Fram til no har det vore gratis kaffi for tilsette i kommunen, men det blir det kanskje slutt på. Det reagerer Fagforbundet på.
Publisert 20.11.2025 15:26
«Litt dyrare for smakens skuld».
Du kjenner kanskje att ordtaket frå Evergood-reklamen. No blir dette ein realitet for dei 2150 tilsette i Færder kommune.
Kommunen må spare 90,8 millionar kroner i 2026. Innan 2030 må det sparast 160 millionar kroner.
Eit av dei føreslåtte tiltaka er å kutte ut gratis kaffi til dei tilsette i kommunen. Dette skal gje ei innsparing på 1,3 millionar kroner.
Tønsbergs Blad skreiv om saka først.
– Litt småleg
I ei NRK-undersøking som blei gjort i mars, svarte 75 prosent at dei får gratis kaffi på jobb.
– Vi synest det er litt småleg å ta vekk kaffien til dei tilsette. Det sparast som berre det i kommunesektoren elles, seier leiar i Fagforbundet, Helene Harsvik Skeibrok.
– Nokre gode bør ein kunne ha, legg ho til.
Skeibrok meiner ein ikkje kan snakke om at det sløsast i offentleg sektor når det blir kutta i tilbod som gratis kaffi.
– Det seier noko om kor krevjande kommuneøkonomien er, når ein går på dei detaljane der, seier Skeibrok.
Skal betale 50 kroner
Ifølge Tønsbergs Blad skal tilsette som vil ha kaffi på jobb betale 50 kroner i månaden. Tilsette som har ein stillingsprosent på 50 eller mindre skal betale 25 kroner for kaffi.
Kommunedirektør Kristin J. Kirsebom seier til TV 2 at kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon, og at dei vurderer «alle moglege tiltak som kan bidra til ei meir berekraftig drift».
– Forslaget om å redusere kostnadar knytt til kaffiordninga er eit av mange tiltak som til saman kan gje nødvendige innsparingar, seier Kirsebom.
Ho understrekar at forslaget ikkje er vedtatt enno, og at det skal behandlast politisk.
– Eg har forståing for at Fagforbundet reagerer, og eg er einig i at gode velferdsordningar for tilsette har betydning både for trivsel og for arbeidsmiljø, seier Kirsebom.
– Samtidig må vi som kommune ta ansvar for heilskapen i økonomien og sikre at vi brukar fellesskapets midlar på ein måte som gjer oss i stand til å oppretthalde gode tenester til innbyggarane, legg ho til.
Kirsebom avsluttar med å seie at samarbeidet med dei tillitsvalde opplevast som konstruktivt, og at innspela frå dei er viktige i prosessen vidare.












English (US)