Tusenvis demonstrerte mot nytt forslag til «agentlov» i Georgia

2 weeks ago 15



«Eg vil ikkje vere endå ein murstein i den russiske veggen!»

«Hugs kven den verkelege fienden er!»

Desse er to av kampropa som lydde frå den enorme folkemengda i den georgiske hovudstaden seint søndag kveld.

Stort oppmøte i Tbilisi søndag kveld.

AP

Tusenvis av demonstrantar marsjerte gjennom Tbilisi for å demonstrere mot forslaget til «agentlova» som blir teke opp på nytt i nasjonalforsamlinga tysdag.

Dersom det blir vedteke, betyr lovforslaget at organisasjonar i Georgia som for meir enn 20 prosent av inntektene sine frå utlandet må registrere seg som «utanlandske agentar».

Dei som nektar vil bli bøtelagde.

-

To georgiarar får helsehjelp etter å ha blitt spraya med tåregass under demonstrasjonen søndag.

Foto: GIORGI ARJEVANIDZE / AFP

Det styrande partiet, Georgisk draum, blei tvungne til å droppe eit liknande lovforslag kring denne tida i fjor. Også då samla tusenvis av folk seg i gatene for å stoppe det.

Kritikarar samanliknar forslaget med russisk lovverk, som har ført til at mange velgjerdsorganisasjonar i Russland har blitt utestengde.

Georgia grensar til Russland i nord, og Armenia, Aserbajdsjan og Tyrkia i sør.

Eit hinder for EU-ambisjon

EU-parlamentet har vore tydeleg om at lovforslaget ikkje kan sameinast med europeiske verdiar og må trekkast for at Georgia skal få godkjent eit eventuelt medlemskap.

Men det er usannsynleg at Georgia kjem til å bli medlem av EU i noko nær framtid, sa formannen i det styrande partiet for vel ei veke sidan.

Demonstrantar held opp ei fane der det står "ja Europa"

Dei fleste georgiarar vil bli medlem av EU, ifølge ei undersøking som blei gjort desember.

Foto: Reuters

– Sist desember blei vi eit kandidatland. Det neste steget er å bli med, sa Irakli Garibasjvili då ifølge Politico.

– I dag er vi ikkje klare til å bli eit medlemsland.

Nesten 80 prosent av det georgiske folket vil at landet skal bli med i EU, ifølge ei avstemming som blei utført av det Nasjonale demokratiske institutt i desember.

Irakli Garbashivili

Garibashvili seier at Georgia ikkje er klar for å bli med i EU, slik situasjonen er i dag.

Foto: HANDOUT / AFP

– Vil vise familien kvar eg står

– Det finst hundrevis av slike velgjerdsorganisasjonar som har gjort så mykje bra for Georgia, sa demonstrant Nika Shurgaia til Reuters. Han fryktar at mange av dei kan bli stengde.

Nyheitsbyrået møtte også Levan Jobava i folkemengda søndag kveld.

Politifolk under demonstrasjonen i Tbilisi

Lokalstyresmaktene i Tbilisi sette opp vegsperringar i forkant av demonstrasjonen søndag. Det var også mykje opprørspoliti til stades.

Foto: AFP

– Eg vil vise familien kvar eg står: nei til Russland, og at vår veg og framtid er i Europa, fordi vi treng det europeiske rettssystemet og europeisk orden.

– Der er det slik at systemet tener folket, og ikkje det omvende.

Publisert 29.04.2024, kl. 06.41 Oppdatert 29.04.2024, kl. 06.50

Read Entire Article