Kåra til Årets trenar – no er han ferdig som Brann-trenar

2 hours ago 2



Det vart eit kort innhopp som Brann-trenar for Leif Gunnar Smerud.

Tysdag kveld melde klubben på sine nettsider at dei går kvar sin veg.

Då hadde det gått mindre enn fire månader sidan at han blei annonsert som arvtakaren etter Martin Ho, 1. august i år.

– Etter sesongen har me hatt gode samtalar, som viser at me tenker ulikt om vegen vidare, skriv klubben om avgjerda.

Årets trenar, gull og Europa

Beskjeden kjem etter ein sesong med svært gode resultat.

I Toppserien fekk dei gullet heim til Bergen, og laget vann alle kampane i Toppserien etter at Smerud tok over i august.

Dette sa Smerud etter gullfeiringa i haust.

Sigersrekka og gullbragden sikra Stavanger-mannen tittelen som Årets trenar i Toppserien.

Under Smerud sette òg laget tilskodarrekord, då heimesigeren over Manchester United blei den best besøkte kvinnekampen i Noreg.

Den kampen trekkjer Smerud fram i det han kallar «ein historisk haust», som han seier han er stolt over å ha vore med på.

– Sjølv om ein går inn i noko med dei aller beste intensjonar, så veit alle som har hatt nokre jobbar, at det ikkje er alt ein ser før ein har tatt fatt, seier Smerud i pressemeldinga.

– Eg vil takke spelarane, støtteapparatet, klubben og supporterane for tida saman – og ønsker Brann alt det beste vidare.

Publisert 25.11.2025, kl. 20.25 Oppdatert 25.11.2025, kl. 20.45

Read Entire Article