Høg lynaktivitet i juli: – Kan ende opp med eit toppår

22 hours ago 6



Lynaktiviteten i juli har vore uvanleg høg i 2025.

Med over 241.000 registrerte lynnedslag er lynaktiviteten fem gongar høgare enn same månad i fjor, ifølge tal frå Meteorologisk institutt.

Konsekvensane har ikkje latt vente på seg, og kraftnett, infrastruktur og folk har merka trykket.

Ei låve i Eidsbygda i Rauma brann ned til grunnen etter lynnedslag i område. 15 høns brann inne. I Loddefjord i Bergen mista ein familie huset sitt i brann på grunn av lynet.

Ein låve i Eidsbygda i Rauma er overtent. Brannvesenet jobbar med å redde bustadhuset like ved.

– Vi har jamt og trutt sendt ut farevarsel for lyn i heile juli, særleg etter at hetebølgja sette inn etter 10. juli, seier Geir Ottar Fagerlid.

Han vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Det er for tidleg å seie om 2025 blir eit ekstremår for lyn, men viss august blir like varm og lynfylt som juli, kan vi ende opp med eit toppår.

Allereie 1. august er det sendt ut farevarsel for mykje lyn i Nord-Noreg.

net

Farevarselet i Nord-Noreg vil gjelde frå fredag kl. 14.00-23.00.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Lynaktivitet over heile landet

Fagerlid peikar på varmen som den viktigaste årsaka til at det har vore så mykje lyn i sommar.

Varmluft inneheld meir fukt, og gir raskare skyutvikling og torevêr. Det er rett og slett dei perfekte ingrediensane for lyn.

Lynkart over Noreg 24.07.25

Den 24. juli fekk store delar av Noreg kjenne på heftig lynaktivitet.

Foto: Meterologisk institutt / NRK

Fagerlid peikar på at lynaktiviteten har vore spreidd over heile landet, utan ein spesifikk region som peikar seg ut.

– Typisk er det aust for fjella og Finnmarksvidda som får mest lyn om sommaren. Det er innlandsområda som får mest når varmen kjem, fortel han.

en side i en bok

Geir Ottar Fagerlid, vakthavande ved Meteorologisk institutt fortel om den høge lynaktiviteten

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Store konsekvensar for straumnettet

For energimontørane i BKK har sommaren vore alt anna enn roleg.

Dei siste 14 dagane har vore travle. Vi har skifta trafoar, ordna kabelbrot og hatt nok å gjere. Lynet har slått ut fleire komponentar, seier montør Odd Arne Langedal medan han står i ei grøft for å skøyte ein høgspentkabel.

En lastebil med kran

Odd Arne Langedal, montør i BKK, held på å grave ny grøft for å skøyte høgspentkabelen

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Langedal fortel at lynet ofte fører til overspenning som rykk utstyr i straumnettet.

Det kan treffe stolpar, trafoar eller nettstasjonar. Vi har skifta 8–10 transformatorar berre i juli.

Også avdelingsleiar Vidar Halland for montørane i BKK trudde juli kom til å bli roleg.

Men det vart det ikkje. Heldigvis har folk stilt opp frivillig, også på kveldar og netter, sjølv om dei eigentleg hadde ferie.

En lastebil med kran

Vidar Halland, avdelingsleiar for montørane i BKK fortel om ein travel månad

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Halland meiner nettet er godt sikra, men at lyn likevel gjer skade.

Vi har overspenningsvern, men det hjelper ikkje alltid når det slår ned rett ved ein transformator.

Forsikringsbransjen har registrert 17 500 skader etter lynnedslag dei siste fem åra ifølgje tal frå Finans Noreg. Nokre av dei er meir alvorlege enn andre, som dette huset som vart totalskadd.

Totalskadet hus fra lynnedslag, Einerkollen 27 i Loddefjord. Lynnedslaget og brannen skjedde 16.07.25

Eit familiehus i Loddefjord i Bergen sto tidlegare denne månaden i flamme

Foto: Nina Kausland / NRK

– Trekk ut stikkontaktane

Meteorolog Fagerlid minner folk om å ta torevêr på alvor.

Lyn kan starte skogrannar, slå ut straumen, skade elektronikk og i verste fall vere livsfarleg. Vi har sett dødsfall før. Så når vi sender ut farevarsel, bør folk lytte og ta forholdsreglar.

Montørane i BKK har også eit råd:

Trekk ut stikkontaktane når det er meld torevêr, seier Langedal. – Det er den enklaste måten å beskytte utstyret ditt på.

  • Hans Cosson-Eide, redaksjonsleder for klima og teknologi.

    Det store bildet: Tidligere vår og lengre sommer

    Klimaendringene skjer raskere i Norge enn resten av verden.

    Det har allerede ført til at våren starter tidligere enn før, og at sommeren varer lengre.

    Høres det idyllisk ut? Dessverre er det ikke gode nyheter.

    Sveip for å lese mer.

  •  Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Så mye tidligere

    I Oslo og flere andre steder i landet, starter våren nå ti dager tidligere enn den gjorde for 30 år siden, ifølge Meteorologisk institutt.

    I Kristiansand kommer våren hele 21 dager tidligere enn før.

    I tillegg sier meteorologene at sommeren har blitt lengre, og de varmeste sommerdagene har blitt varmere.

  • Kartet viser hvilke områder i en periode i april 2025 der temperaturavvik skyldes klimaendringene ifølge indeksen.

    Norge blir varmere

    Denne våren har temperaturene i Sør-Norge vært over normalen.

    Ifølge Climate Shift Index er det stor sannsynlighet for at de unormale temperaturene skyldes menneskeskapte klimaendringer.

  • Ikke bare deilige sommerdager

    Hetebølger fører til heterelaterte dødsfall flere steder i verden. FNs klimapanel sier utfordringene vil øke i takt med den globale oppvarmingen.

    Klimaendringene fører også til at andre typer ekstremvær blir kraftigere enn tidligere. I Norge har det for eksempel blitt mer styrtregn de siste årene, ifølge Meteorologisk institutt.

    Når det ikke regner, er tørke og økt skogbrannfare blant konsekvensene et endret klima kan føre til. Et mer uforutsigbart klima kan bli utfordrende for jordbruket vårt.

Publisert 31.07.2025, kl. 19.51 Oppdatert 31.07.2025, kl. 20.39

Read Entire Article