«Katastrofalt» mange oppdrettsfiskar døyr, men desse får ros for god fiskehelse

1 month ago 22



– Det som går igjen hos oppdrettarane som driftar godt, er stort fokus på biosikkerheit og gode avlusingsstrategiar. Det gir låg dødelegheit, god helse og god velferd, seier spesialveterinær Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua Kompetanse, som også er styremedlem i Veterinærforeininga.

17 prosent av all oppdrettsfisk i Noreg – altså kvar sjette fisk – døyr før slakting.

Det viser den årlege fiskehelserapporten som det statlege Veterinærinstituttet la fram førre veke.

Verst er det på Vestlandet: I området frå Karmøy til Sotra døyr heile 25 prosent av fisken – altså kvar fjerde fisk.

Dette området er i tillegg «raud sone», fordi det er så mykje lakselus i fjordane at staten har pålagd oppdrettsanlegga å redusera produksjonen.

Men to oppdrettsselskap i akkurat dette området har klart å gå mot den negative straumen.

– Lær av dei gode

Lingalaks AS i Norheimsund har dei siste sju åra hatt fiskedødelegheit under landsgjennomsnittet, og var i 2022 nede i seks prosent.

Også Alsaker Fjordbruk AS på Tysnes har halde seg stabilt under snittet for all fiskeoppdrett i landet.

No får dei ros frå veterinærmiljøet, som ber alle oppdrettsselskap læra av dei som klarer å driva med god fiskehelse.

Er ikkje fokus på biosikkerheit og gode avlusingsstrategiar opplagde ting for alle oppdrettsselskap?

– Jo, men det er ulike strategiar ute og går. Enkelte lukkast, mens andre kanskje ikkje heilt gjer det, seier spesialveterinær Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua kompetanse og Veterinærforeninga.

– Er det snakk om flaks?

– Eg trur ikkje det går an å drifta godt berre basert på flaks. Men ein kan ha uflaks trass i god drift og førebygging, seier Bjerke.

Til og med dyrevernarar rosar mange oppdrettarar:

– Nokre produsentar drar den gjennomsnittlege dødelegheita dramatisk opp, men dei aller fleste klarer å halda dødelegheita relativt låg. Då treng me å læra av dei, seier senior fagrådsgjevar Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Susanna Lybæk, senior fagrådgiver, Dyrevernalliansen

– Lær av dei gode, seier Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Foto: Magnus Thorén / NRK

– Bør ned i fem prosent dødelegheit

Begge er kritiske til at fiskeoppdrettarane i området deira har skyhøg dødelegheit.

– Det er ikkje så kjekke tal å sjå, seier fiskehelsesjef Kari Lillesund i Alsaker Fjordbruk.

– Dei totale tala for bransjen har gått feil veg. Det er uheldig, og ikkje bra for bransjen totalt sett, seier dagleg leiar Nina Møgster i Lingalaks.

– Kva er akseptabel dødelegheit?

– På landsbasis må me ligga under 10 prosent, og kanskje ned mot fem prosent i det lange bildet, seier Møgster.

Lillesund seier det ikkje er så lett å svara på kva Alsaker gjer som er rett.

– Å unngå avlusingar, ikkje få sjukdom og ikkje spreia sjukdom. Og at me er gode til å snu oss rundt når det trengst.

Kari Lillesund

Alsaker Fjordbruk har lite fiskedød, men fiskehelsesjef Kari Lillesund blir «aldri fornøgd».

Måler fiskehelsa kvar veke

Møgster seier det er vanskeleg å svara på kvifor andre selskap lukkast dårlegare.

– Me jobbar veldig målretta med førebyggande fiskehelsearbeid. Me overvakar velferda i merden og gir velferdssituasjonen score kvar veke. Det brukar me til å gjera gode vurderingar og tiltak. Derfor trur eg me fangar opp ting ganske tidleg, før me eventuelt får auka dødelegheit på fisken.

Og så rosar ho staben sin, som ho seier verkeleg bryr seg om fisken og at han skal ha det bra.

– Me er òg opptatt av at fisken skal ha ein god diett: eit fôr som dekker behovet til fisken gjennom alle ulike livsfasar.

Nina Møgster, dagleg leiar i Lingalaks

– Lingalaks gir velferdssituasjonen score kvar veke for å fanga opp utfordringar tidleg, seier dagleg leiar Nina Møgster.

Foto: Lingalaks AS

På spørsmål om Alsaker og Lingalaks har hatt flaks og mange andre uflaks, svarer Møgster:

– Opplever du at andre selskap kan eller vil læra noko av dykk?

– Ja, andre selskap er nysgjerrige på kva me gjer. I området vårt er det veldig godt samarbeid. Me delar veldig mange erfaringar.

– Det er viktig at flest mogleg rundt oss lukkast. For vår eigen del, men òg for bransjen og omdømmet vårt.

– Me blir aldri fornøgd

Møgster understrekar at også Lingalaks har hatt uheldige hendingar og utfordringar.

– Det må me læra av og heile tida gjera ting betre enn tidlegare.

Lillesund stemmer i:

– Me blir aldri fornøgde heller ikkje me er i mål så lenge me har dødelegheit som me på ein måte kan klara unngå.

Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua Kompetanse

Hanna Sæteraas Bjerke i Aqua Kompetanse meiner styremaktene må krevja god fiskehelse før oppdrettarane får auka produksjonen.

Foto: Aqua Kompetanse

– Ikkje tillat vekst viss mange døyr

Bjerke i Aqua Kompetanse og i Veterinærforeninga er kritisk til at god fiskehelse ikkje er eit kriterium i det såkalla «trafikklyssystemet» for fiskeoppdrett.

– Produksjonsvekst og høg dødelegheit heng verkeleg ikkje saman, meiner ho.

– Dette er i dag berre basert på miljøparameter som lusemengde, og dekker ikkje fiskehelse i det heile. Det har ingenting å seia om du har høge dødelegheitstal eller dårleg helse i anlegget ditt.

– Kvifor ikkje?

– Det må du spørja politikarane våre om.

Publisert 24.03.2024, kl. 16.44

Read Entire Article