Hevdar Nav bad dei om å tilsette asylsøkjar – no har firmaet fått bot på 300.000 kroner

3 hours ago 1



Tysdag blir ein merkedag for dei tilsette ved Runde Miljøsenter i Herøy. Då må leiinga møte i retten for å forklare kvifor dei i 12 år gav arbeid til Suel Kassembo som oppheld seg ulovleg i landet.

Bedrifta har fått krav om å betale 300.000 kroner i bot for å få saka ut av verda.

Det nekta dei å gjere, dermed hamnar saka i retten.

Arild Humlen er advokat for Runde Miljøsenter. Han seier dei avviser noko skuld, og seier saka er heilt spesiell.

– Det var det offentlege sjølv som kontakta senteret for å høyre om dei kunne engasjere og tilsette ein person som hadde søkt tilskot frå Nav, hevdar Humlen.

– Eg har aldri vore ute for ein situasjon der det offentlege har spelt ei utslagsgjevande rolle i iverksetjinga av ei ordning som har vore i strid med utlendingslova.

Senteret skal ha orientert både UDI, politiet, Nav og skatteetaten om at han jobba der. Ifølgje skatteregisteret har Suel Kassembo betalt over ein halv million kroner i skatt fram til 2023 – samtidig som han hadde fått endeleg avslag på opphaldsløyvet i Noreg.

Advokat Arild Humlen. Bildet er tatt ved en annen anledning.

Advokat Arild Humlen representerer Runde Miljøsenter i retten.

Foto: Lars Eie / NRK

Skulda for å ha brote lova grovt

Det er politimeisteren i Møre og Romsdal som har sikta miljøsenteret for brot på Utlendingslovens § 108 tredje ledd bokstav a for å ha gitt Kassembo arbeid i 12 år.

Politiadvokat Magne Kvalvik vil ikkje kommentere saka før rettsaka er i gang.

Han har tidlegare stadfesta overfor NRK at politiet i lang tid har kjent til at Kassembo både har budd og arbeidd i området utan å ha nødvendig løyve.

Tidlegare i år fekk han spørsmål om kvifor politiet ikkje greip inn dersom ein meinte dette var alvorleg. Då svarte han slik:

– Det er ikkje mitt bord, eg forheld meg til den saka som gjeld Runde Miljøsenter og ikkje utlendingssaka, sa han den gongen.

Jusprofessor Mads Andenæs har tidlegare refsa politiet for dårleg skjønn i saka, og sagt dei aldri burde bøtlagt Runde Miljøsenter.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik

Politiadvokat Magne Kvalvik ønskjer ikkje å kommentere saka i forkant av rettsforhandlingane.

Avviser initiativ

Fylkesdirektør Stein Veland i Nav vedgår at saka er spesiell, men avviser at dei har tatt initiativ til arbeidsavtalen med Runde Miljøsenter.

– Ut frå dei papira vi har, har vi ikkje hatt noko arbeidsretta tiltak i forhold til vedkomande, verken opp mot Runde Miljøsenter eller andre, seier han.

–Har Nav betalt ut løn eller andre ytingar til Kassembo for arbeidet på Runde Miljøsenter?

– Nei, vi har ikkje betalt ut løn, så vidt eg kan sjå. Vedkomande har mottatt ytingar etter sosialtenestelova, som blei vurdert å vere rett på det tidspunktet, seier han.

Stein Veland Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Stein Veland er fylkesleiar i Nav i Møre og Romsdal.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Har gått i kyrkjeasyl

Det har storma rundt Suel Kassembo tidlegare. Han har budd ulovleg i Noreg i over 20 år, krev opphald i landet, men har tapt i to rettsaker. Menneskerettsdomstolen har tidlegare sagt nei til å behandle saka hans, og no har han gått i kyrkjeasyl i Herøy.

Men i mange år arbeidde han på Runde Miljøsenter.

Han er ikkje glad for at arbeidsgjevaren hans no må møte i retten.

– Eg synest ikkje det er greitt når vi har følgt reglane, seier han til NRK.

Runde Miljøsenter er ein forskingsstasjon for kystøkologi og marin forsking, og ligg ytst i havgapet på Sunnmøre.

en mann som lener seg ut av et vindu

Suel Kassembo har gått i kyrkjeasyl i Herøy. Han er redd for å bli sendt ut av landet med makt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Støttespelar

Sjefen for Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, har i ei årrekkje vore ein av støttespelarane for Suel Kassembo og har arbeidd for at han skal få opphaldsløyve i Noreg.

Det årelange arbeidsforholdet har vore eitt av momenta Kassembo har brukt som argument for å få opphald. No blir altså Runde Miljøsenter saksøkt nettopp for dette.

Tidlegare biskop Gunnar Stålsett blei 2019 dømd til fengsel for å ha tilsett ei vaskehjelp som ikkje hadde lovleg opphald i landet.

Publisert 18.11.2025, kl. 07.51

Read Entire Article