.36

Read Entire Article