Den norske fjellheimen er i kraftig endring. No slår ekspertar alarm om det som for mange er ein nasjonalskatt.

Publisert 02.09.2025 23:21
Saka oppsummert
- Den norske fjellheimen endrar seg raskt på grunn av klimaendringar.
- På Ulriken i Bergen kryp til dømes skoggrensa oppover, noko som kan påverke landskapet dramatisk.
- Eit nytt senter for fjellforsking er etablert for å studere desse endringane.
- Fjella våre er ofte ein viktig indikator på kva konsekvensar klimaendringane kan få for samfunnet, ifølgje forskarane.
- Forsking- og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland, seier denne typen forsking er avgjerande for å handtere klimaendringane betre.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikret av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI
For mange nordmenn, og kanskje særleg bergensarar blant dei sju fjell, so står den norske fjellheimen støtt i vår kultur og identitet.
Men no slår forskarar alarm.
Grunna klimaendringane endrar no fjellheimen seg raskare enn nokon gong tidlegare.
Det kan få enorme konsekvensar, frå Ulriken til Glittertind.
– Det har krope oppover
– Vi ser endringane spesielt godt på brear verda over. Men slik som her, på Ulriken, so ser vi at skoggrensa kryp oppover. Det er sjølvsagt ein konsekvens av mindre beiting, men også av at det vert høgare temperaturar.

Det seier Jostein Bakke, professor på Institutt for geovitenskap ved Bjerknessenteret og no leiar av Senteret for fjellforsking.
– Om ikkje lenge so kjem skoggrensa til å krype seg heilt opp på vidden her oppe. Det er jo kjipt når ein skal gå på tur her.
Vi møter Bakke på toppen av Ulriken i Bergen. Her markerer Universitetet i Bergen no opninga av eit nytt tverrfagleg senter som skal forske på konsekvensar på klimaendringar i fjellet.
Det er derfor ikkje tilfeldig at opninga er lagt til eit av dei høgste fjella i Bergen.
– Vi ser skoggrensa veldig godt her oppe. Den har krope oppover, og vil ha kome opp til vidda om 10-15 år. Ser du på bilete frå Bergen frå krigen, so var det ikkje eit einaste tre her oppe. Ein brukte all skogen til ved. Men so har trea byrja å krype oppover, og det har berre akselerert dei siste 20 åra, seier Bakke.
– Men det er ikkje berre grunna klimaet. Det er også ein annan bruk av fjellet i dag. Det er det viktig å vere klar over.

– Har ikkje gjort nok
Ein av deltakarane på opninga av det nye fjellsenteret er forskings- og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland.
Ho er djupt uroa for utviklinga ein no ser i den norske fjellheimen og glad for at eit slikt senter no vert etablert.
– Fjellforsking er viktig, ettersom klimaendringane merkes først høgt oppe, og det merkes allereie veldig godt i fjella våre.
– Både i formasjonar, i flaum, i skred og i ein del ganske dramatiske ting som skjer, seier Aasland.
Ministeren legg vekt på at mykje er gjort for å bremse klimaendringane, men at per i dag er det ingen som har gjort nok.
No håper ho det kan kome enno meir kunnskap rundt klimaendringar og korleis desse kan handterast.
Det håper ho det nye Fjellforskingssenteret kan bidra med.
– Forskinga er heilt grunnleggande for å kunne få til å ei betre bremsing og for ei enda betre handtering av klimaendringane, seier Aasland.

Alt heng saman
Ein av dei som no skal jobbe med å skaffe fram meir kunnskap om endringane som går føre seg i fjellet, er biologiprofessor Vigdis Vandvik.
– Klimaendringane har stor påverknad på fjellnaturen. Temperaturauka er viktig for fjellet, men fjellet skaper samtidig sitt eige klima.
Vandvik beskriv fjellet som eit tårn opp i atmosfæren. Her fangar fjellet til dømes nedbør. Det gjere at ein får mykje regn, som igjen fører til at du får større elvar.
Fjell står derfor for halvparten av vatn, elvar og vassressursar til verdas befolkning.
Kombinert med at fjell dekker rundt ti prosent av verdas areal, so kan endringar i fjella sin natur få enorme konsekvensar for folk.

– Når klimaet endrar seg, so endrar også fjellnaturen seg. Det kan føre til problem for folk som bur i og rundt fjella og naturfararar, og dessutan biologisk mangfald og økosystem, seier Vandvik.
– For fjella er naturen, snø, is, regn, atmosfæren og biologi tett knytt saman. Derfor er vi nøydd å forske på denne problematikken på ein tverrfagleg måte. Det gjer Fjellsenteret oss moglegheiter til.